Torsdag 15. November 2018 - 19:26  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Skaffer

Skyss-skaffar.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Vikene >> 3_3 Familier gjennom 1800- og 1900-tallet >> Familien etter Johannes og Anna Martha
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Familien etter Johannes og Anna Martha

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 76_3_301
Skrevet av Rasmus Skeie - 01.04.2007

Vikene tilhøyrde bøndene på Skeie, og ei eller anna slags godtgjerdsle er nok betalt til dei. Dette at Vikene låg under Skeie førde mellom anna til at dei som der budde, måtte gå til Avaldsnes for å stemma på valdagen.


Kvifor Vikenetunet vart lagt på høgda, utan livd frå nokon kant, og med så tung veg med vasselen, kan ingen sikkert vita. Var det utsyn på havet og betre kontakt med dei som der skulle fara, i storm og stille, som var årsak. #76_5_301.

Johannes Gudmundsen f. 1813 og Anna Martha f. 1813 fekk desse borna:

  • Martha f. 1840. (Budde i Vikene. Ingen born).
  • Kolbein f. 1844 (Budde på Skeie. Stor etterslekt).
  • Berta f. 1847. (Budde på Ytreland. Stor etterslekt).
  • Gudmund f. 1850. (Budde på Kolnes. Stor etterslekt).
  • Anna f. 1957. (Budde i Haugesund, gift Eriksen. Stor etterslekt).

I tillegg voks det opp ei gjente som hadde mist mor si. Mora var Anne Marta si syster. Gjenta som voks opp med syskenborna sine, vart mor til den landskjende kunstmalaren Fredrik Kolstø.

Det var vika, med lendingsplass for fiskebåten, og kort veg til fangstplass, for ulike fiskeslag, frå sild til laks, som gjorde levevegen i Vikene mulig. Det var nok jordbruket som var attåtnæring. 3-4 kyr, nokre sauer og ein hest, greidde dei å vinterfø med høy, etter ljåslåtten, mellom stein og knaus.

Etter sams slit for kone og mann, vart det mulig for Johannes og Anna Martha å kjøpa ein gard på Skeie, og såleis også bli medeigar i buplassen.

Garden på Skeie vart straks skjøtt på eldste sonen Kolbein, som flytte dit i vaksen alder. Vikene vart overtatt, full og heilt, av Kolbein sin eldste son, Johannes i 1917.
Vikastølen og Pikhaugplasset, høyrde då med, og vart seinare utskilt.

Til inn i trettiåra hadde Vikenehuset nære naboar. Like ved vegen, i god livd for nordavinden, er det ennå merker etter grunnmurar til to hus. I huset som låg nærast strandkanten, budde Magel Kalstø. Ho hadde nok overtatt huset etter Brikta-Lars. Det var han som hadde vore i Vedavågen og sett at dei ”trodla”. – Det var ein telefon han hadde sett i bruk for fyrste gong.

I huset lenger oppe budde systrene Karoline og Margreta Askildsen. Når folk kom kjøyrande med hest og kjerre til Vikene, kom dei eldre damene ut i vegen og ville drøsa og spyrja etter nytt. Dei hadde slett ikkje radio, og truleg heller ikkje avis.

Tyske tropper inntok Vikene og store deler av Kvalavåg, våren 1941. Når vinterkulden kom, vart løe og sjøhus brukt til brensel. #76_7_401.