Torsdag 15. November 2018 - 22:45  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
gnr

Nummer på ein matrikkelgard i ei bygd.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Skjølingstad >> 2_1 Stedsnavn - lister og kart >> Stedsnavn på Skjølingstad
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Stedsnavn på Skjølingstad

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 136_2_101
Skrevet av John Karsten Vedø - 29.10.2009

I skiftet med bnr. 1 på Sæbø ligg Breimyr der Skjølingstad-buen spadde torv før i tida. Namnet Torvhodl er ennå kjent. Myraflekkje vart og nytta til torvspaing. Under siste krigen (1940-45) reiv Skjølingstad-buen rabba i Kvaløyne. Å riva rabba er å flekkje lyngbassar og gras med tæger av berga, turka dei og bruka dei til brensel.

 

Gråbergskjer ligg i grenseskilet med Sæbø i sør, og strandlina går nord til Skjølingstadvågen som grensar til Dale. Skjølingstadvågen går inn til Floje, eit berg som høyrer Dale til. Her renn Skjølingstadbekken ut i sjøen. Denne bekken har drive kvernane til kornmaling i hundreåra som kvarv. Bekken kjem frå Hålandsvatnet i myrane ved Torvastadgrensa, aust for hovudvegen. Namn som Hålandstemmen og Kvednahoien er minne frå den tida folk fra Håland, Dale og Skjølingstad byttest om å mala på kvednane sine.  

Av andre stadnamn på Skjølingstad-garden skal me nemna Ekredne, Stora- Duberg, Dubergsmyre, Torkleivsmyre, Årfeitt, Svinahoien, Gudlahålo, Gudlabakkane, Almeninjen, Klone (ein åker som liknar ei hummarklo), Stemmemyre, Dalsekredne, Hagadne (Haien), Varen, Bastahoien, Kvednahoien, Hylsfihoien, Bjønnsihoien, Havarehoien og Kjørkjemyre.  

Vest for Skjølingstad ligg Brattholmen, Litle og Store Lamholmen, Hansaholmen (fyr), Svorteskjer, Flåteskjer. Frammed stranda har me Søra og Nora Tresvikje-bokte, Grøbjørg, Nesabetje og Skorpo (ein holme med seglmerke).

Kilde:    Birger Kjetland og Arnvid Lillehammer: Bygdebok for Karmøy, Torvastad. Utgitt av Bygdebokutvalget i Karmøy 1979