Torsdag 15. November 2018 - 19:41  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Matrikkel

liste, offentleg register over grunneigedomar

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Visnes >> 5_2 Personer >> Presten Lars Oftedal
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Presten Lars Oftedal

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 79_5_201
Skrevet av Aadne Utvik - 18.12.2008

”Synda var komen til Visnes. Det var kome noko framandt til bygda fire år før: Vigsnæs Kobberværk.”

 

Dette er sitat frå den store biografien til Berge Furre: Soga om Lars Oftedal. Band 1. (Det Norske Samlaget. 1990). Oftedal var ein mann som kom til å setja sterke spor etter seg i gruvesamfunnet. Elias Vaage kunne fortelja at det gjekk gjeteord om presten i lange tider. Folk snakka om ”Oftedalsvekkjinga” #79_7_151.

 

Eit nytt sosialt miljø

Lars Oftedal var vikarprest i berre 11 månader i Avaldsnes sokn. #86_3_301. Han hadde si første preik i kyrkja 27. mars 1870, midfastesundagen. #86_3_305.

Furre skriv slik: ”Visnes, tenkte mange når ord om synd seig ned over dei frå preikestolen. Der føregjekk det. Der var det farleg for folk, særleg når det var mørkt. Politiet måtte hentas frå Haugsund om det var fest. Der fanst ’Skjøger’. Og Visnes-folket kom ikkje til kyrkje.”

Men alt etter første søndagspreika i Avaldsnes drog den nye presten til Visnes og heldt bibellesing. Og gruvefolket kom og fylte skulehuset.

Furre seier det slik: ”Dei utanlandske sjefane tenkte det kunne vera gagnleg om arbeidarane fekk høyra eit ord om lydnad, trott og edrueleg ferd i eit sømmeleg liv. Kanskje kunne dei få enda meir kopar opp or berget. Oftedal var velkomen – i fyrsten.”

 

Visnesbuen ville ha Oftedal

Som fungerande sokneprest tok han fatt i folks moralske vandel. Furre sitarer flittig frå dagboka til presten:

”Med stor energi tok han kampen opp mot brennevinsomsetninga som florerte kring Visnes: ’Syndens Huus med Viinsalg og alskens Ugudelighed.’ Og han slo ned på mang slags umoral, oppsøkte og formante parfolk som levde saman utan vigsle og prøvde telja ’Skjøger’ inn på betre vegar.”

Oftedal skulle vera i Avaldsnes som vikar berre 11 månader. Over heile prestegjeldet vart det samla underskrifter til ein petisjon til Kongen om å få han som sokneprest. Også folk frå Visnæs Værk skreiv under. Det var personar som ”Grubearbeider” og ”Maskinsmed” opp til ”Bergkaptein”, ”Værksmester” og ”Direktør”.

 

Det grodde etter Oftedal

Då Lars Oftedal seinare kom att som reisande predikant fekk han ikke bruka skulehuset. Direktøren mente at Oftedals form var altfor streng og overspent. Oftedal har notert i dagboka si at ”stedets doktor havde desuden afgivet den erklæring, at siden min virketid i Avaldsnæs var sygeligheden blit saa meget større blandt arbeiderne der…”

Einar Kjetland har skrive eit hefte om bakgrunnen for at det blei reist bedehus i Visnes:

 

«I 1878 kalla leidarane mellom dei kristne inn til eit større møte, og saka som dryftast var, nytt bedehus i Visnes.

Her ’låg noko i lufta’ frå den store vekkjinga 1869/70, då Lars Oftedal vikarierte i Avaldsnes som stiftskapelan. Oftedal vann ungdomen for seg, og dei gilde vekkjingsongane tona i hytter og hus.»

 

Ei ukjend kjelde fortel dette om folk:

«De sang så veggene bevegedes. Hele Avaldsnes stod snart i sang. Hvor man gikk og hvor man ferdes hørtes sang, - søndag og mandag, sent og tidlig. De begynte i vuggen. Ingen som levde i de dage, glemmer den tid.»

 

Og bedehuset blei bygd alt i 1879 – eit synleg resultat av ”Oftedalsvekkjinga”. #85_5_306