Fredag 18. August 2017 - 09:02  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Utburd

En ”utburd” var gjenferd etter et utsett eller udøpt barn. Det var gravlagt i jord som ikke var vigslet

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Sæbø

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 135_1_101
Skrevet av John Karsten Vedø - 03.09.2011

Sæbø tyder garden ved sjøen. Professorane O. Rygh og Magnus Olsen tyder namnet slik at garden kan vera utskilt frå ein eller annan hovudgard, og har av den grunn fått namnet «garden ved sjøen».

 

Det er her rimeleg at Prestegarden (Hovland eller Haugland) er sjølve hovudgarden som Sæbø og andre mindre gardar er utskilde frå. Men ein gjer vel i å rekna med at Brekke på Torvastad kan vera ein endå eldre hovudgard.

Før 1838: Matr. nr. 34, skyld 1 pund 9 spann korn.
1838-1851: Matr. nr. 37, løpenr. 155a-155b. Skyld 5 daler 4 ort 4 skilling.
1851-1886: Mart. Nr. 10, løpenr. 59-60. Skyld 5 daler 4 ort 4 skilling.
1886-1965: Gardsnr. 10, skyld 6 mark 87 øre.
1965- : Gardsnr. 135, skyld 6 mark 87 øre.

Sæbø grensar til Skjølingstad i nord og til Grøningie i aust og sør. Garden har strandline frå Idlaberg til Gråbjørgskjer. Utanfor ligg skjergarden med øyar, holmar og skjer: Sæbø-øy lengst mot nord er størst; her ligg Kuøy og Smaløy.
   Det var vanleg å ha mjølkekyr på Sæbø-øyne. Kring 10 kyr sumde over sundet (50-60 m) frå Sæbøtre til Sæbø-øy. Kveld og morgon rodde folk ut for å mjølka kyrne om sommaren.
   Sæbøtre ligg like ved sjøen og har vore nytta til beite for buskapen. Kringom Grøningsjøen finn me tre-fire holmar. Me nemnar Lambholmen, Hestaskjer, Kisteskjer (etter fiskekistene). Prestholmen høyrer Prestegarden til. Kring 500 m ut frå land ligg Nore og Søre Varholmen med Vareholmskjer litt innanfor. Andre stadnamn på Sæbø er Peilavikje, Austre Log, Storåkeren, Hauane, Gråbjørg, Sæbøsjøen, Torvhammaren og Stadt.

Kilde: Birger Kjetland og Arnvid Lillehammer: Bygdebok for Karmøy, Torvastad. Utgitt av Bygdebokutvalget i Karmøy 1979