Onsdag 22. November 2017 - 00:29  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Bosleden

Som ikkje har gard å bu på.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Storasund >> 7_5 Minner om utvandrere >> Jenta med vosse-blod som “emigrerte” frå Iowa til Torvastad
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Jenta med vosse-blod som “emigrerte” frå Iowa til Torvastad

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 142_7_501
Skrevet av John Karsten Vedø - 25.03.2017

Denne artikkelen er basert på et avisintervju med Martha S. Storesund i siste del av 1950-tallet. Da var det 60 år siden Martha gikk mot strømmen og valgte Norge fremfor Amerika. Hun sa “Hima i Norge é det så møkje tryggere”.

 

Martha S. Storesund
Det er ikke så få av eldre menneske her på Karmøy som har levd mange av sine år i Amerika. Sjeldnare er det å finna nokon som er fødd der borte og har flytt til “gamlelandet”. Men for over 60 år sidan kom det ei ung kone med mann og tre born frå Amerika hit til Torvastad, og her vart ho buande seinere. Ho er fødd i staten Iowa i 1872 og heitte i sine barndoms- og ungdomsår Martha Johnsen, men her i bygda kjenner me henne som Martha S. Storesund, kona til Mathias Simonsen Storesund. Dei kom hit i 1897, og har alltid seinere drive handel, som sønene i dag styrer med (#142_6_308).
- Martha Storesund har vore einslig i mange år sidan mannen døydde. Men ei dotter bur heime hos henne og steller vel for gamle mor, og det var både varmt og koselig i stova då me her ein dagen såg innom til dei. Ho er frisk i tanken, gamle Martha, men må helst halda seg i stolen sin om dagene. Og nå vil me høyra på kva ho har å fortelja oss, om barndomsår i Iowa, og om “bureising” i Wisconsin, og om Indianarar som kunne vera både snille og fårlege.

Besteforeldra mine var fødd på Voss og reiste som nygifte til Amerika. Det må vera om lag 150 år sidan dei tok ut på den lange og vanskelige reisa. Det var vel slik på garden Møen på Voss som det var så mange stader, at sønene måtte ut for å finna seg ein leveveg og bygga opp framtida for seg og sine - og eventyrlandet Amerika skapte reine feberen mellom folk.
- Men å reisa den gongen var ikke som det er i dag. Dei måtte baka flatbrød av heimavla havrekorn til mat på turen, dei fekk med seg spekekjøtt og dei sytte for at drikka også var med; det var surmjølk i tunner! Og alt dette saman med klær og anna som høyrde med til ferdagodset, vart kløvja på hesteryggen frå Voss til Bergen.
- Her låg ei seilskute klar og venta på emigrantene, 20 i talet, som vilde over til eventyrlandet der langt vest.
Skuta var lasta med jern og emigranter - og det gjekk bra på turen like til dei nærma seg austkysten av Amerika. Då kom stormen over dei med orkans styrke, og riggen gjekk over bord. Men skuta og folket om bord vart berga, ein båt slepte dei inn til Quebec i Canada.
Oversiktskart.
- Så bar det oppover St. Lawrence-elva og inn i “leikane” (innsjøene) like til Michigansjøen, der dei gjekk i land i staten Wiscinsin. - Men ennå hadde dei eit stykke att å fara før dei kunne slå seg til ro, og denne siste delen av reisa gjekk med okse-spann og prærie-vogner. Dei kjøpte både okser og vogner, ein komfyr vart også kjøpt og sett inn i eine vogna, og her kokte dei maten sin så lenge turen varte.

Han bestefar var frå Møen på Voss og navnet hans var Lars Møen. Han vart ikke lenge i Wisconsin. Staden der dei “tok land” og bygde seg jordhytta, var ikke så bra til å bygga og bu på: Jorda var myrlendt og klimaet var dårlig. Ein kolera-epidemi herja mellom emigrantene og bestemor strauk med i den. Då braut bestefar opp og drog sørover med buskap og oksevogner og alt han åtte, saman med fleire av dei andre - og slik var det at dei kom til Iowa - “The Corn State” - kornstaten, som dei kallar han nå. Her kjøpte han 160 acres land for 14 dollars.

Den første tida i Iowa var det jordhytter å bu i. Eg har sjølv som barn vore inne i jordhytta han bestefar bygde og budde i. Det vart nå ikke så lenge før dei gjekk i gang med å bygga hus. Tømmeret voks i skogen like i nærleiken, og huset vart bygt av rundtømmer og står den dag i dag. Men vinduer, dører og golvbord måtte dei langt avgarde til Minnesota etter, 300 miles veg. Innbuet i husa var heimelaga: Sengene t.d. var laga av fire pålar med bord spikra på som ei avlang firkanta ramme oppå, og så var det tredd tau på langs og tvers gjennom håler i borda - og oppå der låg halmmadrassen. Slik var mi seng i barndommen.

