Tirsdag 20. November 2018 - 13:03  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Skjøte

Dokument som overfører eigedomsretten til ein ny eigar.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Drikkelag

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 86_7_103
Skrevet av Elias Vaage - 22.04.2008

Ikkje berre i losje og fråhaldslag var det motstand mot alkohol og drikkelag. I Avaldsnes hadde me ei myndig kvinne.

 

 
*****
 

Kathrine Vatnem budde i eit gamalt hus nede med vegen til kyrkja.
    Då ho fortalde dette (i 1950-åra) budde ho i eit nytt hus nærare Velde. Forutan å vera ”lærar” for evneveike i bygda, var ho sterk motstandar av drikkelag: ”Eg sa det med far, at no ville eg ha slutt på dette ’koret’ som samlast her i helgane.”
    Men far var ikkje viljug til å slutta med det. Så var det ein dag eg gjekk opp på salen, fortalde Kathrine. Eg drog ut ”sponsen” (avtappingspluggen). Og vinen fossa utover golvet og nedetter kjøkenveggen og utover golvet der. Men då vart det slutt på drikkelag og ”kor”, fortalde Kathrine.
    Fråhaldsaka har stått sterkt i Avaldsnes og Torvastad. Det heitte seg at alle på Karten (Nord-Karmøy) stod i losjen. Ja, kjenneteiknet på ein ”kartabu” var at han stod i losjen og hadde sykkel!