Torsdag 15. November 2018 - 21:57  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Tag

(Bjørke)never til tekkjing av tak. Brukt som skyldeining.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> >> 6_4 Industri og håndverk >> Guten og verket
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Guten og verket

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 146_6_401
Skrevet av
Warning: Invalid argument supplied for foreach() in /var/www/n-kh.no/public_html/sider/artikkel.php on line 117
11.12.2009

Eg vil fortella litt om kva eg huskar av prosessen med å laga murstein og namna på arbeidarar i prosessen. Det er klart at nokre namn huskar eg betre enn andre og eg har sikkert glømt ein god del. Dei eg huskar var nok i arbeid på 50-talet.

 

Produksjonsprosessen starta i leirtaket på vestsida av riksvegen. Her var det ein ganske stor gravemaskin av type HAM-JERN. Denne maskinen kjørte far min, han heitte Berge til fornamn. Det blei lasta leir opp i to vogner som blei trekte av eit lokomotiv. Lokomotivførar var Einar Kaalaas og lykka for ein gutalarv som meg var sjølvsagt å få vera med og kjøra toget! Einar var nok blant oss gutane teglverkets mest populære mann. Dei to leirvognene blei kjørte ned til verket (under vegen i tunnel) og lasta blei tømt på ei rist. Her blei stein skilt ut, leiret blei tilsett vatn om han var for tørr eller tørrleir tilsett om han var for våt. På rista jobba der tri mann. Dei eg hugsar best var Sigve Sørvaag, Olaf Kaalaas og Einar Schultz.

Siste lønningsposen hans far

 Leiret blei elta til passeleg konsistens og stempla ut to og to på eit såkalla brett, ei lita fjøl. Ein mann la eit tomt brett på eit samleband, så kom det eit stempel og stempla ut murstein på brettet. I andre enden av samlebandet sto det ein annan arbeidar og tok av steinane og sette desse på ein bokk, ein trillebår med etasjar. Ved samlebandet jobba ein mann i kvar ende og det var Edvin Kolstø og Lars Ragnvaldjord. Bokkane med rå stein blei så kjørte ut i turkehus der dei sto til steinen var tørr og lysegrå. Dei eg hugsar som kjørte stein ut til turkehusa var Alf Kolstø, Kalle Hjelmaas, Kristian Bø og Tønnes fra Fiskå, som eg ikkje kan koma på etternamnet til.

 

Så var det ein annan gjeng som kjørte tørrstein inn i omnen for brenning. Her hugsar eg Arne Hauge, Harald Hagesether, Kalle Skeisvoll og Magnus Larsen. I omnen sto det to stuarar som stabla steinen på ein spesiell måte, sånn at alle skulle bli best mulig brent. Desse var Erik Stokke og Lars Kaalaas. Dei to hadde nok den suverent varmaste jobben i prosessen.

Når steinen var ferdig brent, blei han kjørt ut til lagerhus på kaien. Her sto det to mann og sorterte steinen etter første sort, andre sort og klinker. Første sort var perfekt brent, andre sort var litt for bleik og klinker var mest brent. Sorterarar var Ole Skeisvoll og Fred Kolstø. Den steinen som blei skilt ut var populær blant folk som hadde bruk for stein til husbygging og slikt. Dei som kjørte ut ferdig murstein fra omnen, hadde sikkert den tyngste jobben på verket. Eg kan hugse Olaf Kolstø, Sven Fiskåen og ikkje minst Tin Damm som var ein råsterk kar fra Vorrå.

Så må eg ikkje glømma fyrarane som hadde ein viktig jobb for at steinen skulle bli perfekt brent. Desse karane gjekk skift. Det var ingen fysisk anstrengande jobb og ofte var det slik at fyrarane var eldre arbeiderar med mykje røynsle. Eg hugsar at Erling Severeide, Olaf Kaalaas, Bernt Hjelmaas og Norris Lyngstad fyrte, men her har det vore mange innom. Eg hugsar òg to reparatørar som vel kan kallast tusenkunstnarar. Det var Bernhard Hjelmaas og Johannes Vikshåland.

Og me ongane som ikkje hadde noko på verket å gjera, men som var der likevel, hadde stor respekt for disponenten Leif Kaalaas.

 

 
Det var plass til kontroll-regning på baksiden av lønningsposen
   Det kom lastebilar og henta murstein og kjørte desse til dei som skulle ha. Dette blei på 50-talet utført av lastebilar frå Lastebilsentralen. Kvar tysdag og fredag kom det føringsfartøy som førte stein til Bergen. Dei fleste av desse fartøya hørte heime i Mosterhamn. Eg hugsar nokre namn: Nappholm, Magne 2, Tordenskjold, Andvake, Signy og Reward.

Arbeidarane fekk lønn kvar fredag, i lønningspose, sirleg utrekna – det var langt fra dataalderen. Bø Teglverk blei rekna som ein god og ikkje minst sikker arbeidsplass. Og nokre frynsegoder hadde dei kanskje òg i den tida. Eg hugsar at arbeidarane fekk vrakstein som di pikka fine og brukte når dei bygde hus. Det er nok ein grunn for at det er så mange murhus rundt nedslagsfeltet til teglverket.

Det er sikkert masse eg har glømt, ikkje minst namn. Men sånn er det... Det har litt med kva tid me hugsar best i frå. Kanskje er det andre som hugsar noko anna?

Jostein Hagen, i skrivande stund 65 ½ år.