Torsdag 15. November 2018 - 22:29  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Matr

Matrikkelnummer

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Fiskå >> 7_4 Minner fra krigen >> Mølla under krigen
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Mølla under krigen

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 90_7_401
Skrevet av Aadne Utvik - 02.04.2008

Karmlund Mølle blei svært viktig under siste verdenskrig, då det var rasjonering og matmangel. Tyskerane ville ha kontroll over det malte kornet. Korleis skulle bøndene kunne få jukse til seg noko av kornet til eigen familie? Spørsmålet opptok også Jakob Blikra, som var styrar og medeigar i mølla. I eit intervju minnes han korleis kontrollørane blei lurte.


Ei stor mølle på Fiskå
Karmlund Mølle avløyste småkvednene i bygdene. I følge Statens Kornforretning sin rapport var me den største bygdemølla i landet. Me hadde ein representasjon av ca 4150 registrerte møllekunder eller kornkunder, fordelt på 52 herreder.

     Det var særleg kveite som blei dyrka i krigsåra her omkring. Kveiten kom i fokus straks før krigen, for Kornforretningen kom fram med denne korntrygden. Det viste det seg at det var ein fordel å dyrka kveite til eige bruk, eller til matbruk i det heile tatt. Og derfor kom kveitedyrking så hardt opp.

     Nå var det ikkje maskinar som kunne handtera den (malinga) nokon plass, og derfor kjøpte me inn kveitemaskinar, så tidleg som i 1937. Og det var det første kveiteanlegget her på Vestlandet.

     I distriktet dyrka dei både havre og bygg i krigen, og dei sortene var sjølsagt dominarande her. Men det var liksom kveiten som kom i fokus som matkorn. Dei andre sortene bruktes både til dyr og folk. Havren gjekk mykje til havregryn og sammalt havremjøl, og byggen bruktes mykje til grynmjøl.

     Me malte omkring 950 tonn i den tida, til folk her omkring. Til samanlikning med året 1984 (det var eit godt kornår) og då kom det 80 tonn til mølla.

     På grunn av mølla sin sentrale beliggenhet så hadde me eit veldig stort distrikt, frå Framfjord i Sogn i nord og til Helleland stasjon på Sørlandsbanen i sør. Me fekk særleg dei sortene som dei andre møllene ikkje kunne mala. Det var kveite til kveitemjøl og havre til havregryn.

Kornet hadde fin kvalitet

Ein kunne ikkje bruka alt kornet til matmjøl. Men det var mykje fint korn i den tida, fordi det ikkje var skurtresking. Det var skjæring med sigd og likeins med slåmaskin, for dei som hadde litt meir greia på det. Dette blei så oppsett i skru (fleire kornband blei sett opp mot kvarandre). Somt blei heskja og sett på staur. Det blei aldri tatt inn før kornet var "kornturt", som dei sa. Og så blei det nedlagt i stakk eller inne i løa. Og der låg det då til det blei modent, - ettermodning i halmen.

     Det kornet som då kom fram var ganske fint korn. Vannprosenten låg på 18-20%, og det er fint på desse kanter. Når me så fekk kornet, bedømde me det, og det som ikkje var brukande til folkamat, det gjekk då over til fôr.

Maling etter anvisning

Under krigen kunne dei ikkje få mala det dei ville sjøl. Dei måtte gå etter anvisningar som dei fekk frå forsyningsnemdene. Det gjaldt då for korn som blei innført til malings. Og det blei registrert alt saman og samanholdt med dei anvisningane som bonden fekk frå forsyningsnemda.

     Det blei fortalt at korndyrkarane lurte alltid vekk nokre kornsekker når dei skulle tryskja. Då blei det kanskje noko til ekstra mjøl og gryn. Og bøndene ville ha all slags mjøl. Dei trong også fôr til dyra. Men det som var fokus var matmjølet, og det var det som blei den store bøygen.

     Når bøndene kom med kornet, så hadde dei alltid mykje meir med seg enn anvisningen tilsa. Og me kunne ikkje føra inn noko anna enn det som anvisningen tilsa, for det var gjenstand for kontroll, og den hadde me veldig mykje ut av. Hard kontroll. Men me lagde til nokre greier slik at me kom oss klar det der, så dei fekk det dei hadde med seg tilbake. Noko var då innført som arealvare, og resten blei holdt utenom

Matkorn også til dei som ikkje dyrka

Den andre store bøygen var, om me kunne finna mat til dei som ikkje dyrka korn. Det var mange som kom, både fjernt og nær. Og eg hadde vanskeleg for å sei nei. Eg kan ikkje huska at det var meir enn ein mann som eg ikkje kunne finna var brukandes. For han var ein som eg ikkje hadde noko tiltru til, så han nekta eg. Men ellers fekk dei alle i saman. Og det blei mange, både gledestårer og takksigelser for det som dei fekk der.

