Onsdag 13. Desember 2017 - 14:14  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Helming

Halvparten.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Hovland (Prestegården) >> 6_4 Industri og håndverk >> Hummarhandel i eksporthamna ”Presthamn” på Torvastad
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Hummarhandel i eksporthamna ”Presthamn” på Torvastad

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 132_6_401
Skrevet av John Karsten Vedø - 23.02.2011

Det var hollendarar som i siste del av 1600-tallet starta med teinefiske på Vestlandet og henta levande hummar med brønnbåtar.

 

Kart over Presthamn
I alt utvikla det seg sju hummarhamner i Stavanger Amt, mellom anna på Bokn, Åkra og på Torvastad. Dei to førstnemnde gjekk ikkje i gløymeboka, men den som de Fine kallar ”Præstehavn” var det presten Lars Skadberg som rundt 1960 klarte å finna att i nesten 200 år gamle dokument. I Torvastadbygda var det kan hende ingen som visste det før han stadfesta det. Framleis er Presthamn lite kjend blant folk.
   Den plassen Skadberg enda opp med ligg vest av Torvastad kyrkje, eit par kabellengder nord for kaien i Kveitevikje.
Ein engelsk slupp stemner ut frå Presthamn. Tegning av Roald Østensjø
Denne kaien var det føybuen nyttar når dei skulle i kyrkja eller hadde anna å gjera på land. 
   Innseglinga til Presthamn er frå nord, mellom Longardsholmen og Svinholmen. I ei breidde på mindre enn ein halv kabellengde, låg der fleire titals hummarkister klare når utlendingane kvart år kom for å kjøpa fangsten til fiskarane frå Avaldsnes og Torvastad.

Kontaktmann
Kven var det så utlendingane tok kontakt med for å organisera innsamlinga og lagringa av dei tusenvis av dyrebare krepsdyra? Dei skulle jo halda seg levande i fleire veker i fangenskap òg. Jo, det var folk ute i amtet, personar som ein må rekna med budde i eller nær ei brukande hamn og som hadde god kontakt med fiskarar, bønder og styresmakter.

Engelskmenn
Steinmoloen mellom Prestnes og Svinholmen, truleg bygt på 1800-talet av husmann Lars Viersen.
På 1700-tallet var ikkje hummarfartya lenger frå Holland. Engelske hadde teke over etter hollendarane, som hadde tapt mykje dei siste hundre åra. Båtane blei loste inn mellom holmar og skjer til den nordlege innseglinga til Presthamn. Vel i hamn blei akterfortøyningane gjorde faste vest i Longgardsholmen og baugen i Svinholmen.
   Sjøfolka fann det nok godt å kunna setja lettbåten på vatnet og ro rundt Svinholmen og inn i Hamnadokken til gjestgjevarstaden. Dei såkalla utliggjarane henta hummarfangstar hjå fiskarar kring i distriktet. Utliggjarar var
Holet i moloen er ein djup brønn, kanskje brukt til å ha hummar og fisk i.
særleg trugne fiskarbønder som ikkje var ukjende med handel. Fleire tusen hummar førde dei til utskipingshamnene der dei blei lagra i dei mange hummarkistene som låg fortøydde der.
   Denne jobben med å henta hummaren var det skillingar å tena på, og i slutten av femtiåra var det òg andre enn oppsitjarane i hamna som ville vera med på den farten. Utsirabuen kom sjølve inn med sin hummar og tok inn hjå gjestgjevaren. I byrjinga av 1750-åra då gamlelosane nærma seg dei seksti, sa dei opp som losar og det kom nye til frå Torvastadgarden, kan hende tidlegare utliggjarar.
   Året 1760 blei det strid mellom engelskmennene og hummarhandlarane. Striden stod om kor mange hummarkister ein skulle halda i Presthamn. Det enda med at det skulle vera 30-32 stykker. Tidleg i sekstiåra kom Presthamn og Åkrehamn under same avtaleverket. I røynda hadde engelskmennene heretter monopol på handelen på desse stadene.

