Mandag 18. Desember 2017 - 19:35  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Sakfall

Bøter til Kongen eller styresmaktane.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> BLH Torvastad >> 9_1 Bilder >> Gruppebilde av HS-karar
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Gruppebilde av HS-karar

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 920_9_120
Skrevet av Erling Vikshåland - 28.11.2015

Eit fotografi frå maidagane 1945 viser mange av «heimefrontkarane» på Nord-Karmøy. I artikkelen #920_7_402 er dei ikkje blitt namngitt. Nå er mange av karane blitt gjenkjent.

 

I artikkelen kan me lesa dette:

«Det er vanskelig å finne gode bilder fra krigsårene. En grunn kan være at også film til fotografiapparatene var mangelvare. Det ville være verdifullt om disse artiklene kunne føre til øket interesse for å finne fram til bilder, som kan fortelle om livsforhold i Torvastad i krigsårene. Bilder kan legges inn på Internett i Historielagets Bildealbum. Hvis noen kan gjenkjenne HS-karene på gruppebildet og skrive ned navn og bakgrunnsopplysninger vil det bli laget en egen artikkel #920_9_120.» 

Til nå er 21 personar blitt gjenkjent. Bildemontasje Frode Vikshåland.
Om fotografiet
Dette fotografiet er kopi av eit bilde som i sin tid blei utlånt av Rasmus Skeie. Kvaliteten er dårlig. Det har ikkje vore mulig å spora opp originalen.

Arbeidet med å namnsette personane har vore vanskeleg, men mange eldre bygdefolk er blitt spurt og har bidratt, slik at 21 namn nå skulle vera på plass. Takk til Aadne Utvik og Per K. Lande for god hjelp.

Bildet er truleg tatt 13. mai 1945, i skråningen omlag 30 meter sør for hovedinngangen til Ungdomshuset på Torvastad. I bakgrunnen ser me gardstunet til Thomas Selsås på Stange. Gardsbruket til høgre hadde Peder P. Stange (bnr 5). Huset nærast ( med to piper) vart kalla Flohuset. Flaget er oppe her, dei glade fredsdagane vart lenge feira med flagging.

I artikkelen #920_7_418 er namna på dei som høyrde til 1. og 2. tropp i Torvastad og i artikkelen #910_7_418 dei som høyrde til 3. tropp i Avaldsnes.

Her er dei som inntil nå er blitt gjenkjent, frå venstre mot høgre:

Kaare W. Stange. Sjef for troppene på Nord-Karmøy (kalt gruppesjef). Utdanna småbrukslærar, deltok i krigen 1940 på Østlandet. Født og oppvaksen på Stange.

Sigurd Krogh.
Kom frå Haugesund som støtte #920_7_416. Lektor i Skoleverket.

Johan Vold. Kom fra Viken (Vikjå), snekker.

Sven Hauge. Oppvaksen på Øvrebø, blei seinare agent/selgar.

Oscar Wiklund. Bustad: Visnes. Gruvearbeidar.

Jakob Garthe. Maskinist på land og sjø. Bustad: Gunnarshaug.

Sigmund Grimelid. Bustad: Hinderåker, seinare USA.

Gustav Lande. Linjearbeider frå Hinderåker.

Nils Melhus. Sjåfør, befal i Heimevernet. Bustad: Salhus.

Trygve Utvik. Gardbrukar frå Øvre Hauge.

Gudmund Langeland. Bustad: Norheim, ikkje HS-medlem.

Bendik Tveit. Lærar og kordirigent (kort tid i bygda).

John Midtun. Fartøymann, m. m. Bustad: Salhus.

Mathias Oftedal. Kontormann frå Førresfjorden. Seinare Avaldsnes.

Olav K. Johanson. Bustad: Viken. Bakar.

Lars Heskja. Snekkermester frå Litlasund.

Mathias Bøe. Drosjesjåfør m. m. frå Bø.

Knut Knutsen. Gruvearbeider frå Visnes.

John Nordbø. Bustad: Nordbø, seinare USA. Troppsjef i HS.

Rasmus Skeie. Handelsmann frå Meland, Avaldsnes.

Bjørn Nilsen. Sjømann, seinare fartøyeigar. Bustad: Visnes.