Mandag 18. Desember 2017 - 19:41  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Landdrott

Jordeigar.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Skjølingstad >> 6_1 Gårdsdrift >> Samtunet på Skjølingstad
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Samtunet på Skjølingstad

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 136_6_101
Skrevet av Nild Dybdal-Holthe - John Karsten Vedø - 24.01.2014

De seks familiane budde før utskiftningen i ei husklynge ved vegen ned til Skjølingstadvågen (#136_1_201). Utskiftningskartet frå 1896 syner at dei budde i ein slags landsby. Berre eitt bruk skil seg ut, det seinare bruk 7. Der står husene eit par svingar austover på vegen mot Dale.

 

Skisse av samtunet, basert på utskiftningskart frå 1896, teikna av J. P. Aaland, jordskifteverket.
Kva er så eit samtun eller eit "fellestun"? I dag ser me ofte gardane spreidde ikring i landskapet. Sume stader ligg ein gard einsam inne i skogen eller opp i ein dal. Det er langt til folk og naboar.
   Tidlegare var det ikkje alltid slik. Mange stader finn me at alle brukarane på ein matrikkelgard budde meir eller mindre samla i eitt tun. Kva grunnen til dette alltid var, er kanskje ikkje så heilt klårt. Men ein grunn kan vera sjølve delinga av garden. Far delte t.d. garden mellom to søner, og det var naturleg at i alle høve ein av dei bygde nytt hus - ja, ved sida av det andre. Han måtte og ha eit nytt uthus eller driftsbygning. I neste generasjon kom et ny deling, og kanskje bygde ein husmann utan jord og ei stove i utkanten av tunet. Dermed fekk me eit slags byggefelt i meir modene tyding. Sume slike tun kunne vera ganske store og innvikla, t.d. Agatunet i Hardanger. Tunet på Skjølingstad lå altså relativt samla, men i høve til Agatunet i Hardanger var det lite.
   Ikkje alle var nok like glade for utskiftinga. Dei ulike bøndene var fortrulege med dei jordlappane dei hadde hatt i alle år. Nå kom andre og sette nye strek på kartet og sa: her er garden din nå! Dei fortel at ein av desse bøndene såg naboen køyra hevd på ein åker han hadde hatt før. Då tok sinnet han, og han gjekk bort til naboen og sa: Du skal ikkje køyra hevd på min åker. Eg skal melda deg til lensmannen. Og det gjorde han faktisk og. Men litt etter kvart vart dei fortrulege med nye grenser og åkrar. Det "gjekk seg te", som ein seier.

Kilde: fra Nils Dybdal-Holthe sine notater