Søndag 20. August 2017 - 09:55  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Tak

(Bjørke)never til tekkjing av tak. Brukt som skyldeining.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Grønningen >> 5_2 Personer >> Kaptein John Vedø forteller
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Kaptein John Vedø forteller

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 134_5_201
Skrevet av John Karsten Vedø - 01.11.2010

John Hansen Vedø (18841969) vokste opp på Salvøy, men bodde på Grønningen fra ca 1941 til 1969. John var sjømann, og reiste mye før han flyttet til Grønningen. Her er gjengitt et intervju med John Vedø, utført i ca 1965 av Ingolv Ytreland, Haugesunds Avis.

 

John Vedø
Det fins folk som mest aldri fortel om seg sjølv og sitt eiga yrke. Er dei i større eller mindre lag, så sit dei stille og lyder til det som andre har å bera fram. Dei krev ingen plass for seg sjølv, men gler seg når grannen eller venen får koma til ords. Men kjem dei på gli, så ser du inn i eit rikt liv.
   Ein mann av denne typen er kaptein John Vedø i Torvastad. Han bur der vest imot sjøen, og her har han hatt heimen sin ein mannsalder. Han kom frå Vedøy i Vedavågen, der faren hadde si slekt. Hans Fredriksen, som var siste losen der ute. Men mor til John Vedø var frå Torvastad. Ho vart fødd her og her voks ho opp, fortel han i samtalen.
   Og du gjekk i skulen i Vedavågen og fekk fyrste lærdomen din der, nett den tida då dei heldt på å slå saman dei to skulekrinsane? Ja eg gjekk i det vesle skulehuset i Rekkje, dei kallar, men så flytte dei huset lenger opp i bygda, så Vedavågen fekk berre ein skulekrins. Men sanneleg lærde me ikkje så lite. Me kom så pass i veg i reknefaget at eg greidde meg godt seinare, då eg vart sjømann og fekk gå navigasjonsskular. Men tidleg kom me gutane ut i fiskebåten. Vinteren før eg gjekk for presten, var eg med Gudmund Stensen. Eine sonen hans var på same alder. Han var og med. Men så var dei to vaksne menn og. Me hadde ein båt som tok eit sneis mål sild, det var ikkje store farkosten. Men me fylgde fisket heilt nord til Røver, hadde med oss sengklede og mat og det me trong. Me fekk prøva oss i linebåten og.
   Det var torskefisket her ute den tida, og det kom folk heilt fra Nord-Norge. Han far sette opp ei rorbu ute på Vedøy og den står den dag i dag. Denne rorbua fekk nordlendingar bu i.
   Men du for ut i unge år og tenkte ikkje meir på båt og fisking? Ja, det var så lite å tena på det vanlege fiske, og så for eg til Skudeneshavn og fekk hyre med ein skonnert, han heitte "Lars Riisdahl", og eg trur det var Skåluren som hadde bygt han. Den tid var det endå mange seglfarty i Skudeneshavn, til og med store skuter. Skonnerten var ikkje stor, men eit godt farty. Me førte salt frå Cadiz til New Foundland fyrste turen. Då me nådde fram, fekk me vita at me skulle heilt til Labrador. Me fekk fisk med tilbake til Malaga i Spania. Eg vart ombord i denne skuta i fjorten månader, og hadde ei god tid der, endå hyra var berre tretti seks kroner månaden. Me var sju mann om bord i alt.
   Og militærteneste den tid hadde du på Horten, avdi du hadde vore til sjøs? Det vart eit års tenestetid og me hadde losji om bord i fregatten "Kong Sverre", ei svær avtakla seglskute. Me var visst fleire hundre mann der. Mykje av læretida hadde me om bord i panserskipet "Norge" som du veit gjekk ned ved Narvik i 1940 i siste krigen. Havnefogd Thuestad var enno om bord. Og så bar det på styrmannsskulen i Haugesund? Den tid heldt skulen til i den gamle sjømannsskulen, mest der storhotellet Saga står nå. Kurset varde seks månader og me fekk arbeida godt den tida. Skipperskulen tok eg fem år seinare.
