Søndag 20. August 2017 - 17:36  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Rent og utstent

Merka av med rein og delesteinar.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Lande >> 7_4 Minner fra krigen >> Kontrollørane
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Kontrollørane

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 81_7_403
Skrevet av Peder Jakob Kalstø - 19.10.2010

To hendingar frå verdenskrigen 1940-45 gjorde inntrykk på meg. Eg var fødd i 1937, men hugsar godt ”kontrollørane”.

 

Andre hendingar frå barndommen finst i artiklane
Barndomsminner #81_7_402.
”Me så vant krigen” #81_7_404.
Med ku til slakt #81_6_501.

Då far lurte tyskarane

Sonja, fem å etter krigen. Jakob Kalstø ved taumane.
Enkelte bønder fekk innkalling til å møta med hesten. Det var tyskarane som hadde bruk for fleire hestar, og då var det greit å ta desse frå bøndene.
  
Far min blei kalla inn saman med hesten vår, Sonja, ei stor merr. Møteplassen var Karmlund Mølle. Sonja var nok eit godt objekt for tyskarane. Nå var gode råd dyre.
   Eit par dagar før møtedato gjekk far ut i hesthuset og sette ein hesteskosaum (spiker) gjennom hesteskoen og opp i hoven. Det hendte av og til når ein skodde hestane at ein saum tok litt feil veg og kom litt for langt inn i hestehoven. Dette hendte med denne saumen hans far.
  
Far tenkte som så at når Sonja skulle visast fram kunne ho sjå ut som halt. Han var nok klar over at det kunne gjera vondt når hesten gjekk. Så kom dagen då me skulle visa Sonja fram. Før me drog til mølla drog far ut saumen. Jo, tyskarane var interessert i Sonja, men då dei såg at ho halta ville dei ikkje ha henne!
   Haltinga til Sonja gav seg etter eit par dagar, og me hadde hesten vår framleis til krigen var slutt.

”Å sjå mellom fingrane”.
Ein annan gong møtte ikkje far opp med hesten ved innkalling til tyskarane. Tormod Lindøe heitte ein bonde på Våge. Han var kontrollør for hestar som skulle visast fram for tyskarane. Han hadde jobben og kryssa av for frammøte. Då far nokre dagar seinare møtte Tormod sa han til far: ”Det er kryssa av i bokjå.”
   Det var mange gode nordmenn som måtte gjera teneste for okkupasjonsmakta og som hjelpte bygdefolket ved ”å sjå mellom fingrane”.
   Høy til hestane skulle også ”herrefolket” ha. Eg var ein gong med far til Bø Teglverk, der me leverte eit lass høy. Eg hugsar ikkje om der var norsk kontrollør.

Kornkontrollen
Dei som kontrollerte kornvekta kunne og ”sjå mellom fingrane.” Tor Hetland heitte ein bonde på Hinderåker. Han var sett til å kontrollera kornvekta når me treska om hausten. Han Tor hadde sonen Åge med seg rundt til dei mange løene.
  
Ein gong me treska på Lande fann han Tor Hetland ut at han måtte stella kyr og griser heime. Og mens Tor og Åge var heime på Hinderåker og stelte dyra nytta me sjansen til å lura unna dei sekkene med korn som me ville ha til eige bruk. Då Tor kom igjen var det berre dei sekkene som sto på låven som blei vegde.
   Bøndene hadde lov å ta unna til seg sjølve eit visst antall kilo, men denne mengda blei altfor lite. Derfor måtte ein lura unna noko meir enn det som var tillatt av tyskarane. Ingen hadde dårleg samvett for det som blei gjort ved ”dårleg” kontroll.
  
Kornsekkene blei gøymde under høyet og andre plasser. For vår del blei sekkene gøymde på eit skråkott i andre etasje til huset vårt. Der fantes det nokre små rom med dører bak sengeryggen til mor og far.