Tirsdag 20. November 2018 - 12:44  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Måg

Dottermann.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Karmlund Mølle

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 90_6_401
Skrevet av Aadne Utvik - 04.04.2008

På Fiskå kan vi sjå eit stort trehus like ved riksvegen mot sjøen. Der blei korn male til mjøl og gryn. Utanom verket i Visnes var Karmlund Mølle den største industriverksemda i gamle Avaldsnes kommune. Jakob Blikra (f. 1904) var medeigar og styrar ved mølla. I eit intervju fortel han om mølledrifta slik ingen andre kjende den. 


Dei eldste minnene

 

 Av gamle dokumenter framgår det at eigaren Tore Knutsen den 30. januar 1896 har selt eigedommen til Johan Knutsen Vorre med møllebruk, stem og vassrettar, ”en avgrenset eiendom nedenfor riksveien av 1874 med standlinje og kai.”   Prisen var 5.600 kroner for bnr.2.  Om Johan Knutsen har dreve mølla av betydning, det er vanskelig å finna ut. Men av dei dokument som hadde med Torvastadbanken å gjera, fant me ei auksjonskøyta frå 1907. Det skulle tyde på at mølla hadde brunne ned og at Torvastadbanken då hadde eigedomsretten. Dei har då selt den til ein annen eigar, som me ikkje kan finna ut kim er.  

 

Fiskå Havremølle og Fiskå Mølle

Mølla må igjen ha brunne ned i tidsrommet 1907-10, for i 1912 hadde Brødr. Helle, som eigde Tysse Mølle, overtatt eigedommen. Dei har nå bygd den opp igjen og dreiv mølla fram til 1915. Då blei det danna eit nytt aksjeselskap, som fekk navnet Fiskå Havremølle. Dei tilsette lensmann Sikveland i Avaldsnes som disponent for den mølla.   Så dreiv det nye selskapet mølla fram gjennom krigsårå (1. verdenskrig) og kom så langt som til ca 1920-22. Så gjekk det selskapet igjen konkurs. Og Torvastadbanken var igjen eigar av eiendommen. Så hadde banken denne eiendommen i godt og vel eit års tid.   Då blei mølla igjen selt, og då var det vår familie kom inn i bilete, i juli 1924. Dei nye eigarane var far, Ivar Blikra og dei to svograne til far, Laurits og Gunnar Heggen. Dei danna eit interessentskap for bruket og kalte det Fiskå Mølle. Innehavarar var brødrene Heggen og Blikra. Desse dreiv då møllå framover til 1934.  

Namneskifte

Nå forandra mølla navn. Grunnen var at det var Fiskå fleire plasser i landet. Men det som sjenerte oss mest var at det var ei mølle innpå Strand i Ryfylke. Den hette Fiskå, og poståpneriet hette også Fiskå. Brevene gjekk om einannan. Dette var kjedelige forhold som me ikkje kunne halda på med. Me fant ut at den einaste måten å retta på dette var å skifta navn. Me la dette fram for våre lokale myndigheter som var fullt ut enig i vårt syn.   Det gjaldt då å finna eit navn som var lett og brukelig. Me kom då til at om me tok vekk ”øy” i Karmøy og la til det stedet kor mølla låg, som var ein lund, så fekk me Karmlund.  Dette forslaget sende me då inn til ein navnekonsulent i eit departement i Oslo. Han antok navnet med ein gong og syns det var både lett og pent. Og dessuten var det sterkt distriktsbestemt. Så han anbefalte navnet. Samtidig sa han at dette var den einaste plassen i landet som hadde Karmlund som stedsnavn. Dermed ville det aldri bli plunder med feilsending.    Navnet Karmlund blei då brukt frå 1934. Det omfatta stedet med mølla og brevhuset, dampskipsstoppested (rutebåtar anløp mølla sin kai) og busstoppested. 

 

Eigarskifte og heilårsdrift

I august 1934 blei det igjen eit eigarskifte. Brødrene Heggen trekte seg ut av firma og far, Ivar Blikra, saman med andre i familien overtok då deira 2/3 parter. Det blei danna eit nytt aksjeselskap innen familien. Dei som var med i dette aksjeselskapet, var far, Ivar Blikra, og dei 3 sønnene, Jakob, Sigfred og Bård Blikra - og Olaf Øfstegård og Håkon Øfstegård som også var mine svograr. Dei ansette meg som disponent.   Det var klart at då me overtok mølla så var det ein forutsetning at me ville få den over til heilårsdrift. Tidlegare var det berre sesongdrift, som ikkje var leveleg for nåkon. Me hadde då ein tanke om å gå over til produksjon av havregryn.

