Lørdag 16. Januar 2021 - 13:30 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet. ![]() |
KvednahusetEtter kvart blei steinformasjonen reven bort og få visste at her hadde stått kvernhus - som gutungar rodde me til Kvednavågen.
Heilt oppe i Skufledalen ved utemarksgarden vistes også antydning til murformasjon etter kvernhus. Her var det lett å demme opp og få vatn. Nedslagsfeltet kjem heilt frå Vikastølen og utmarka rundt Hølen, så det mangla ikkje på vatn. Det neste kvednafallet ligg aust i bygda. Her var det 3-4 kvernhus. To av dei stod heilt til etter 1945. Her var det heller ikkje mangel på vatn. Vatnet her kom frå Storestemmen. Demningen låg like ved Sundsvegen og var bygd av treverk. Den var lett å åpne og stengje. Ellers var det demningar lenger nede, kalla Litlestemmen. Her var det store vassmengder og nok vatn til kvernbruk for heile hausten. Eit tørkehus låg også i nærheten, men drivkraften kom frå ein annan bekk. Eg (f.1919) minnes at eg og kameraten Kåre rodde som gutungar til Kvednavågen. Derfrå gjekk me opp til kvednahuset og såg på ein mann som malte korn. |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||