     Men det som var vanskeligheten, og som ingen kom på, var kor skulle ein ta det mjølet ifrå som kom inn på den måten. Og det kan vera ein ettertanke til dei som fekk det, for eg vil ikkje oppgi koss eg fekk det til!

     Men nok om det, dei fekk både mjøl og gryn det dei ønskte, i den tida og. Så eg håpa me gjorde det bra på den måten. Men det kan eg trygt sei, at eg tok ikkje ein einaste kilo korn av nokon bonde som erstatning for det, så det har eg god samvittighet for, iallfall.

     Folk kom frå byen, og her på øynå var det ein heil del, naturligvis. "Strandsitjare", som me sa. Dei som ikkje hadde noko å dyrka kom og fekk i sekk og i pose, som det heitte. Han Haakon Berntsen bakte om nettene. Ein gong sa han: "Eg trur du skulle ha vakt om nettene, for der er ganske livlig trafikk." Så det må ha vore fleire folk som kom enn det som eg leverte ut.

Hard kontroll

Det som var hardt var den alvorlege kontrollen me hadde. Me hadde våre instrukser frå myndighetene, så vel norske som tyske. Og det var at det ikkje var tale om å mala ei kodna meir enn det som anvisningen tilsa. Det var det som var vanskeligheten. Derfor måtte me slutta med den vanlige porsjonsmalingen me hadde før og gjekk over til byttemaling. Det var noko nytt som ikkje forekom nokon plass tidlegare. Det var noko som eg pønsa ut.

     Når dei kom med kornet, så fekk dei mjøl samstundes, og dermed var det ikkje gjenstand for kontroll. For dei kunne ikkje sjå noko anna enn det som sto i bøkene. Og det som sto i bøkene, det var det som anvisningen pålydde. Så det gjekk bra.

     Men rasjoneringsmyndighetene var veldig harde. Og der var det slik at viss me hadde malt noko utanom det som var tillatt, så hadde dei varskudd om at då blei mølla stansa med ein gong og eg blei sett fast. Når eg tenkte på det ansvaret me hadde overfor folk rundt omkring oss, så syns eg at det ansvaret blei voldsomt tungt mange gonger. Eg måtte gå ganske fint i dørene for å få dette til og klaffa. Nå var det slik at dei aldri hadde hukka oss på nokon ting. Så det gjekk bra altså.

Ein spanande kontroll

Men ein gong kom ein kontrollør – han kom frå Skudenes. Eg blei god venn med møllaren der borte. Så ringte han opp, og så sa han: "Det er kon…", og så blei det stans. Og eg blei klar over ka det var for noko.

     Nå hadde me laga til ei skipslast til Hardanger Sunnhordlandske, godt over 500 sekk med mjøl som låg ferdig der oppe på lageret. Og det var ikkje ein sekk som var korrekt! Dei var gale alle. Der var mykje meir enn dei skulle ha. Så sa eg til han Sverre Leknes at nå kom det kontroll. Det var han som var mi høyre hånd då. "Jøye meg, ka skal me gjera med alt dette der oppe på lageret" sa han.

     Dette var ein laurdag, og me stansa klokka 12. Så sa eg at "la arbeidarane gå, så blir du med her og så skal me ordna med det til klokka blir halv 2", for bussen kom då. Så gjekk me i gong og pakka det godt i samen der oppe på loftet. Og så tok me og heiste opp masse med kornsekker som var komne inn den dagen. Så stua me dei opp alle veier. Så kom kontrolløren og knepte på dei, - og så var det korn kor han kom.

     Jo, dette gjekk bra. Kona hadde gjort reint hima den dagen, og hadde tatt ut både bord og stolar. Eg ringte til henne og sa at nå måtte hu laga til middag til kontrolløren, for nå kom han snart. "Å hjelpe meg," sa hu, "ka skal eg gjera nå." Så sa eg at "du får hiva det inn igjen. Det er ikkje noko anna å gjera. Og så lage du til middag."

     Og med det same han kom klokka halv to, så gjekk me him til oss for å få oss middag. Før han kom, hadde me fått stua om desse sekkene og fått det til som me hadde tenkt. Mi oppgava då, var å hefte han av så lenge me kunne, for han kunne ikkje reisa him før bussen gjekk klokka halv sju.

