Fredag 15. Januar 2021 - 16:04 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.
Tilfeldig ord/uttrykk: Skyld Landsskyldpå ein gard, dvs. årleg leige som leiglandingen måtte betala jordeigaren. Se hele oversikten her.![]() |
Kjend personPeder Johan Skeie, fødd i 1888, budde på Meland. Peder Skeie var lenge ordførar i Avaldsnes. I krigen vart han avsett av nazistyret. Namnet hans er for alltid tatt vare på i bygda, mellom anna med namneskiltet Peder Skeie veg.
Peder Skeie
Peder Johan Skeie budde på Meland det meste av livet, men vaks opp på Skeie - fødd 20. oktober 1888. Gjennom eit halvt århundre var han svært aktivt på mange felt innan politikk, forretningsliv og kulturarbeid.
Av utdanning fekk han med seg Utgarden Fylkesskule og Underoffiserskolen i Kristiansand. Han starta i yrkeslivet som fengselsbetjent i Stavanger, men han kom seg snart heimover og fekk seg kontorstilling ved Vigsnes Kobberverk. Der var han kontorsjef i 4 år, frå 1918 til 1922. Alt frå 1915 tok han til som handelsmann i Visnes og var også postopnar.
Han gifta seg i 1917 med odelsgjenta Inghild Regine Meland og tok over drifta av garden, som han kjøpte i 1924. Her dreiv han mjølkeproduksjon, nydyrking og var mykje interessert i skogplanting. Med ved sida av dreiv han også landhandelen og posten i Visnes. Men Peder Skeie såg nye utfordringar innan forretningslivet, så i 1931 starta han firma med handel av landbruksvarer frå stor lagerbygning på Dalen. Særs kjend vart firma Peder Skeie for produksjon og sal av eigne kraftfôrblandingar. #85_6_403.
Peder Skeie markerte seg tidleg innan det politiske livet i Avaldsnes kommune. Han var medlem av kommunestyret i over 40 år (1917-59). Ordførar var han i perioden 1917-25 og frå 1932. Ei tid under krigen vart Peder Skeie avsett av nazistyret som ordførar, men tok over att oppgåvene i 1945. Han var med i ei mengde styrer og komitéar, og typisk nok oftast som formann. Ei liste vil visa hans store interessefelt og arbeidskraft:
Elles var han lagrettemann, formann i forliksrådet, overformyndar og distriktsleiar i IOGT.
Men interessene til Peder Skeie gjekk langt ut over kommunegrensene. Han var med i fylkesvegstyret, kommunikasjonsnemda for Rogaland, samferdselsnemda, jernbanekomitéen, arbeidsnemda for heilårsveg over Haukeli og for Karmsund bru, styret i Karmsund kraftlag og i Haugesund Meieri.
For sin store innsats i samfunnslivet vart han tildelt H.M. Kongens fortenestemedalje i gull i 1959. Peder Skeie sette mange spor etter seg i Avaldsnes kommune og Rogaland fylke. Han døde i 1964. Namnet hans er for alltid tatt vare på i bygda, også fordi vegen ned til den gamle forretninga hans på Dalen #85_6_301 har namneskiltet Peder Skeie veg. |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||