Mandag 18. Desember 2017 - 19:41  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
- Nynorsksøk:

www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> BLH Torvastad >> 7_4 Minner fra krigen >> Fly som styrta og landa
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Fly som styrta og landa

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 920_7_403
Skrevet av Erling Vikshåland - 21.10.2012

To tyske fly landa ufrivillig på isen på Haugavågen og på eit jorde på Ner-Haugo. Men mest dramatisk var det då eit engelsk fly med tri mann styrta i ein låve på Bø.

 

Hendingar om ufrivillige flylandingar og flystyrt førde titt til rykter og har vorte gjenfortalt på ulike vis. Her kjem ”the true stories”.

Flylanding på Haugavågen

Fra bildeheftet "Da krigen kom" (Haugesund 1990). Montasje ved John Karsten Vedø.
Ein sundag føremiddag vinteren 1941 naudlanda eit jagarfly på Haugavågen, som då var islagd etter lang tid med hard frost. Flyet var av typen Messerschmitt 109 f og fekk motorvanskar over Visneslandet og landa deretter på buken ved Landanes. Det enda ferda si ved eit lite skjer på Ner-Haugo.
   Flygaren tok seg ut av maskina utan skade. Olaf O. Vikshåland og eg var dei første på staden. Olaf hadde fleire år bak seg i USA og han spurte: ”Do you speak English?” Flygaren berre rista på hovudet og gjekk mot land.
   Seinare i veka vart flyet reparert. Dei la store puter under vengjene, fylde dei med trykkluft og drog så ut hjula. Med ny propell og reparerte hjul tok det så av mot Sola flyplass. Hundrevis av folk frå Nord-Karmøy tok flyet i augesyn i dei fine vinterdagane vi hadde då.

Fly på Gunnarshaug
Sumaren 1942 måtte eit lite speidefly, truleg av type Storch, lande på Gunnarshaug. På garden til Edvard Gunnarshaug, ned mot Karmsundet vart det ståande eit par timar før det tok av sørover. Det var søndag og stor ferdsle mot staden.

Buklanding på Ner-Haugo
Hausten 1942 kom eit fly av typen Messerschmitt nordfrå. Det buklanda på heimebøen hjå Sjur Hanevik på Ner-Haugo (127/ 23). Sjur fortalde oss at det først såg ut til at det skulle råka løa hans, men ei ujamn åkerrein endra kursen noko sørover.
   Flygaren, som vart mykje skremd av hendinga, fekk ikkje opna cockpiten og gav teikn til Sjur at han måtte knuse glaset frå utsida. Sjur fekk så fram ei stor skogøks og slo med full kraft mot glastaket, som først gav seg då kvassenden vart teken i bruk. Føraren kom seg så ut og var lenge svært oppskaka. Dette flyet vart så skrudd frå kvarandre og via kaien i Salhus tok det av med båtskyss til Sola.

Minelegging i Karmsundet
Mineleggjing frå fly i Karmsundet ved Salhus under andre verdskrigen starta den 17. mai 1941. I byrjinga vart dette gjort på nattetid, men etterkvart kom dei flygande på dagtid. Minene dei brukte var magnetiske og vart utlagde på botnen i det smale sundet i Salhusstraumen. Når båtar av jarn ferdast på staden der minene låg vart tennsatsen aktivert og eksplosjonen kom. På denne måten vart all ferdsle stoppa i sundet og båtane vart tvinga til å gå på vestsida av Karmøy, kor ubåtar og overflatefartøy kunne søkkja dei.

Luftskyts
Eit flyåtak 22. februar 1945 var det siste av dei. Det fekk fatale fylgjer for flya og mennene om bord #920_7_404.
   Ved dei tidlegare toktene inn mot Karmsundet hadde mineflya jagarfly-eskorte som sikring mot dei tyske luftvernkanonene på fastlandet. Dei tyske kanonane, om lag 11 til saman, var utplasserte på strekkja frå Norheim til Snik. Storleiken var 20 mm og 37 mm. Åtte av dei hadde fire løp, såkalla Vierling.
   Store lyskastarar var og i bruk, særleg under dei første operasjonane. Ei ferje med innmonterte kanonar kom til sildoljefabrikken på Moksheim og låg der om natta klar til strid. Ferja kom frå Haugesund. Luftvernskipet Paris var ei tid liggjande på Rossabø, godt kamuflert, innmed land #133_7_410. Til no hadde tyskarane berre lykkast i å skyte ned eit av mineflya.

Flystyrten på Bø
Den 22. februar om lag klokka 1400 kom to engelske minefly inn mot Karmsundet for å mineleggje skipsleida. Taktikken var å stoppe skipa frå å bruke indre kaia i sundet, for å tvinge dei til å gå på vestsida av Karmøy kor ubåtar og overflatefartøyer kunne søkkja dei.
   Krigen drog seg mot slutten og dette åtaket vart det siste, og einaste, kor fylgjene vart fatale for flyet med 3 menn om bord. Tysk luftvernskyts på fastlandssida råka det flyet, som ute av kontroll, landa på låvekloppa på gardsbruket til Christen Wegner Landenes på Bø (146/7).
   Denne februardagen fekk ”Flakfolka” diverre ”full pot”. Begge flya vart nedskotne. Lars Hausken (f.1915) var arbeidskar på garden. Han fortalde dette om dramaet på Bø.

