Mandag 18. Desember 2017 - 19:41  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Ort

Mynteining.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Lande >> 7_4 Minner fra krigen >> Barndomsminner
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Barndomsminner

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 81_7_402
Skrevet av Peder Jakob Kalstø - 09.10.2010

Eg vaks opp på Lande der foreldrene mine hadde gardsbruk. To hendingar saman med far min minnes eg godt. Då må eg ha vore i 6-7-års alderen.

 

Godkjenning av slakt

Søknadskort til Forsyningsnemnda.
Montasje. John Karsten Vedø.
Ein dag under krigen var eg med far til Skeie. Far hadde sendt inn søknad på spesielt kort om å få lov å slakta ein kalv. Ein måtte mellom anna oppgi antatt kilo på slaktet. Søknaden var blitt innvilga og kalven slakta. Så gjensto kontrollveging. Dette var det Sigvart Skeie som sto for.
   Då me kom fram til han Sigvart blei skjemaet med tillatelsen og antall kilo vist. Sigvart fekk vekta til å stemma – sånn omtrent som oppgitt. (Sigvart Skeie var kjent som ein god kontrollør for bygdefolket….). Så kunne me kjøra heim med slaktet, som blei partert og tatt vare på etter beste evne. Me hadde jo ikkje fryseboks, men hermetisering og salting blei nytta.
   Om større dyr skulle slaktast etter same søknad og kontroll-prinsipp var det vanleg at naboar og andre bønder fekk nokre kilo kjøt. Så fekk me tilsvarande igjen når dei slakta.

På mølla
Nokre søknadskort til Forsyningsnemnda.
Montasje. John Karsten Vedø.
Ein gong skulle far og eg til Rygge med ein kjøtpakke. Der budde onkel Georg, bror til mor, med sin familie. Besøket skulle kombinerast med ein tur til Karmlund Mølle på Fiskå #90_7_401.
   På mølla fekk me vita at tyskarene hadde storkontroll rett sør for mølla. (Det var der sør at Rygge var). Folk håpa at sperringa snart blei oppheva. Men tida gjekk. Far fann ut at eg skulle gå til tante og onkel på Rygge med kjøtpakken. ”Du går berre rett fram forbi tyskarene”, sa han, ”dei bryr seg ikkje om deg. Ungar blir ikkje kontrollerte.” Javel, eg gjekk og bar kjøtpakken i armane og kom heldigvis vel fram utan kontroll.

Lang ventetid
Avtalen var at far skulle henta meg når sperringa var blitt tatt bort. Det varte imidlertid nokså lenge og far dukka ikkje opp. Så fulgte søskenbarnet mitt, han Jakob, meg på veg tilbake mot mølla. Han var 6 eldre enn meg. Det var nå blitt mørkt – og eg syntes det var nifst.
   Ved mølla møtte eg og Jakob far med hesten, og me kunne kjøra heim til ei nervøs ventande mor. Ho hadde tenkt det verste, når me blei så lenge vekke. Me kunne jo ikkje gi beskjed til henne, for telefon hadde me ikkje (og slett ikkje mobil.)