Fredag 23. Juni 2017 - 22:41  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Måg

Dottermann.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Skjølingstad >> 3_2 Slekter på 1600- og 1700-taller >> Eigarar og brukarar på 1600- og 1700-talet
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Eigarar og brukarar på 1600- og 1700-talet

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 136_3_201
Skrevet av Nild Dybdal-Holthe - John Karsten Vedø - 28.01.2014

Utover på 1600-talet er det jamnt nemnt to eller tre brukarar på garden. Somme er berre kalla husmenn, som Olav i 1617 og Johannes i 1628. Ingebret var brukar frå ca 1603 til 1660. Han var truleg son til Villum A. Skjølingstad som var med ved kongehyllinga av Kristian IV i 1591.

 

Ingebret brukar 30 spann i 1649. Han er nemnt lagrettemann fleire gonger. I 1640 var han mellom mange som fekk 1 riksdalar i bot for innblanding i slagsmål.
   Mellom 1645 og 1649 kjem Laurits inn som ein tredje brukar på Skjølingstad, på bruk nr. 2. I 1649 brukar han 12 spann. Han kan ha vore gift med ei dotter til Ingebret på bruk nr. 1, som etter skatten i 1637 å døma, dreiv det største bruket då. Det er ikkje urimeleg å tru at Ingebret tidlegare hadde 42 spann, og at dei 12 spanna som Laurits bruker er teke frå bruk nr. 1.

I 1636/37 er Rasmus (bruk nr. 6) brukar ved siden av Ingebret på bruk nr. 1. Desse to betaler "frivillig" skatt til løn for Nordlandsprestane. Rasmus betaler 5 skilling og Ingebret 8 skilling.
åra ser det ut som om det er fire brukarar på Skjølingstad. Olav Ingebretsen, Jon Andersen, Peder Gundersen og Kristoffer Rasmussen. Av desse var Ole eldst, 57 år gammal, medan Jon var 32 og dei to siste 40 år. Kristoffer er truleg son til Rasmus som er nevnt over. Ut frå manntallet, ser det ikkje ut som om at det er slektskap mellom desse. I tillegg kiem to drenger. Olav Skjølingstad var husmann og fattig. Skylda er tre pund korn.
   I matrikkelen 1665 får me vita at garden er odelsgods og “til korn eng og mark hjelpelig“. Det var kvern på garden alt då, og dei hadde ilding det dei trong. Her tyder det torv til brensel. Dei sådde 24 tønner og fødde 30 naut og tre hestar. Leidangskatten var då ei hud og 1 bukkeskinn, tienden var 24 spann korn og 1 ort i småredsler (pengar).

Utover på 1700-talet var det 5 bruk på Skjølingstad, men brukarane var framleis  leiglendingar. Nokon av brukarane var etterkommarar av dei som er nevnt over, men det kom også nye slekter til garden.

Eigarar
I 1624 åtte Sjur Olsson, trulig frå Bondhus i Mauranger (Hardanger) og son til Ola Bondhus, halve garden i Skjølingstad. I 1665-66 finn me navn på tre eigarar. Det er Knut Bondhus i Kvinnherad, Ivar Sætveit i Jondal og Peder Øyarhamn i Varaldsøy. I 1670-73 åtte Berge Larsson Brattebø i Jondal (Brattebøkongen) heile garden, d.e. 72 spann korn. Seinare på 1670-talet er Berge Larsson nemnd eigar av 45 spann korn og Peder Øyarhamn dei resterende 27 spann.

Kilde: Bygdebok for Torvastad av Birger Kjetland og Nils Dybdal-Holthe sine notater