Søndag 20. August 2017 - 09:53  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Festerøl

Trulovingsgilde.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Feøy >> 7_4 Minner fra krigen >> Farefull ferd med Tordenskjold
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Farefull ferd med Tordenskjold

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 133_7_411
Skrevet av Per Kåre Lande - 14.01.2011

John Mathias Svendsen (f. 1899) var fisker på Feøy. Han ble legendarisk under krigen som fører av en kutter med navnet Tordenskjold. Han var en av de mange motstandsmenn, som viste stort mot i en farefull tid. I et intervju forteller han en spennende historie mot slutten av krigen.

 

Eg meldte meg inn i Milorg og måtte utføra forskjellige oppdrag. Når du hadde meldt deg inn der og fekk et oppdrag, så måtte du utføra det som det var gitt ordre om. Det var ingen vei utenom.

Et hemmelig oppdrag
Ein dag fekk eg telefon frå Haugesund om å komma der inn. Det gjaldt ei sildalast eg skulle føra. Tidlegare hadde eg fått et tips om at der skulle komma ein mann som eg skulle ta kontakt med når eg kom til byen. Mannen skulle spør om eg kjente Juve.
   Eg reiste til byen med skøytå mi Tordenskjold, og ganske riktig så kom der ein kar ned på kaien. Han spurte om eg kjente Juve. Ja, er han og på fiske, sa eg. Det viste seg å vera rette mann. Og så sa han at me skal dra av gårde i ettermiddag og henta ei våpenlast vest om Bremnes. Og så skal me ha med oss sildakassar til kamuflasje på dekk og nåke is.
   Me gjekk innom Stoltenberg og fekk kassane og isen.

Tysk passkontroll
Så sa eg at det er best at me tar kontakt med tyskerene på Kortanes og får stempla passå våres, slik som me til vanleg må gjera for å komma inn og ut av havnen. Det ville han helst ikkje vara med på og ta kontakt med dei. Han ville helst at me gjekk uten å gjera det. Men eg gjekk og fekk stempla passene som vanleg.

Møte med MTB
Så for me nordøve til Hisken, på ein viss plass som hadde 8 meter djupna på kartet, var ordren. Og der skulle me treffa to motortorpedobåtar i 11-tida på kvelden. Me gjekk ut og fant denne djupnå. Men der låg et båtlag som arbeidde med et sildakast som var tatt der. Så der kunne me ikkje liggja. Så gjekk me lenger ut og vestforbi. Så i 11-tidå om kvelden kom der to motortorpedobåtar for full kjør og passerte oss. Me prøvde og praia, men dei for på inn. Etter ei stund kom dei ut igjen og då fekk me kontakt med dei.

Våpenlast
Og dei kunne ikkje stoppa motorane for dei hadde det travelt, forsto me. Avtalen var at sendingå som me skulle henta skulle vara pakka i norske sildakassar og norske sildatunner. Då lossingå tok til viste det seg at våpenene og utstyret var pakka i engelske kassar med engelsk tekst og likedan med tunnene.
   Eg sa til sjefen om bord at detta går ikkje. Me skal lossa detta denne dagen og sjøl ein gutongje inni Haugesund forstår jo at detta er frå England. Sjefen visste ikkje råd for dette. Eg sa at visst det var tyskerane dei kom med ammunisjon til så var jo dette greit, for dei ville jo forstå sammenhengen ganske snart.
   Men det blei til at me tok til med lossingå. Etter at den først båten var lossa så tok me til med den andre. Det blei til sammen 15 tonn med våpen og utstyr, så rommet blei heilt fullt. Då me hadde fått lasta om bord kunne me ikkje gå til byen nå med nottå. Me måtte venta til i morgen og dagslys.

Problem med den engelske loffen

M/S Tordenskjold ved brygga på Feøy.
Mens me låg ved sidå av motortorpedobåten så lempa dei ein masse med engelsk loff om bord til oss. Då me starta på innturen sa eg til han ”superkargoen”, så han kalta seg, at eg våga ikkje til å gå til Haugesund med all den engelske loffen om bord. Han sa at det gjekk jo an å gjømma vekk om bord. Men eg meinte at me fekk hiva loffen på sjøen. Men problemet blei at loffen ville flyta etter oss og røpa oss.
   Dette var rett før me passerte utforbi Hagland festning. Der blei heila sjøområdet utforbi overvåka så me var nok i kikkerten deira. Eg hadde ei tomtunna om bord så me fylte med sjø og heiv loffen oppi så det blei ei sorpa som me tømte på sjøen.

Farefull ferd til havn
På innturen til Haugesund havn passerte me vaktbåten kor eg hadde stempla passet dagen før. Men i dag vågde me ikkje og gå innom dei. Eg sa at det er best me går nedom Sildalaget, så det ser meir tilforladeligt ut. Nei, sa han, gå inn til byen.
   Me gjekk inn til Kyvikkaien, og før me hadde fortøyd så hoppte han på land og forsvant opp bakkjen. Eg såg ikkje meir til han, eg.
   Eg sa til dei karane som var med meg, at eg våga ikkje å lossa nå med dagen. Me får venta til i kveld med lossingå. Og det blei me enige om.
   Me la til ved et sjøhus på Hasseløy. På havnå var tyske vaktbåtar og ein stor tysk jagar som låg og lyste med lyskastarar ut over havnå. Der var nåken ender som låg og plaska på havnå og den lyskastaren sveipa då dei hørte plaskingå av dei. Og nåken lysstereif feide over oss også.

Spennende lossing
I 9-tidå om kvelden kom lossemanskapet, 7-8 mann. Me lødde opp sildakassar på Eidebryggå der me låg, i mot den enden som var mot bysidå. Det var litt nifst å ligga og lossa der inne mellom tyske fartøyer. Men det gjekk bra.
   Me hadde også fått med oss ein radiosendar som var nede i ruffen. Mens eg var nede etter den kom der ein tysk bil med fulle lys. Eg fekk eskå med radiosendaren ned i ruffen igjen. Men det viste seg at det ikkje var oss dei var ute etter. Det var ein del ungdommar som hadde begynt og dansa nedpå ei brygga omkring 20 meter lenger borte. Og det var ulovlig. Ungdommane blei jagde vekk og så kjørte bilen vekk.
   Me losste tomt, og om morgenen så reiste eg utøve til Føynå.

Tyskerne til aksjon
Etter nåken dagar så kom der ein kar om bord til meg og sa at Anders Kleppe var tatt av tyskerane med et lass med kjøt og ein lastebil var tatt. Når eg hørte kim som var arrestert, så forsto eg ka kjøtet var for nåke. Eg snakte med ein kar inni byen og han sa at eg måtte komma meg av gårde snarast.

På flukt over Nordsjøen
Eg fylte parafin og proviant og om kvelden så gjekk me over til Shetland. Det gjekk fint. Me gjekk om torsdagskvelden. Om lørdags morgen var me på Shetland. Me la oss ut forbi innløpet til Lerwick og venta til der kom vaktbåt og praia oss.
   Me låg i Lerwick ei heile veka, for der blei uver. Så gjekk turen til Aberdeen. Siden blei der transport med tog til London og der var me då krigen blei slutt.

(Kassettopptak 22.05.1980 ved Gudmund Kolnes, oppbevart i lydarkivet til Nord-Karmøy Historielag. Avskriften i dialektform er gjort av Per Kåre Lande).