Torsdag 12. Desember 2019 - 17:05 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.
Tilfeldig ord/uttrykk: - - Nils Dybdahl Holte si liste i Gards-historien, eksempel-hefte, er her supplert med ord som også andre har tatt i bruk i artikler i Gardsoversikt (menyen i venstre marg!) Se hele oversikten her.![]() |
Ein sundag ulik dei andreMe ungane sparka fotball med tyske soldatar. Men ein sundag skjedde det noko som gjorde at alt endra seg.
Eindel av oss ungane i Hauge skulekrins, samen med nokre få frå Norheim, hadde skipa fotballag. Namnet var «Stegg». Treningsbana var på Bøneset, like vest for den dåverande sildoljefabrikken. Ved middagsleite denne varme og solrike sumardagen var eg på veg mot fotballbana «vår», men vel framkomen var eg einaste på staden. Medan eg sat og venta på medspelarane, kom ei ukjend mann mot meg. Karen hadde høyrt at soldatane brukte å selja tobakk, noko eg gav han rett i. Og då eg kjende «kantinemannen» frå tidlegare kjøp – sa eg meg viljug til å hjelpe. Etter at 5 kroner hadde skifta eigar, gav me oss i veg mot salstaden, matsalen i brakka. Han skulle ha blå «Brinkmann». Mannen ville venta på utsida av huset – og vel komen inn såg eg ikkje folk nokon stad. Døra til matsalen, som til vanleg sto open, var attlukka. Men eg høyrde ei svak røyst innanfrå. Etter å ha banka på to gonger utan å få noko svar, opna eg døra og det eg då såg, gløymer eg aldri. Radiorøysta Over tretti par gravalvorlige augo sto mot meg, som på militær kommando. Dei sat fint rasta, omlag seks på kvar langbenk, med front mot det vanlege salsbordet kor det denne dagen sto ein gamal, avfeldig radio som einaste møbel. Røysta i høgtalaren var ikkje ukjend for oss på den tida. Det var Føraren, sjøvaste Adolf Hitler, som i vanleg stil rakka ned på bolsjevismen og Russland. Tidlegare denne dagen hadde han, ikkje uventa, gått til åtak på stormakta i aust. Redsla for krigstjeneste på russisk jord var med eitt kome som ein skæmande realitet. Ein dåm av tungsinn låg over lokalet. Denne nye situasjonen kom brott og uventa på meg, ungguten. Tysk språk skjøna eg lite og ingenting av, og eg var vel for ung og urøynd til å forstå alvoret (13 år). Så nærast «på gummisåler» stiltra eg meg dei åtte til ti metrane fram mot salsstaden. Lydnivået i førartalen hadde auka munaleg, og då ein av befalet avviste meg med «kein Verkauf» (ikkje sal), var høgtalaren i ferd med å rivne. Tanken på den skuffa mannen fór først gjennom meg. Men glad for å kome ut or dette «homlebølet», tassa eg - med godt tak i pengane - mot utgangen. Tyskarane «på styr» Seinare denne sundagen var tyskarane heilt «på styr». Talen til Hitler hadde teke hardt på mentalt, skjøna me. Då me gutane gjekk mot brakka og ville ha soldatane med på fotballspel, vart me jaga frå staden. Full fart, ja nærast kaos vart det i gutegjengen då ein offiser byrja å veive med pistolen sin, og som ein skremd hønseflokk fór me vestover rabbane mot busetnaden på Bøgarden. Dermed vart det finale, for å bruke fotballspråk, på våre idrettsaktiviteter under krigen. I Tysklandsbrigaden Det ville nok ha gjeve høge «odds» om nokon på den tida hadde spådd meg at min neste kamp om lærkula med tysk motpart skulle skje ti år seinare som idrettsleiar i Tysklandsbrigaden i Rendsburg i Nord-Tyskland. |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||