Attåtinntekt
Arbeidet med å fletta seg ei teine eller kjøpa ei for 4 skilling, betalte seg med fyrste fangsten. Det skulle ikkje store fangsten til før ein hadde seg ei bra attåtinntekt i det typiske naturalhushaldet vestlendingane hadde på denne tida. Teine-setjing og -trekkjing morgon og kveld var lite krevjande arbeid som nytta den arbeidskrafta som var tilgjengeleg òg. Ungdomar og gamlingar skofta ikkje gardsarbeidet med det og heller ikkje husmannen forsømde nokon ting. Dalarar og skillingar til betaling av skattar og avgifter var langt på veg berga av hummaren.
   Dei som hadde løyve til å ha hummarkister, fekk òg inntekter. Presten var ein av dei, men han hadde ei anna rolle òg. Heime hjå han låg nemleg hummarmålet som i tvilstilfelle blei henta fram for å kontrollera minstemålet på 8 tommar. Skikkeleg vaksen måtte han vera om han skulle få bli med til England, hummaren. Ut i sjøen igjen skulle dei som var for små, men ikkje få var det som gjekk svært billeg, for eit stykke tobakk berre, som de Fine skriv i 1745.

Tilhøva endrar seg
Grunnen til avviklinga finn ein trulig i næringsutviklinga elles på den tida. Dei store sildeinnsiga minkar, og får ein brå slutt i 1870. Haugesund by er nemnd og når sesongfisket med stor tilstrøyming av folk frå distriktet no tek slutt, må heile distriktet omstilla seg. Dette kan væra medverkande årsaker til at Torvastadhamn misser si stilling som hamn og lasteplass, og etterkvart blir gløymt. Forretningsverksemda i området held likevel fram, fyrst i Kodløyne og sidan i Kveitevikje, begge ligg rett sør for gamle Presthamn.
   Når det gjeld den kring 200 år gamle tradisjonen med hummareksport, blir det hevda at dei små, engelske seglsluppane ikkje lenger kom til Torvastad etter 1870. Båtane hadde ei liggetid på to-tre dagar medan store mengder levende hummar blei lasta over i brønnen frå dei mange kistene i hamna.
Tøkje, eller hestestedle, er ein naturskapt kai som ligg på vestsida av Svinholmen. Kodløynå og Longgardsholmen i bakgrunnen.
   Dersom varer eller dyr skulle ombord frå land var det berre å leggje skuta med stedle midt på vestsida av Svinholmen. Tøkje, som det blir kalla òg, er mindre enn meteren på det smalaste og blei nytta som kai. Det gjev eit inntrykk av at det var små farty som blei nytta til hummartransporten over Nordsjøen.
   Nokon som verkeleg venta med lengt på at engelskmennene skulle dukka opp om våren var ungane på gardane kring hamna. Dei var raske med å ta seg ombord og få istand sin eigen vesle handel. Med seg hadde dei skjel som var sanka i fjæra og bytehandelen gav engelske skipskjeks, eller ”beskøiter”, i retur. Dei framande sjøfolka som sikkert hadde lært seg litt norsk på dei mange turane til den norske vestlandskysten, sette nok stor pris på dampkokte skjel. Ungane sjølve snappa vel opp nokre engelske gloser, nyttige til seinare bruk om større handel stod for døra.
   Ein som tidleg lærte engelsk var los og bonde John Johnsen Grønningen (#134_6_501), som var 60 år gamal då han døydde i 1881. I sine unge år var det sokneprest Kaurin som sytte for at guten lærde seg det språket. At han fekk bruk for det han hadde stridd slik for, synte seg i at han var den siste på Torvastad som hadde forretningar med dei engelske hummarkompania. To av sønene hans gifta seg med engelske jenter og busette seg borte i Grimsby, ein av dei for godt.
   Med dette måtte hummarfiskarane frå Utsira, Føynå, Røvær, Avaldsnes og heimbygda Torvastad levera fangstane sine ein annan stad. Kan hende gjekk dei nå til Haugesund som hadde grodd opp like i nærleiken og kunne ta imot dei større, nymotens dampskipa som på denne tida tok over Nordsjøfarten? Desse maskinbåtane var nok ikkje noko problem for Åkrabuen heller, som framleis tek imot noko hummar for videre sal.

Kilde: Årbok for Karmsund 1987 - 1992, Karmsund Folkemuseum: Gjestgjevarverksemd og hummarhandel i eksporthamna "Presthamn" på Torvastad, frå 1600-talet til slutten av 1800-talet av Roald Østensjø