Torsdag 15. November 2018 - 23:04  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Hors

Hest, merr.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Kvednahuset

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 75_6_102
Skrevet av Thomas Kvalevaag - 03.11.2007

Etter kvart blei steinformasjonen reven bort og få visste at her hadde stått kvernhus -  som gutungar rodde me til Kvednavågen.


Kvednafall
Nokre meter frå huset til Kåre Kvalevaag vistes tydeleg murar etter kvernhus (”Kvednahuset”, som det blei kalla i gamle tider). Etter kvart blei steinformasjonen reven bort og få visste at her hadde stått kvernhus. På austsida av bekken ved et høgt berg var det ein maltovn. Den besto av tre murar. Bergveggen var fjerde vegg. Bergveggen var kolande svart etter maltrøyken. Her var det sikkert blitt brunne malt til begynnelsen av 1800-åra. Årstalet er usikkert.

Heilt oppe i Skufledalen ved utemarksgarden vistes også antydning til murformasjon etter kvernhus. Her var det lett å demme opp og få vatn. Nedslagsfeltet kjem heilt frå Vikastølen og utmarka rundt Hølen, så det mangla ikkje på vatn.

Det neste kvednafallet ligg aust i bygda. Her var det 3-4 kvernhus. To av dei stod heilt til etter 1945. Her var det heller ikkje mangel på vatn. Vatnet her kom frå Storestemmen. Demningen låg like ved Sundsvegen og var bygd av treverk. Den var lett å åpne og stengje.

Ellers var det demningar lenger nede, kalla Litlestemmen. Her var det store vassmengder og nok vatn til kvernbruk for heile hausten. Eit tørkehus låg også i nærheten, men drivkraften kom frå ein annan bekk.

Eg (f.1919) minnes at eg og kameraten Kåre rodde som gutungar til Kvednavågen. Derfrå gjekk me opp til kvednahuset og såg på ein mann som malte korn.