Tirsdag 20. November 2018 - 12:26  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Bol

Bustad på gard.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Knut og Jossa

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 79_7_111
Skrevet av Elias Vaage - 05.11.2007

”Jeg kan i dag fortelle dere en gledelig nyhet”. Han venta litt til alle høyrde etter. ”Ja, for det er ein stor nyhet for Visnes.

 

Historier om Knut Samsonsen

 

Billedstøtta utforbi den gamle kontorbygninga ved Vigsnes Kobberverk er modell av den gamle visnesbuen Knut Samsonsen.

 

No var det slik at Knut Samsonsen hadde gått ledig ei lang tid. Lite malm var det å finna i Rødkleiv-gruva, og få var det som fekk arbeid der. Men ein dag traff han Jossa (det rette namnet var Josefine). Ho og mannen Østen Gudmundsen budde i eit lite raudt måla hus like ved Kobberverk sin kontorbygning.

(Ho og mannen var tippoldeforeldrene til ”Karmøys store sønn”, som Avisa skeiv nyleg. Ja i musikkverden står han mellom dei fremste pianistane - Leif Ove Andsnes).

 

Jossa hadde reinhaldet (vaskejobb) på kontoret. Ho hadde god høyrsel og fylgde godt med kva ledelsen for verket samtala om, seg i mellom.

Ein dag traff ho Knut. Ho meddelte han det ledelsen hadde tala om, at dei no hadde funne fine forekomstar av malm i Rødkleiv. Og dei snakka tydleg og i fullt alvor om å ta inn og auka arbeidsstokken betrakteleg.. ”Det er altså heilt sant”, sa Jossa til han Knut.

 

Så ein dag – dette må ha vore i 1924 – kom han Knut inn på krambua på Haugen. Dei bruka å samlast der, både gamle og dei som var yngre. Dei gamle fortalde historier som me unge tykte var gilde å høyra. Og i dag kom han Knut sprengfull av nytt som Jossa hadde fortalt han.

 

Når det var noko ekstra gledeleg eller alvorleg bruka han ofte ein setning eller to på bokmål: ”Jeg kan i dag fortelle dere en gledelig nyhet”. Han venta litt til alle høyrde etter. ”Ja, for det er ein stor nyhet for Visnes. Dei har funne eit stort malmfunn nede i gruå, og mange folk skal dei ta inn. Det er heilt sant altså. Og jeg vil ikke si hvem som har sagt det. Men ikkje trur eg hu Jossa lyge”.

 

Dermed spreidde det seg optimisme mellom alle som no gjekk arbeidsledige. Og ganske riktig – etter ei tid tok dei inn 80-90 mann. Nei, ho Jossa hadde nok ikkje løge. Og i perioden frå 1930 til 1945 var arbeidsstyrken heilt opp i 145 mann.