Til sjøs i 1920-åra
   Men det vart vel ikkje fleire turar på seglskuter? Nei, nå hadde stimbåtane teke plassen for det aller meste, og eg kom ombord i "Fernanda", Wrangells rederi. Det vart turar til Østersjøen med sild, dette var vanlege turar den tid. Eg var og om bord i "John Knudsen" som høyrde Knutsen rederiet til. Eg var andre styrmann der. Same rederiet åtte båten "Anna Gurina". Lastene kunne vera sild eller kol, eller ymse anna. Med det same fyrste storkrigen braut ut, 1914, gjekk me mellom Glasgow og Frankrike med kollast. Franskmennene trong mykje kol. Eg tok skipperjobben på "Anna Gurina", og her fekk me oppleva krigen, for me vart torpederte i Kanalen. Ubåten gav varsel, han ville ha meg ombord med skipspapira. Mannskapet måtte gå i båtane og båten vart send til botnar. Me miste alt me hadde, og det var ikkje tale om å assurera personleg utstyr i den tid, i alle fall gjorde eg det aldri. Men ein engelsk torpedojagar tok oss opp og sette oss i land. Du hadde vel ikkje fleire slike opplevingar Vedø? Han smiler, den gamle sjømannen. Ja, han måtte nok møta det same i Middelhavet. Han reiste heim frå England og vart kaptein på "John Knudsen". Det var denne båten som vart torpedert i Middelhavet ei tid seinare, utan varsel, og om natta. Me fekk fira båtane, seier Vedø, og me kom oss ut i dei, alle så nær som ein mann, han var nede, og det er truleg at han sov. Ein engelsk båt tok oss opp, og me kom inn til Gibraltar.
   Manskapet vart verande der ei tid, og fekk hyre med andre båtar. Men eg måtte heim til Norge. Eg fekk fylgja ein svensk båt. Me kom ut i ruskevær, og ruta vart lagd vest om England. Me kom endeleg til Bergen. Så vart eg heime siste krigsåret.
   Ein skal ikkje undrast på at ein kaptein som opplever to torpederingar, hadde trong til å gi opp ei tid. Men Vedø var ikkje den som hadde tenkt å slå seg til på landjorda ennå. Han tok ut etter at krigen var slutt, og vart verande skipper på Haugesund-båtar heilt til 1940. I så mange år vart du kjend i mange land, kan eg forstå? Det var helst mellom Europa og Amerika eg for, og mest på Nord-Amerika. Frå Vestindia førte me sukker til statane, og frå Jamaica bar det til Canada med same slag last. Og mannskapet var både norsk og spansk? Ja, me hadde mange spanjolar om bord, flinke og greie folk. Det er store forandringar frå di fyrste sjømannstid til i dag? Alt er omsnutt, seier Vedø. Større båtar, hyrene mykje høgare, matstellet skal ein helst ikkje tala om. I mi marinetid fekk me berre kavring, ja, om sundagane var det vanleg brød. Men sjøfolka treivst og var lukkelege i si gjerning. Men særlege opplevingar har du mange av? La meg nemna dei to negrane som hadde reist ut og skulle fiska borte ved Florida. Eit eller anna gjekk gale for dei, og så dreiv dei til havs. Me tok båten på slep, og spurde om dei visste kor dei var. Svaret dei gav synte at dei hadde rekna reint gale om posisjonen sin, for sterk straum hadde ført dei langt nordover. Me fekk dei inn under land så var dei berga. Dette hende medan eg førte "Anna Gurina".
   Men så kjem fru Vedø med kaffien. Samtalen er ikkje broten for det, for nå kjem borna inn i samtalen. To av sønene har gått i faren sine spor og er til sjøs, står vel snart i skipperuniform, utan at foreldra nemner dette. Dei andre to borna har arbeid på land, men alle ser ut til å slå rot på heimegarden, her er alt nye heimar reiste. Takk for samtalen, Vedø og frua, og lukke til med mange lyse dagar og år.