Søndag 14. August 2022 - 12:15 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet. ![]() |
Gårdsdrift på GrønningenDei fleste på Grønningen dreiv truleg eit kombinasjonsyrke som gardbrukar og fiskar. Dei hadde nokre kyr, sauer, høns og ein hest på dei større bruka. Mannen hadde ansvar for utearbeidet, men i onnene måtte kona og borna vera med, både i hesjing og å køyra høyet inn i låven.
Det er ingen bekk med kvernfall på Grønningen, så bøndene i manns minne laut reisa til Trovåg i Skjold, Årvik i Tysvær eller Frugård på Stord for å få kornet male. I eldre tider ordna dei seg vel med å få nytta kvernane på grannegardane. I eldhusa hadde dei turkeomnar der dei turka kornet før dei sende det til malings. Grøningmyre er ei torvmyr som ligg oppe ved Hålandsmyre austanfor Brekkedalen. Der spadde dei torv til brensel. Frå Kvaløyne fekk dei rabbatorv. Tararetten er felles no som før utskiftinga i 1906. Det er i dag 6 gardsbruk på Grønningen. Mykje er paktet bort og blir brukt til beite for sau, ein driver med melkekyr.
Kilde: Birger Kjetland og Arnvid Lillehammer: Bygdebok for Karmøy, Torvastad. Utgitt av Bygdebokutvalget i Karmøy 1979 Noe er også hentet fra Nild Dybdal Holte sitt arkiv. |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||