Tirsdag 20. November 2018 - 12:27  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Bismer

Stangvekt.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Utvik >> 6_4 Industri og håndverk >> Elektrisk verkstad
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Elektrisk verkstad

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 85_6_411
Skrevet av Aadne Utvik - 19.01.2009

Elias Vaage var ein kjend elektikar i Avaldsnes. Han døde 16.01.2009, 95 år gamal. Elias var medlem i Nord-Karmøy Historie- og Ættesogelag frå starten av og tok vel vare på minner om lokalhistoria. Han har levert mange artiklar til GiAT under initialene EVa. Forteljinga om den elektriske verkstaden hans er typisk for korleis Elias Vaage formidla lokalhistorie.


Eg slutta som elektrikar ved gruva i Visnes etter 5 år. Deretter var eg i viklepraksis ved EFP Sauda. Så i året 1944 leigde eg kjellaren hjå Jens Clausen ved Kyrkjevegen (nå Kong Augvalds veg 12).


Potetkaker og lyngbrenning

Kona mi baka gode potetkaker, som alle skrøytte av. Og mannen måtte ut i utmarka og riva lyng, både titt og ofte. Til slutt vart eg lei av lyngrivinga. Og då var det idéen om elektrisk bakstehelle vart unnfanga, der ute i utemarka. I kjellaren hjå Clausen såg ei og anna elektrisk steikehella sin fyrste dag.

I verkstaden dreiv eg og vikling av elektriske motorar. Kona mi fekk og læra å vikla. Der tok eg også til med elektrisk installasjon rundt om i bygda og diverse elektriske reparasjonar.


Eliashuset

Men så – i 1950 – havna eg nede i torvmyra (Tungemyra) til ein av Utvik-bøndene. Og i januar står det eit nybygg ferdig der nede. Det står der den dag i dag. Lenge kalla dei huset for Eliashuset (Myrvang i matrikkelen).

Ved uttak av grunnen til nybygget fann eg restar etter farne tider – røter, nøter og skjelsand. Men drikkevatnet det fyrste året var te-farga. Så - etter å ha bora djupvasshol i fjellet, 20 m djup, kom det krystallklårt, kaldt og godt grunnvatn i mengdevis. Me forsynte 4-5 husstandar med vatn. Og i turre somrar kom bønder med spann og tønner og fekk vatn. Ei velsigna god torvmyr var det.


Reklamediktet

I den tida bygde dei bru over Karmsundet. Og så vart det spørsmål om kva brua skulle heita. Bonden Sigvart Skeie sende forslag til avisa: Karmsund bru. Namnet kom i avisa, men ikkje namnet hans Sigvart.

Derimot kom det ei annonse i eit eller anna blad. Annonsa lærde gjentene til Lars og Trygve i Torvastad og dei visste å bruka den i tid og utid. Ein god reklame, som var heilt gratis:

Karmsund er namnet på sund og på bru.

Namnet me likar både eg og du.

Elias er namnet med etternamn Vaage

som titt har besøk av høge og låge.

Elektrisk forretning og installasjon.

Elektrisk verkstad og reparasjon.


Fryseanlegg

For å utnytta heile kjellararealet installerte me fryseboksanlegg. Det vart plass til 100 boksar og alle vart utleigde. Det var faktsisk ”forløparen” til kjøleskap og fryseboksar rundt om i heimane i den tida (1950-åra). Den vesle bedrifta der nede i torvmyra fekk nok å hengja fingrane i. I denne tida bygde Karmsund kraftlag ut sine kraftnett både i Skåre, Vats og Utsira. For å greie alle oppdrag åt folk som ville ha innlagt lys og varme i husa sine, måtte eg forsterka arbeidsstokken til 11 mann for ei tid.

I tillegg dreiv eg vikleverkstad med oppdrag frå større og mindre bedrifter. Den første (og sikkert den siste) vikleverkstaden i Avaldsnes. Her kunne folk kome å få lada opp batteriene sine og få reparert diverse el. apparater. Likeeins var her sveising og dreiing i mindre målestokk.