Tirsdag 20. November 2018 - 13:15  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Festerøl

Trulovingsgilde.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Vikene >> 7_4 Minner fra krigen >> Vikene og krigen
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Vikene og krigen

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 76_7_401
Skrevet av Rasmus Skeie - 05.04.2008

Tyske tropper inntok Vikene og store deler av Kvalavåg våren 1941. Då vinterkulden kom, vart løe og sjøhus brukt til brensel.

 


Frå fyrste krigsåret vart ledige hus okkuperte, og det var straks å frykta at Vikenehuset kunne bli tatt. Det vart difor vurdert om noko av innbuet skulle fjernast. Eg minnest serleg skomakarutstyret som var på nordre salen. Johannes Vikene
è #76_3_301 hadde nok langt på veg vore sjølvhjelpen med skoty til seg og sine. Det var kjenslemessig vanskeleg å bera noko av inventaret vekk. Alt stod på sin plass, og høyrde til nettopp der, - og elles var det jo ikkje sikkert at huset vart tatt. For å gjera eit kvart til sikring, vart det sett ein hengelås på lemluka. Ein hengelås stansa ikkje den tyske hærmakta. Omtrent alt av innbu forsvann. Vikene vart, som ein stor del av Kvalavåg, ein tysk festning. Varige minner står i hopetal, som kanonstillingar, tilfluktsrom og bunkers. Ytterst på kanten vest for Vikenehuset, vart det ein kamuflert utsiktspost. Frå denne gjekk nedgraven telefonledning til sentral plass lenger inne. Støypte merkingar som viser ledningsgrøfta, er og blir synlege lenge. Ei stor vasskjelde med støypt topp, står òg som krigsminne i dalføret. Den store mengden piggtråd som måtte fjernast i etterkrigstida, vitnar og om sers lite ”gjestfrihet” i dette området, på den tid.