Torsdag 15. November 2018 - 19:26  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Vitnesteinar

To steinar ved ein merkestein som "vitne".

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Grønningen >> 4_1 Kort oversikt >> Utskiftinga på Grønningen i 1906
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Utskiftinga på Grønningen i 1906

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 134_4_101
Skrevet av John Karsten Vedø - 20.02.2010

27. september 1906 vart det halde utskifting på Grønningen. Det skulle ha vore året før, men vart utsett då.

 


Formann i utskiftinga var T. lldstad saman med to lagrettemenn, Erik H. Thuestad og Lars Nilsen Gaard frå Skåre. Forhandlingane føregjekk i Torkel Knutsen sitt hus på bruk 4 og 7. Alle loddeigarar møtte fram. Formannen hadde med seg kart over garden og eit førebels utkast til delingsplan over garden (#134_4_301).

 

Først føretok dei skylddeling av ein del av bruk 1 som Nils Nilsen hadde kjøpt - det var bruk 6, og skylddeling av bruk 4 som Torkel Knutsen ville dela i to like delar som nå vart bruk 4 og bruk 7. Det siste fekk sonen Henrik nokre år etter.


Etter befaring og samtale vart ei deling vedteken av alle. Skifteliner viste kor grensene var. Plikt til gjerde vart og vedteken der kvar brukar fekk sitt ansvar.
Det gjekk ein gamal veg frå bygdevegen og ned til sjøen. Den skulle vera 3 meter brei mellom grøfter og skråningar. Vegen gjennom det gamle tunet skulle leggjast om etter nedsette merke. Nokre vegar skulle berre vera 2 eller 2,5 meter breie. Oppsitjarane på Sæbø hadde hatt ein veg over Grønningen og fram til bygdevegen, og den skulle dei framleis få nytta - den "forbeholdes disse loddeiere".

Skulle det verta mangel på vatn, skulle folket kunne nytta dei gamle kjeldene og ha fri veg til dei. Eit anna unnatak var dette: Skulle dei finna malm eller nyttige mineral i marka, skulle eigedomsretten til den vera som før utskiftinga. Det er ikkje teke noko atterhald eller tidsavgrensing her. Det same gjeld innsamling av tare, landslot og andre sjørettigheter. Dei var ikkje med i denne delinga men skulle gjelda som før. Men frukttre og bærbuskar kunne dei flytta frå gamle teigar til sine nye delar av garden.


Naust ved stranda er og merka av. På Idlaberg hadde det vore eit gamalt båtopptrekk og det skulle vera som før. Men graset skulle tilhøyra John Johnsen på bruk 3. Og kvar skulle ha rett til naudsynleg veg til nausta sine.

 

Som på dei fleste gardar skulle det gamle samtunet (fellestunet) løysast opp. Tre tun skulle flyttast: John Johnsen, Anders Larsen og John Thomasen sine hus. Men alle bruka skulle vera med å dela utgiftene til dette. Husa skulle vera flytta og tomtene rydda innan 30. oktober 1908. Dei hadde altså to år på seg til å gjera dette. Men sjølve delinga skulle tre i kraft 1. januar 1907 (Kilde: kopi av utskiftingsdokument).