Havregryn

Havregryn var ein ganske stor artikkel i den vanlige husholdningen i dei tider. Og me hadde maskinar som kunne produsera det.  Men det var også andre som var observant på denne store artikkelen. Det var vakse opp ikkje mindre enn 8–9 større og mindre havregrynsmøller, som hadde tatt fatt på produksjonen av havregryn. Me var klar over at det kunne koma andre, og derfor danna dei ein forening som blei kalt Havremøllenes Forening, som hadde som formål og stansa eventuelt nybygde møller. Dei var og så smarte at dei hadde fått inn ein klausul hos Korn- og melgrossistenes Forening. Der sto det at dei som kjøpte gryn av møller som sto utenfor foreningen, også blei boikotta for andre varer. Så klausulene var ganske harde.   Nå gjekk ikkje me den veien. Me gjekk den motsatte vei – ein tanke me hadde hatt i fleire år. Me ville pakka gryna i småpakningar på 1 kilo og ½ kilo, og så levera desse direkte til kjøpmannen i pakningar på 25 og 50 kilo. Dette blei svært godt mottatt. Og kjøpmannen hadde store fordeler av det. Dei slapp både posar og svinn og fraktutgifter – og det eine med det andre. Og dessuten så leverte me grynå til same pris som dei fekk hos grossisten. Og kunden fekk gryna til same pris som i laus vekt.   Dette gjekk svært bra og me fekk god respons på varene våre. Etter ei stund måtte me ansetta to kvinner som balte med pakking av havregryn. Nå gjekk dette godt hele veien. Då krigen kom hadde me ein ganske god maskinpark. Så me tålte den store påkjenningen som det då blei. # 90_7_401 , Mølla under krigen 

Endringar etter krigen

Etter at krigen var slutt så skulle me overta den gamle metoden som me hadde før krigen. Men det gjekk ikkje. Samfunnet var nå totalt forandra og det kom heilt nye bestemmelser og ordningar som ikkje passa med den produksjonen som me hadde (den gamle måten). Derfor måtte me måtte gå over til noko nytt for å klara dette. Me såg at utgiftene steig snarare enn inntektene. Den einaste løysning måtte vera å rasjonalisera.   Me tok derfor våren 1949 og stengde mølla heilt og ombygde totalt. Alle maskinar som måtte ha tilsyn fekk me på eit golv, slik at den som var maskinpassar kunne ha tilsyn med alle maskinene.

Oppfinningar  

Det store problemet var maskinane som hadde å gjera med tørking på den gamle måten. Det var plate-tørkaren som måtte ha tilsyn heile tida. Han som passa tørkene kunne ikkje brukast til andre ting, derfor måtte me gå over til heilt andre tørkemetodar.   Nå hadde eg i lengre tid tenkt på dei greiene der og tenkt at eg måtte få ein tørkeinnretning som kaltes gjennom-strømningstørka. Det vil sei at kornet vart overført ovanfrå og gjennom tørkå. Der ligg elementene i ei treangelform og kor den elektriske strømmen er kobla til. Så går den igjennom 3 etasjer. I sjølve tørka er det 3 seksjonar. Kvar seksjon får ei viss tilførsel av strøm som ein då kan bestemma styrkjen på. Det er bare å kneppa på ein termostat.  Det som er poenget her, er å få ut rådampen av kornet så snart som mulig, for det er det som gjer at me kan få eit ordentlig produkt. Derfor brukte me mest strøm på i første seksjon, reduserte strømmen i andre seksjon, og så regulerte me strømmen ytterligare i tredje seksjon for å få korn med rett vanninnhold. Det er for å få fram den fine aroma og smak som produktet skal ha. Det sette me nå i gang.   Dessuten skifte me ut ein av kveitemaskinane våre, for den var ikkje moderne nok, og kjøpte inn ein maleautomat som var heilt ny på det området, og som då lagde eit aldeles ypperlig mjøl. Det sto fullt på høyde med det som dei vanlege handelsmøllene lagde, når det gjeld kvaliteten på kveitemjølet  Då me nå hadde gjort alt dette så viste det seg at dei forandringane me hadde gjort - det var ein stor kapitalinvestering - svarte fullt og heilt til vår forventning. Og me kan og seia i dag at den tørka har ikkje hatt eit minutt driftstans i den 20-års tid som me hadde den.

