Søndag 18. November 2018 - 00:53  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Laup

Mål for smør, brukt om skyld på jord. 1 løp smør = 17,93 kg.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Grønningen >> 7_5 Minner om utvandrere >> Utvandrarar frå Grønningen
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Utvandrarar frå Grønningen

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 134_7_501
Skrevet av Nild Dybdal-Holthe - John Karsten Vedø - 05.04.2008

Folk flyttet mykje på seg i eldre tid òg. Men grunnen var ofte då at dei ville skaffa seg ei utkome, slik at dei reiste ut av naud eller tvang.


Hardanger
I 1711 flytte Anna Thomasdt Wegner til mannen sin i Alvsåker i Hardanger. Far hennar var død fjorten år før. Sjølv om Hardanger ikkje var utanlands, var kanskje ei slik reis som emigrering å rekna nå. I så fall var Anna den første på garden som drog så langt ut.

Til Irland, England og USA
Annleis var det med Tore Jonsen f. 1828. Han var ei tid handelsmann ved Grøningsjøen. Men han braut opp og drog til Irland og slo seg ned i Dublin.

Nils Jørgen Johnsen (1850-1933) (#134_7_503) reiste til Grimsby i England bare 16 år gammel. I bygdeboken for Torvastad står det at han reiste som "guide" med engelske båtar i Noreg. Han var trolig kjentmann på engelske fiskebåtar, ikkje turistguide. Hans etterkommere sier han jobbet som fisker og fiskeskipper.
Han gifta seg med Charlotte (Lotte) Godfrey fra Grimsby i 1873. Nils og Charlotte fekk 7 barn, og har stor etterslekt i England. Ein finn også etterkommerane hans i USA, Australia og New Zealand.

Bror hans, John (1843 – 1932), var òg ei tid i England (ca. 14 år), han blei kalla "Engelsk-Jone". I 1881 bodde han i Grimsby (kilde: 1881 folketelling for England). Han gifta seg med Mathilde Teiler (1860 - ca. 1944) frå Grimsby, ho vart kalla "Tilly Grimsby". John og Mathilde bodde seinare på Grønningen.

Ein annan bror, Thore Johnsen (1861-1942) (
#134_7_504) utvandra til Amerika i 1889 og vart prest der. Thore tok etternamnet Gronningen då han utvandra. Han gifta seg med Anna Regina Burseth (1870 – 1933), og dei fekk 6 barn. Etterkommerane til Thore bruker fortsatt etternamnet Gronningen.

Elles var det mange som utvandra for ein kortare periode for å tena pengar t.d. for å byggja hus eller kjøpa gard.