Torsdag 15. November 2018 - 19:51  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Vett

Vekteining, brukt som mål for jor. 6 spann er 1 vett.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Meland >> 7_3 Sanger og stev >> «Bondepoesi»
Utskriftsvennlig format Tips en venn

«Bondepoesi»

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 94_7_301
Skrevet av Aadne Utvik - 05.11.2007

På en kalender var det trykt vers om Karmøy-fôret, dyremat som ble solgt på 1950-tallet

Kalendervise

 

Firma Peder Skeie på Dalen gav i mange år ut kalenderar til kundene. På kalenderen var det trykt vers om Karmøy-fôret, som var ein spesialitet for verksemda. #85_6_403.

 

Det var Rasmus Skeie som var versemakaren. Bøndene lika godt denne poesien, og ein kunne i mange år høyra dei som siterte eit og anna slåande vers utaboks om den gjæve dyrematen.

Noko liknade ”bondepoesi” er ikkje kjent frå andre stader. Dette er særmerkt lokalkultur, som også fortel noko om driftsmåtar i det gamle bondesamfunnet.

 

Frå fyrst i 1950-åra:

 

Eg er ein liten kosskalv, men sprek eg er som få,

kvar gong eg får ein mjølkeskvett er eg eit syn å sjå,

for matlysten tar overhånd, eg gløymer sed og skikk

og nasen set eg heilt til bonns i byttå når eg drikk.

 

Og Guri, som er matmor mi, ho seier ofte ”stopp,

din tulling, har du tenkt å eta heile byttå opp”.

Men slikt det tar eg heilt med ro, og tenkjer stilt som så:

eg tidsnok kan, som matlei ku, med ”husmannssykja” stå.

 

Nei, lat meg nå få tura på og eta som eg vil

så skal eg nok bli stor ein gong, bli alvorsam og gild.

For godt eg har å likjast på, - ho Dagros er mi mor,

og far min kom frå Hillevåg med sløyfa på i fjor,

og får eg stell som ku skal ha som er av slik ei ætt,

med kløver-høy og Karmøyfôr, som er den beste rett

så skal du sjå at mjølka som du etlar i meg nå

blir drope i det havet som du får tilbake då.

 

 

Merknadar:

  • ”Husmannssykja” er det same som ketose, kronisk melkefeber. Sjukdommen har vist ein auke når mjølkeproduksjonen har gått opp, samtidig med auken i forbruket av kraftfôr.
  • ”.. frå Hillevåg med sløyfa på..”: Det var utstilling av avlsoksar på Hillevåg, og dei beste vart premierte med sløyfe”.