Lars Hausken fortel
Flyalarmen hadde ula og kvinnene i huset var på veg mot døra til kjellaren for å søkje ly der. Sjølv gjekk eg ut ytterdøra på austsida av huset kor eg då hadde panoramautsyn ned mot Karmsundet, om lag ein kilometer unna oss.
   Nokre minuttar seinare ser eg to fly kome flygande lågt nordover i sundet. Så med eitt tek det eine flyet til med å ruse motoren sterkt, og etter å ha vunne noko meir høgde, svinga det krapt vestover med kurs beint mot meg. Snarast eg vann bar det mot kjellaren kor eg då ropte til kvinnene: ”Søk dekning!” Alle saman enda me opp under eit stort bord i austkanten av kjellarrommet, der det var størst von om å overleve om flyet skulle råka huset. Berre få sekundar seinare landa det med eit brak på låvekloppa, om lag 20 meter frå oss.

Etter flystyrten
Det var eit mykje kaotisk syn som møtte gardsfolka då dei kom ut av kjellaren. Løetaket var flerra av, og det same var flyvengjene. Dei vart liggande på sør- og nordsida av løa. Motoren og to av mannskapet vart rivne frå flyskroget og enda opp 15 meter vest for byggninga.
   Ei av kvinnene var sjukepleiar. Ho prøvde, men diverre lykkast ho ikkje, å berga dei to som etter den ville ferda var svært hardt medfarne. Tredjemann frå flyet låg livlaus inne i løa.
   Lars Hausken måtte seinare på dagen bære ut fire små bomber. Lars fekk kortkurs i handsaminga av ein tysk offiser som var komen til.

Gravferd og fallskjerm
Saman med ein frå det andre flyet som stupte i sundet, vart fire unge menn gravlagde på Vår Frelsers gravlund på Rossabø #147_7_401.
   Geirmund Ihle skriv om denne hendinga frå krigstida at opp mot tusen byfolk møtte opp på gravferdsdagen. Tyskarane lika dette lite og jaga folka over på austsida av vegen framom kyrkjegarden.
   Elles kan vi seie at fallskjermen frå ”Bø-flyet” kom til god nytte for folk i nabolaget. Skjorta eg bar ved 17. mai feiringa i fredsåret var nok den gulaste i heile kongeriket. To jenter frå Norheim vart same året konfirmerte i kjolar av den kvite varianten fallskjermsilke.
   Inne i fallskjermen låg det ymse slag av overlevingsutstyr som vi fort kasta, men ei lita eske av plast, kor det låg ti store dropslignande godsaker, var freistande å smake på. Vår ”kvote” på tri stk. vart nyta i longdrag. Den store hakesleppen kom då alt var oppete og husbonden, som kunne engelsk, las frå undersida av eska. Det sto der: Keeps you awake for six houers!
  
Tri gonger seks er atten. Uroen over å verta liggjande vaken så lenge seig inn over oss, men det synte seg etterkvart utpå kvelden at den oppgjevne verknaden ikke kom. Vi sovna som vanleg. Kanskje dei var gått ut på dato, som vi nå seier?

Refleksjonar og rykter
Etter slike hendingar i krigstida vert ein sitjande att med mange tankar og spørsmål.
   Tanken på kva som hadde hendt med gardsfolka på Bø om luftvernsoldaten på Norheim batteriet hadde drege i avtrekkaren berre eit sekund eller to tidlegare, kan ein jo berre filosofere over. Men ein får slå seg til ro med at dei alle fem var storheldige denne februardagen i 1945.
   Kvifor sende dei flya avgarde åleine, svakt bevæpna som dei var? Ved dei førre åtaka kunne ein sjå oppmot 20 fly, dei fleste jagarar med knitrande mitrajøser i teten.
   Eg har som tidlegare fagmann på kanoner, vore inne på tanken om at dei denne dagen skulle prøve å flyge under kanonelden. Men her er eg noko usikker, då eg ikkje kjenner plongeringsdataene for kanontypene. (”Plonge” er fransk og tyder nedsenking, motsatt ”elevasjon” som tyder heving.) Tyskarane nytta kanoner av typen 20 mm og 37 mm, men det norske luftvernet nytta ikkje slike etter krigen.
   Det var mykje skyting frå det tunge skytset ved Haugesund. Folk fann etterkvart ut at dei måtte søkje ly i kjellarar og liknande stader. At ein dermed ikke kunne sjå med eigne augo kva som hende, skapte mange lause rykter mellom folk.
   At til dømes Heimfrontfolk skulle ha stole klokkene til frå dei daude flygarane på Bø, og at løa på staden skulle ha brunne ned, er kome på trykk i bøker og aviser. Berre for nokre månader sidan kunne ein ven frå Avaldsnes, nå Sola, leggje ut om dei fæle tyske ”Flakfolka”, (”flak” tyder i denne samanheng luftvernkanon) som skaut mot ein engelsk flygar som kom til overflata i Karmsundet denne dagen.
   Eksemplene er mange og usanne.