Onsdag 18. Oktober 2017 - 05:59  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Skøyte

Dokument som overfører eigedomsretten til ein ny eigar.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Lande >> 7_4 Minner fra krigen >> ”Me så vant krigen”
Utskriftsvennlig format Tips en venn

”Me så vant krigen”

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 81_7_404
Skrevet av Peder Jakob Kalstø - 20.10.2010

Dei vaksne gjorde på sitt vis det dei kunne ved ”sivil motstand” under 2. verdenskrig. Som gutunge førte ei hending til at også eg opplevde å vera med å vinna krigen.

 

Andre hendingar frå barndommen finst i artiklane
Barndomsminner # 81_7_402.
Kontrollørane #81_7_403.
Med ku til slakt #81_6_501.


Skirenn med tyskarar
Ein dag krigsvinteren 1944-45 var ein kamerat, Math. Lande, og eg ute og gjekk på ski. Eg var 7-8 år og Math 6-7 år eldre. Me hadde funne oss ein bakke i det me kalte Hetlandsbakkane på Hinderåker. Frå den høgaste toppen der og ned på austsida laga me oss ei løype som nesten heilt nede gjekk over ein kjerreveg. Slik blei det eit lite hopp nederst.

Tøffingar på Lande.
Fem år etter krigen stiller Jakob Kalstø (nr. 2 frå høgre)
opp med gevær (dvs. hagle).
Brødrene Paul og Kornelius Stange til venstre.
Fotokopi frå Avaldsnes. Gamle glimt. Bind 2.
Hafrsfjord forlag 2005.
Etter ein del øvelse klarte me å stå ned heile løypa. Ein gong me kom opp på toppen såg me at det kom ei tropp med tyskarar frå Visnes. Dei gjekk på kvite ski med kvite stavar og geværer. I tillegg hadde dei full oppakning med ryggsekker. Dei hadde retning mot toppen der Math og eg sto.
   ”Kom an, me lokkar dei ned her,” sa han Math. Og så sette han utfor. Og eg fylgde etter og begge kom fint ned på sletta.

Der nede sto me og såg på at tyskarane sette utfor same plassen. Men dei ramla ein etter ein når dei kom til ”hoppet”. Ei hel tropp, kanskje 20 stykker, låg der og kava i snøen. Då blei eg redd. Det var jo me som hadde lokka dei ned akkurat der kor den vanskelege delen av løypa var. Kva ville skje nå?

Det blei heldigvis ikkje nokre represaliar frå tyskarane mot Math og meg. Og begge kunne me koma oss heim og var mektig stolte - for me hadde jo vore med og vinna krigen! #910_7_411 (Det var 3-4 månader før 8. mai 1945 – men likevel…).