I nærleiken av desse nye farmarane budde indianarane, fortel Martha. Og det var ikke berre fredelige dagar med slikt grannelag. Ein gong måtte bestefar hennar jaga ein indianer og skræme han med høygaffelen for at han ikke skulde reisa av med grisen som han heldt på og vilde stela.
-
Ein annan gong var dei på “krigsstien” - og då kom dei i lang rekka gåande - og når dei kom gåande ein og ein i rekka, då skyna farmarane at det var fåre på ferde. - Kona på denne farmen var ålene heime med tre born, ho tok borna med seg og dei fekk gøyma seg bort i ein åker før indianarane kom til gards. Då dei kom inn i huset etter at indianarane var farne sin veg, var det stole og borte alt som hadde noko verd. Men det kunne også gå på livet laust: På ein farm vart alle drepne av indianarane, med unntak av ei lita gjente som dei tok med seg.

Men med tida vart indianarane meir fredelige av seg, og eg kan minnas at eg ein gong vart beden inn i hytta til nokon som budde i nærleiken. Eg var den gongen sju år gamal, og eg hugsar ennå kor godt det lukta av steikt gås der inne. Dei hadde bål i teltet og der heldt dei på og steikte ei stor gås. Men dei åt nok ikke berre slik fin mat: Det var vanlig at dei også steikte rotter som dei fanga i fellene sine! Dei dreiv med fangst av bisamrotter og selde skinnet, men rottene vart steikt eller hengt opp ute i trea til spekekjøtt.
- Det var ikke berre jakt og pelshandel indianarane dreiv på med, dei var også flinke med mange slags handarbeid og laga korger og puter m.m.

Martha Storesund har også minne frå den tida ho gjekk i skule i Iowa, ofte i djup snø i kalde vintrar gjekk dei til skolestova. Denne var av rundtømmer og så full av trekk og så bitende kald vinterdagen at skulematen stundom var frosen når dei skulde til å eta. I omnen fyrte dei så han lyste raudt, men borte med glaset kunde det vera isende kaldt. Dei hadde det nokså fritt: Kunde byrja skulen når dei vilde det! Skulen varte i vintermånadane frå oktober til mars kvart år, og det var ei amerikansk lærerinne.

Kyrkja hadde dei ikke, men skolehuset vart brukt til kyrkja når presten kom på vitjing. Det var den Evangelisk Lutherske Kyrkja dei høyrde til, og presten var norsk.
Han hadde eit stort distrikt å fara over og kom kjørende med hest og vogn når han var på ferd rundt til dei små norske kyrkjelydane som han var sjelehydring for. Presten heitte Hagbarth Engh og det hende han natta over hos Lars Møen.

Det var nokså lang veg når bestefar skulde til byen. Nærmaste byen heitte Algona og dei trong ein heil dag å kjøra dit. Så brukte dei ein dag å handla på og tredje dagen bar det heimatt. Då hende det at dei som heime var sette ei lampe i glaset om kvelden, så mykje at bestefar ikke skulde fara vill i mørke. Det var ikke veg den gongen og ein kjørte over vide prærien. Elles så trong ein ikke ofte reisa til byen, for på farmen dyrka dei korn og av budskapen vart det både mjølk og kjøt, og elles alt det som jorda gav åt folk og fe.

Kart som viser Estherville og Algona.
Men åra gjekk, og vesle Martha var blitt vaksen og gamle bestefar hadde vel lete over styr og stell til dei unge på farmen. Då kom det ein ung nordmann til Iowa, ein “tarvasta-bu” var det. Han heitte Mathias og var son til Simon Storesund. Gamal karen var han ikke første gongen han kom over, snaut 15 år gamal, og lenge blei han der ikke heller: han reiste heimatt til Norge etter eit par år. Men kva det var som gjorde at han ikke fekk ro på seg meir på Storasund, skal vera usagt. Nok er det: Før han var 18 år gamal, finn me han på ny i Iowa - og i 1893 den 6. Dag i desember måned - som det står i “Serticat” på veggen, vart Martha Johnsen og Mathias Storesund ektevigde i Estherville av pastor Engh i Evang. Luth. Church. “Sertifikatet” heng i ramma på veggen, og det er eit fint dokument - på lag som eit vakkert diplom - med høgtidelig tekst på engelsk og med underskrift av pastor Engh og to vitner.

Og så vart det ikke lenge før Mathias fekk heimlengten på ny. Han kunne ikke trivst i Iowa med fårlege sykloner og svære torever - “hima i Norge e de så møkje tryggere”, sa han. Og så reiste dei heimover i 1897 med tre born, den minste var berre tre månader gamal den gongen. Det var Lorentz som nå i fleire år har styrt med foretninga på Storasund.
- Turen gjekk med “Mauretania” til Liverpool, over til Hull med tog og derfrå til Kristiansand, med ein Wilsonbåt. Frå Kristiansand fylgde dei kystruta til Haugesund, og så over sundet til Storasund med gamle “Karl”.

- Så var reisa slutt, og Martha kan sjå tilbake på eit langt og lukkeleg liv. Slik kjennest det for den som høyrer på henne og ser henne i stova nå i alderdommen: Ho har den gode alders kruna på, den kristne rettferds prydnad! - Og no kan sjå seg i kring og gleda seg over at born og barnaborn steller seg fint, og at den vesle landhandelen dei tok til med på Storasund er blitt til oljestasjon og skipshandel med leveveg for mange. Og kanskje går tankene til sonesonen, han Mathias, som for nokke år sidan reiste til USA og bur i Iowa saman med skyldfolket hennar der borte. Han har også vore i den gamle tømmerstova som tip-oldefar hans bygde i Iowa.

Kilde: Haugesunds Avis/Nord-Karmøy Historielag