Omleggingar i jordbruket - store investeringar  

Så gjekk det då framover med mottak av korn.   Men så kjem det ein total forandring i jordbruket, i det at bøndene nå ikkje lenger dreiv med gammeldags handarbeid, med kornskur og slikt noko. Nå kjem skurtreskar inn i bilete. Dei hadde den fordel og mangel, at kornet kunne variera veldig i vannprosent, frå 18-20% og heilt opp i 40%. Det var ein voldsom forskjell.   Dessuten kom kornet ureint inn til mølla, for det var mykje stubb og agner og litt av kvart som fylgde med. Det gamle mottaksapparatet som me nå hadde dugde ikkje på nokon måte. Så me måtte til med ein ny investering. Me skifte ut heile mottaksapparatet og fekk automatisk vekt og nye beholdarar og ei tørka, som nå hadde som oppgave å tørka kornet til lagringsvare som var15%, for deretter å gå ut i ein silo. Og me måtte setta opp ein 600 tonns silo for lagring av korn.  Då dette var gjort så blei det endå større driftsutgifter, naturligvis. Men for å imøtekoma jordbruket - og oss sjøl og - så måtte me altså gå til den investeringen. Mottaket frå 1950 og utover til 1965 svingte då frå mellom 7-800 til 900 tonn, etter som åra var, naturligvis. Men til tross for denne store kapitalinnsprøytningen, hadde me allikevel ei bra inntektsform og det såg ganske bra ut med alt samen.

Store endringar i lokalt arbeids- og næringsliv.

Men så etablerte storindustrien seg på Håvik (i slutten av 1960-åra) og mølla hadde då sett sine beste da’r. Der blei det mange og gode arbeidsplassar tilbudt, og det var nokså naturlig og rimelig at desse gardbrukarane som hadde lite og hadde vanskelig for å klara seg, dei fekk seg arbeid der borte (Alnor, seinere Hydro). Dermed blei mange bruk meir eller mindre nedlagde eller ombygde, slik at kornproduksjonen redusertes veldig.  I og med at me fekk industri, ikkje berre her, men også ellers overalt i landet, blei også vårt kosthold temmelig snart omlagt. Før hadde me kvinner som då var hima og stelte til maten. Dei gjekk nå inn i arbeidslivet. Dermed blei den gamle, gode husholdningen med tilberedning av mat borte. Det kom nye ting inn som var lettvindtare å få til. Dermed gjekk også den del av produksjonen som me balte med, for eksempel havregryn, radikalt nedover. Det var ikkje berre her, men over alt i landet.  På den måten hadde mølla sett sine beste da’r. Det var ein sannhet som me ikkje trudde på tidligare. For då krigen var slutt, så sa me at ein ting var i all fall sikkert, det var at bygde-mølleindustrien kom til å bli vedvarande gjennom lengre tider. Det holdt altså ikkje stikk.

Mølledrifta mot avvikling

Så var det om å gjera for oss å sjå koss me kunne ordna dette. Me dreiv mølla i 3 år med direkte underskudd, så me hadde ikkje verken til avskrivingar eller skattar. Me var klar over at me måtte sjå oss om etter andre måtar.  Den einaste måten var å forsøka å selja det me hadde. Til slutt kom me i kontakt med Rogaland Felleskjøp. Dei overtok så i 1970 og dei ga straks beskjed om at matproduksjonen kutta dei helt ut. Men dei ville fortsatt ta imot det kornet som avlast i distriktet, tørka det ned til lagringsvare og lagra det i silo, for seinare å ta det ut i porsjonar og levera det som grøpp på lageret sitt på Sakkestad. 

Takk: På fallrepet vil eg ved denne anledningen senda vår hjerteligste takk til dåverande ordførar (Kaare W.) Stange i Karmøy kommune og direktør Jone Vadla for god og uvurderlig hjelp for at dei kom oss i møte i distriktet, slik at mølla fortsatt er i drift og vert dreven etter deira meining. Me vil også takka alle våre handels- og leiemalingskunder for trufast samarbeid gjennom 37 år.  

 

(Intervjuet med Jakob Blikra er gjort av Else Fiskaaen og sendt 24.09.1985 i Radio 102. Sonen Ingolf Blikra har lånt ut kassetten og lest gjennom manus. Redigeringa er Aadne Utvik ansvarleg for.)