Mandag 8. August 2022 - 07:20 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet. ![]() |
Gard & bygd >> Grønningen >> 3_1 De eldste minner etter mennesker >> Dei første namngjevne bønder på garden
Dei første namngjevne bønder på gardenI dei eldste skattelistene me kjenner frå 1519 og 1521, er det nemnt to brukarar på Grøningje, Ivar og Haldor. Det kan ha vore far og son som begge skatta av garden, eller to grannar som hadde to ulike bruk.
I 1563 heitte brukarane Endre og Svein. Dei betalte 1 daler kvar i leiglendingskatt. Leidangen for heile garden var i 1567 1 hud, 4 kalveskinn og 8 album. Ikring 1617-1618 budde det ein skreddar her. Han heitte Johan. I 1617 vart han idømt 1 dalar i bot for eit munnslag han gav Abraham Stongo.
Tradisjonen seier at i gamal tid var det ein mann som åtte både Torvastad, Grøningje og Sæbø. Eigaren budde på Torvastad og let ein av sønene få Grøningje til bustad og bruk, med Sæbø til utemark. Faren sjølv hadde Torvastadgarden og heldt att alle holmane for sitt eige bruk. Såleis kom desse under Torvastadgardane, seier segna. (Etter Torvald Grønningen, 1900 - 1996). Denne tradisjonen peikar såleis Torvastadgarden (Brekke?) ut som den opphavelege garden i dette området.
Noe er også hentet fra Nils Dybdal Holte sitt arkiv. |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||