Tirsdag 20. November 2018 - 13:25  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Skjøde

Dokument som overfører eigedomsretten til ein ny eigar.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Dale >> 8_3 Fornalderfunn >> Fornminner
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Fornminner

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 137_8_301
Skrevet av Nild Dybdal-Holthe - 06.04.2008

I 1966 fekk Bjarne Dale brev frå Arkeologisk Museum i Stavanger med oversyn over ”fortidsminne” på eigedomen. Dei var freda og måtte ikkje øydelggjast. Men det kunne henda at det var fleire slike minne på garden.


Dei var òg freda. Eit fortidsminne er eit ”servitutt”, skriv Odmund Møllerop ved museet. Og det var eit ”lyte” som eit berg eller anna på garden som reduserer utnyttinga av garden. Nye eigarar må gjerast kjende med dette.

Gravhaugar
Ein gravhaug var fjerna og ein var att på grensa mellom Dale og Håland. Haugen i nord var ein låg, flat rundhaug. Ein kan sjå han klårt i sør og aust og noko bratt i vest medan han i nord går over i terrenget. Farbror til Bjarne Dale fann ei urne her med oske i jorda for om lag 80 år sidan i 1965, dvs. ikring 1885. Den vart sett ned att i haugen.
Den andre haugen her ligg på ein naturleg kolle som heiter Resehaugen, ikr. 35 m sør for det første. Før har han vor ein del høgare. Folk har køyrt ut lassevis av stein frå denne haugen tidlegare. På toppen av haugen er det spor etter graving, dvs. ei forsenking. Her ligg det att 10 kampesteinar ”som folk ikkje har rådd med”, står det i utgreiinga om haugane.
Desse to haugane ligg på ei nord-sør-gåande line med i alt 5 gravhaugar som er meir eller mindre sletta. Dei ligg på høgdedraget aust for innmarka på dale og i dalsida sør for bygdevegen.
Ei segn seier at det ein gong stod eit skrin av purt gull mellom eller nær haugane. Når sola stod i vest, skein ho gjennom nøkleholet på skrinet. Dette synest å vera segna om kong Augvald sitt gullskrin på Kongsheia i Avaldsnes, som ein har lånt her.

Hustuft
I 1965 fann dei òg ei mogeleg hustuft og fleire heller. Dette låg på i flat eng som er kalla Steinsland. Ho ligg 80 m rett sør for driftsbygningen på garden, og 20 m. vest for bygdevegen. Bjarne Dale fann ikr. 1950 ei rekke svære heller, men dei fleste er tekne opp. To-tre av dei største ligg att i jorda, dei er om lag 1, 5 m breie. Under nokre av dei fann dei kol og oske. Her fann dei ravringar i ein potetåker, sjå nedafor.
Dei skriv i denne orienteringa av ”en kan regne med hovedgården på Dale alltid har ligget omtrent hvor husene på br. nr. 6 nå er”. Dei eldste brukarane har då truleg budd nett her.

Gravrøys
På same tid fann dei ei gravrøys som er sletta i ewit kupert, dyrka område med utsyn til husa på garden og med eit glimt av sjøen i vest. Staden heiter Steinslandshaugen, og han ligg 160 m rett sør for husa på bruket og ca. 30 m vest for bygdevegen. På denne bergknausen meinte Bjarne Dale at det skal vera ein gravhaug, men han er borte nå. Knausen er høgast i vest, og der skal gravhaugen ha vore. Matias Persen Dale fann eit spinnehjul og ein gullring på denne haugen ikr. 1915, men ein kjenner ikkje til kor dei vart av.

Perler
På bruk 6 fann dei òg nokre perler av rav og jet og glas, og alle er typiske for vikingtida. Museumsstyrar Nils H. Tuastad skreiv i september 1959 at perlene var i Haugesund Museum. Dei hadde ikkje hatt så fine ravfunn frå vikingtida utstilt der før.

Vedlegg:  

  • Lov om fortidsminner, av 1951. (Direkte til Googletreff)
  • Lov om forminne – brigde av 1963.
  • Bilete av perler.