Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)
Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.
Mot slutten av krigen var Arne Johan Storesund i opplæring på sykkelverkstaden hjå Olav Skeie på Utvik. Der møtte han ein ung tyskar som ba om hjelp til å rømme.
Slik fortalde Arne Johan (f.1926) denne historia: Tidleg ein morgon kom det ein skjelvande ungdom inn hjå oss og ba om hjelp til å kome seg over til fastlandet. Karen var ein tysk soldat på rømmen. Uniformen hadde han kasta og var no i sivile klær. ’Fahnenflücht’ var jo ein særs alvorleg sak i Hitlerhæren, men kunnskapen om at det bar mot krigsteneste på Austfronten hadde skremd han til å ta denne avgjerda.” Grunna engelsk mineleggjing var det ikkje lov å ferdast i Karmsundet, særleg var tyskarane vaktsame i nord, mot byen og sørover ved Salhus. Dette kjende Arne til og tok dermed ein telefon til Egil Storesund, som budde meir lagleg til, ja midt på, kan ein seia. Egil sa seg straks viljug, og tok karen over til Sakkestad utan at noko hende under overfarten. Ungdommen tok seg så i veg innover i landet, og enda til slutt opp i Skjold på ein stad dei kalla Bjerga. Det var sumarstid så han hadde sove om dagen og vandra nattetid. Dette kunne folk på denne staden fortelje Arne Johan. Seinare starta han vedhandel på Storesund og handla ved hjå dei som hadde hatt same karen i arbeid på garden. Dei klaga over ”den late skogskaren”, som helst ville halda seg innomhus, sa dei. Så underleg var nok ikkje det, når ein tenkjer på konsekvensane, både for han sjølve og for hjelparane. Dei var utruleg heldige som ikkje vart oppdaga. Tyskaren var der i 1 ½ år.
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com