Tirsdag 17. Oktober 2017 - 03:43  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
- Nynorsksøk:

www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> BLH Avaldsnes >> 7_3 Sanger og stev >> Prolog om krigsseilerne
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Prolog om krigsseilerne

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 910_7_301
Skrevet av Aadne Utvik - 20.09.2012

I Håvik krets hadde det vært mange ”krigsseilere”, en betegnelse som blir brukt om sjømenn i utenriks fart under verdenskrigen. Det ble holdt velkomstfest for dem på Håvik bedehus helt på slutten av 1945. I den anledning skrev Rasmus Skeie sin første prolog #910_7_417.

 

Høyevarde fyr, der familien til Bertrand Høie Jakobsen bodde fra 1930-årene. Maleri av Magnus Gjertsen. Montasje John Karsten Vedø.
Det var Rasmus Skeie som tok initiativet til festen og det var han selv som framførte den som åpning.
   Strofen ”Men midt i gled kom eit skår, bygda her fekk og sitt skår” viser til at en av sjømennene i Håvik-kretsen mistet livet på havet. Det var styrmann Bertrand Høie Jakobsen (f.1898). Hvordan skipet hans forsvant er det ingen som vet, - kanskje torpedert av tysk ubåt #86_5_410.
   Bertrand og familien bodde i Høyevarde fyr. Familien Jakobsen hadde solide tradisjoner på stedet og var godt kjent av alle i bygda #97_9_101.
   Teksten er slik Rasmus skrev den ned på skrivemaskinen sin. Som overskrift står ”PROLOG. Skriven til festen for sjøfolka 29. desember 1945.”

Prolog

Drønn av skot i norske dalar,
framand røyst som kvasst befalar:
Rydd av veg den norske mann
som vil verja om sitt land.

Bråk og skrik
blod og lik
sa oss:
Noreg er i Krig. - -

Fleire år er farne nå,
men me klårt i minnet sjå
dette fæle som oss hende
då når dag til natt seg vende.
Då når rangt vart gjort til rett.
Vondskap, lygn, på truna sett.

Det var vår, og sinnet hyste
tru på sumar – tider lyse
då det mørke på oss kom,
denne åndevinter som
ljos og folkelukka øyde,
fraus vår tru og voner døyde.

Fjordar, sund, og hav vart stengde,
heile bygder burt vart sprengde.
Landet vart i mørke lagt.
Kongens siste ord var sagt.
Træl var kvinne, træl var mann.
Noreg var eit slege land.

NEI, det var kje` heilt ut så.
Norges utpost fanst endå.
Ennå fritt frå fullnorsk grunn
flagget lyste kvar ei stund.
Ennå kjempa frie menn:
DEN NORSKE FLÅTEN SIGLAR ENN.

På kvart hav omkring på jord
stod det nordmenn traust ved ror
då den melding kom så brått:
Norges motstand ned er slått.
Då med eit dei for seg såg:
Naudsignal og nedbrekt skrog.
Skroget det var norges jord.
Far og mor var der om bord.

Unge gutar, eldre menner,
høg og låg det same kjenner:
Kjærleiken til folk og land
djup og sterk seg trengjer fram:
Me vil streva, me vil strida,
krevst det, skal me også lida
om me berre gjera kan
noko for vårt fedreland.

Kuler suste, miner sprang,
men alltid skuter gjekk sin gang.
Høgt i lufta flya dura.
Ned i djupet ubåt lura.
Skuter sokk med bror og venn.
Sjømenn reiste ut igjen.

Men dei åra vart så mange,
dagane så vonde, lange.
Tvil og lengt seg melda må:
Skal eg aldri heimen sjå?
Å, om eg ei stund fekk vere
saman med dei mange kjære,
burt frå all gru og frykt..
Ei einast natt få sova trygt.

Gjekk det tankar ofte heim,
så veit eg tankar møtte deim.
Tankar som sko` motsatt veg
Du var kje` gløymd, eg seier deg.
Dei mange år med lengting stor,
dei kjenner og så mang ei mor.
Og mang ei tåre stille rann
for far og bror, for ven og mann.

Ikkje brev og ikkje bod.
Minka gjorde von og mot.
Auka gjorde tvilens makt
og stilla, når ditt namn vart sagt.

Men så ein dag, - du store ti`
eit betre bod kan ingen gi:
NÅ ER DET FRED. - Å for ein fest.
Eit eventyr det var det mest,
og gleda fylgde, dag for dag,
med tusen smil og tusen flag.

Det var så mangt å gledast ved.
Det sa så mangt det ordet FRED.
Det sa: Nå er me alle fri
frå otte, gru, og tyrani.
Nå kan på ny, i gamle spor,
me råda sjølv på eiga jord.

Og freden sa: Nå snart me kan
få høyra frå vår sjømannstand.
Og dette siste, var nok det
som mange sers seg gleddest ved.
Men freden sa kje` noko visst –
kven får dei att, og kven har misst?
Nei denne otten var ’kje endt.
Å kor mange nå gjekk spent.

Von og missmot kom og gjekk, -
”tenk om snart me høyra fekk”.
Jo, der braut det laust ein dag, -
brev og helsing, slag i slag.
Og gleda spreiddest, mann til mann:
”Tenk nå har dei høyrt frå han”.

Men midt i gleda kom eit skår,
bygda her fekk og sitt sår.
Fridom kosta meir ein slit.
I prisen inngjekk også liv.
Vyrdnadsfullt me minnest han
som gav det største gjevast kan,
og gode tankar vel me senda
til dei som nå må saknad kjenna.

Dagar kom og dagar gjekk,
ein for ein dei gjesting fekk.
Bygda her, sers heppen var,
tenk nå til jul, alt 12 me har.

Ingen stort dei visste om
den dag og tid då heim de kom.
Men de skal vita, bygda har,
ei uløyst trong som brunne har,
difor er det fest me held,
vår trong skal løysast ut i kveld.

Så langt det rekk med gode ord,
me takka vil for innsats stor,
og hjartleg helsa kvar og ein:
VELKOMMEN HEIM, VELKOMMEN HEIM.
Du landet ville møta fritt,
det skjedde så, DU HAR GJORT DITT.

                                              R. S.