     Så gjekk me ned på mølla igjen, borti 4-5 tida. Han gjekk grundig igjennom bøkene, og lageret, og eg var der oppe med han kor eg hadde stua desse sekkene. Han såg på dei. "Er det korn alt dette," sa han. "Ja, det er korn alt samen", sa eg, "du kan berre kneppa på og letta på sekkene." Jo, han gjorde det, og fann ut at det var korn alt som var der. Så alt var gode greier.

     Men då han gjekk om kvelden, sa han: "Der er ikkje ei einaste mølla som kan seia seg fri for ikkje å mala noko utenom." Så svarte eg han, at "det kan vel ikkje kallast ein norske mann helle, det vel." Så sa han ingenting - og gjekk på bussen.

Då tyskerane kom til mølla

Tyskerane kom både titt og ofte til mølla og ville ha noko gjort. Me hadde fått dei same instruksene for dei: Me skulle ikkje mala noko til dei heller, uten at dei hadde "Bescheinung", som dei kalte det. Men det var ein unntagelse. Dei hadde ein svær hestastall inne i Grinde, der som Stemnestaden er i dag. Og dei gav ikkje hestane ei einaste havrekodn utan at det var valsa. Og det kom dei her med. Men det var altså tyskerhavre, altså ikke norsk. Så dei hadde me altså å valsa til. Der hadde me ikkje noko trøbbel.

     Men, så var det ein dag at det kom ein tysker. Han hadde ein sekk kveite med seg. Denne sekken var 50 kg. Og eg såg med ein gong tyskeren opna han, at det var norsk korn han hadde fått tak på – antageleg bytta til seg.

     Så spør han om han kunne få mala den sekken. "Ja, det kan du få," sa eg, "under den forutsetning at du har Bescheinung," Og så bles han oppi nasen. "Bescheinung", sa han. "Ja, nettopp," sa eg "det er den tyske vernemakt som har bestemt det. Så me får nok halda oss til den, både eg og du. Det er ikkje noko anna å gjera med det." Ja, han brydde seg ikkje om det, sa han. "Nei, nei," sa eg, "men eg helde meg etter ordrene, eg."

     Ja, han skjønte at det var ikkje noko å gjera med det. Og så spurte han om han kunne få setja den sekken borte ved døra. "Nei," sa eg, "ta han med deg." Det gjorde han ikkje. Så gjekk han og sette sekken borte ved døra då. Han skulle gå og henta denne "Bescheinungen". Så går eg bort og hive sekken ut gjennom dørene etter han. Det sto ein masse med folk utanfor. Dei var heilt øvegidde. Dei trudde visst eg var galen. Dei riste på håve berre.

     "Ja, ja," sa han, "du skal få høyra frå meg. Eg kjem att klokka 4." "Javel," sa eg, "det er greit det." Så gjekk han. Og eg gjekk him.

     Så var det som ei røst sa til meg: Ring Kornforretningen, så har du noko og gå på. Så ringte eg inn og sa ka eg hadde vore ute for, og ba om at dei måtte senda meg eit telegram til klokkå 4, "for då kjem han igjen," seie eg. Jo da, dei lovde det.

     Så gjekk me og svetta alle, til den tida der. Eg visste ikkje ka eg sku’ tru. Så då klokka var borti 4-tida gjekk eg inn på kontoret og sette meg. Og bessede så ringte telefonen. Så sa dei at det var telegram frå Kornforretningen. "Ja vel," sa eg, "venta litt." Så kom tyskeren med det same inn døra. Så ropte eg på han og spør om han ville komma over og høyra på telegrammet her. Så fekk han veta ka som sto der. Og så bles han. "Bescheinung," sa han, og så gjekk han. Han hadde ikkje den, altså.

Uten anvisning

Folk hadde mykje korn med seg som det ikkje var anvisning på. Ein dag kom ein mann med høyslede uten grindar på, og der var det mykje korn oppå. Han kom inn her, men anvisningen sto ikkje på nokon måte i forhold til den mengde korn han hadde med seg. Men me tok det som anvisningen tilsa og førte inn i bøkene og det andre han hadde med seg, fiksa me på den vanlege måten me gjorde. Og mannen fekk det mjølet han skulle ha i henhold til dei sekker han hadde levert inn.

      Då han sette seg oppå lasset, så syns han visst dette var meir enn mykje. Så sa han: "Viss dette går vel, så går allting vel. Men eg skal ikkje seia det!"

(Intervjuet med Jakob Blikra er gjort av Else Fiskaaen og sendt 21.05.1985 i Radio 102. Sonen Ingolf Blikra har lånt ut kassetten og lest gjennom manus. Redigeringa er Aadne Utvik ansvarlig for.)