Torsdag 15. November 2018 - 19:48  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Matr

Matrikkelnummer

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Brukere på bruk 1

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 134_3_201
Skrevet av John Karsten Vedø - 21.12.2008

Ola Nilsen var bruker på bruk 1 frå 1603 til 1617. Då overtok sonen Lars som var brukar til 1635. Verson til Lars, Ola Ingebretson, brukte garden til 1652. I 1649 hadde ein Bjørn fått ein part av dette bruket, men seinare kjenner me ikkje noko til han. I 1652 var Jens Jonsen her fram til 1680. Han var gift med ei jente frå Torvestad bruk 1, sjølv var han truleg frå Hagland. Han selde jordegods der i 1684.

 

Men så kom Wegnerslekta inn på garden, og det vart opphav til store slekter både her i bygda og andre stader. Og mange har nytta namnet Wegner, gjern som mellomnamn, for å syna slektskapet med den gamle Wegnerslekta. Det var altså klokkar Thomas Thomasson Wegner, son til presten Thomas Wegner i Torvastad, som budde på Grønningen i 1680 til 1698. Enkja gifte seg om att med Tore Jonsen Lande som hadde bruket til 1710. Lars, sonen til Thomas, hadde bruket i 1710-1735. Då flytte han til Torvastad bruk 1, og dermed kom det nye folk inn på Grønningen.


Men slekta kjem attende då Jon Knutsen Bø gifte seg med ei Wegnerjente, Margrete Larsdotter Wegner på Torvastad. Ho var dotter til Lars Wegner som er nemnd ovafor. Jon fekk bygselbrev i 1775 og var brukar til 1796 og døydde tri år etter. Jon var klokkar og son av klokkar Knut Jonsen på Bø.
 

Frå gamalt var Grøningje krungods. I 1660 kjøpte den danske adelsmannen Ove Gjedde det meste av krungodset i Karmsund. I 1661 fekk arvingane etter Ove Gjedde garden, og versonen oberst Frederik Gjersdorf vart sidan eineeigar. Etter Gjersdorf åtte futen Kristen Nilssen Sandborg garden ei tid. Men ved skøyter dagsette 6/3 1706 seIde han 3,5 vett (d.e. 21 spann) korn landskyld til Tore Jonson på Grøningje, og 4,5 vett (d.e. 27 spann) korn landskyld til brørne Lars og Tomas Tomassøner Wegner med 13,5 spann på kvar. Sidan har garden vore i bondeeiga. Leiglendingane Anders, Håvard og Ola var brukarar då handelen vart gjort i 1706. I 1707 avhenda Tore Jonson sin part til styksønene Lars og Tomas. For dette betalte dei 176 rd.


Kilde:    Birger Kjetland og Arnvid Lillehammer: Bygdebok for Karmøy, Torvastad. Utgitt av Bygdebokutvalget i Karmøy 1979

Noe er også hentet fra Nils Dybdal Holte sitt arkiv.