Fredag 18. August 2017 - 08:59  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Matr

Matrikkelnummer

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Vikingstad >> 1_1 Særmerkte kjennetegn >> Vikingstad (Vikjingstad)
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Vikingstad (Vikjingstad)

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 130_1_101
Skrevet av John Karsten Vedø - 26.01.2011

Vikingstadgarden ligg på eit høgdedrag med fine, flate bruk kringom det gamle tunet «Himigarden». Austanfor den gamle himabøen ligg den djupe dalen som tek til ved Stongavågen og går nordover mot Torvastad, der dei kallar han for Brekkedalen.

 

Før 1838: Matr. nr. 3. Skyld 5 pund korn.
1838-1851: Matr. nr. 33, løpenr. 130-139. Skyld 22 dalar 2 ort 4 skilling.
1851-1886: Matr.nr. 5, løpenr. 24-36. Skyld 22 dalar 2 ort 4 skilling.
1886-1965: Gardsnr. 5. Skyld 28 mark 1 øre.
1965-: Gardsnr. 130. Skyld 28 mark 1 øre.

Avsatsar i bakkane (særleg på Stongo) syner at sjøen i si tid har gått gjennom Brekkedalen. Denne dalen var eit naturleg skilje mellom innmark og utmark i gamle dagar. Mot sør og vest er garden berglendt med høge hamrar, små skar og deilder som tøyer seg ut mot oddar og nes med større og mindre vikar frammed Vikingstad-stranda som er ca. 1 km lang.
   Vikingstadsjøen kallar me sjøstykket innanfor Føyfjorden, mellom Stongavågen og Torvastadsjøen. Grensa mellom Vikingstad og Torvastad går frå sjøen og austover gjennom austre gravsplass og på sørsida av kommunestykket der Gamleheimen var. Ved endepunktet møtest 4 gardar med kvart sitt gardsnummer. (Stabbstod kallar ein det i Rogaland). Grenselina med Stongo går mot sør og vidare i vestleg retning til Stongavågen.   

Etter Oluf Rygh si tolking kjem Vikingstad av mannsnamnet Vikingr. Professor porhallur Vilmundarson i Reykjavik seier at det finst to døme på Vikingsstadir i Island (i Sudur-pingeyarsysla og Sudur-Mulasysla). Han trur ikkje at første lekken er eit personnamn.
   Uttalen er noko ulik i dagleg tale. Somme seier «Vi'kjingsta» og andre seier «Ve'kjingstad». Skrivemåten har ymsa fram gjennom hundreåra. Me kan nemna at på 1500-talet er det skrive «Vigestad», «Vichingsted» og «Viggingstad», «Vigrestad» i 1661, «Vigenstad» i 1606 og «Wichingstad» i 1723. 
   

Kilde:    Birger Kjetland og Arnvid Lillehammer: Bygdebok for Karmøy, Torvastad. Utgitt av Bygdebokutvalget i Karmøy 1979