Torsdag 15. November 2018 - 22:23  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
- -

Nils Dybdahl Holte si liste i Gards-historien, eksempel-hefte, er her supplert med ord som også andre har tatt i bruk i artikler i Gardsoversikt (menyen i venstre marg!)

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Lars Oftedal og Avaldsnes

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 86_3_305
Skrevet av Aadne Utvik - 18.12.2008

”Prest hadde dei venta på lenge, helt sidan oktober året før da gamlepresten, Jacob Wetlesen, vart førd i jorda etter åtte år i Avaldsnes, åtte gode år, åtte sildeår. No kom det ein som skulle vera ei kort tid, ein dei kjende.”

 

Slik skriv Berge Furre i sin store biografi. Den som avaldsnesbuen venta på og som dei syntes å kjenna var presten Lars Oftedal. Tida for møte med han var seinvinteren i året 1870. Det skulle bli 11 månader med hendingar som det lenge skulle gå gjetord om, langt ut over prestegjeldet sine grenser.

Første preika var høgmesse midfastesøndag 27. mars 1870. Bygdefolket hadde store forventningar til den nye stiftskapellanen.

 

Forventningar

Berge Furre skriv:

”To år før hadde Lars Oftedal flakka frå bryggje til bryggje i sildetida og stått og venta når fiskarane kom inn frå havet. Men helst møtte dei han når det var landlege. Da stod han inne i rorbua med fiskarane tett ikring seg. Han las og song og ropa til Gud medan stormen ylte utanfor.”

Dette sitatet fortel mykje om personen og stilen til den nye presten. Han var der folk var. Han var ”en folkets mann”.

Preiketeksten for første høgmessa i den restaurerte kyrkja var frå Johannes kap. 6 og slutta slik: ”Denne er i Sannhed den Prophet som skal komme til Verden.” Og Furre skildrar stemninga i kyrkja slik:

”Var det kome ein profet til Avaldsnes? No runga røysta i sjølve kyrkja, den dei kjende frå rorbuene. Orda var like djerve, og skar seg inn, så inntrengjande at tårene ville koma. Han tala i Herrens stad med mynde i røysta og i svart samarie. Men likevel kom talen så nær. Dei kjende att orda, dei same orda som dei nytta i båten og bua og åkeren. Snart rann skriftorda or han i ein fossande flaum saman med hans eigne folkemålsvendingar så det var uråd å skilja når orda var hans og når dei var Herrens eigne. Slik tale hadde dei ikkje høyrt før frå ein prest.”

 

Eit stort prestegjeld

Oftedal skulle ta seg av om lag 5000 menneske i hovedsoknet og om lag tusen i annekset Kopervik Ladested. Gardane på begge sider av Førresfjorden høyrde også med. Ein særleg utfordring var folket kring det nyetablerte Vigsnæs Kobberverk #79_5_210.

Bortimot 200 møte heldt han dei elleve månadene han var i Avaldsnes. Og han sto på ein annan talarstol enn preikestolen om lag fire gonger i veka.

Talet på nattverdsgjester vart dobla i hans tid. På gudstenestene har det tettpakka av folk i kyrkja. Slik skreiv han i dagboka si: ”Den 31te december bespistes omkring 100 fattige paa prestegaarden baade legemligt og aandeligt… Derefter havde vi voksensskolen paa skolehuset, og da var de saa pakket af tilhørere, at jeg maatte gaa ind gjennom vinduet.”

 

Vaksenskolen til Oftedal

Lars Oftedal inviterte alle unge som var konfirmerte til prestegarden. Der hadde han ”Voxneskole”, ein slags kristelig folkehøgskole i helgene.

Furre skriv at ”Dei kom i hundretal, jentene laurdag ettermiddag, gutane sundag kveld. Der var ’verdslege fag’, skriving og rekning. Men hovedsaka var katekisme og bibellesing, dertil song og bøn.”

Berre eit mindretal hadde lært seg å skriva så nokolunde på den skulen som fanst. Oftedal ville at dei unge skulle læra å skriva ortografisk rett og rekna, noko som ville gjera at dei kunne meistra betre eit samfunn kor skrift vart jamt viktigare. Men mest hadde vaksenskolen eit moralsk siktemål, då presten meinte at det rådde ”et vildt liv” blant ungdomen. Han ville skapa erstatning til ”de gammelt tilvandte stevnemøder ude paa veierne.”

Det ryktes om prestens helgeskole og både unge og eldre kom, også frå grannebygdene. For Oftedal blei vaksenskolen ein reidskap til religiøs vekking. Den gamle døde Pontoppidan frå konfirmasjonstida fekk nytt liv under Oftedal sitt kateter.. Han brukte målande bilete og munnleg forteljing. Det vart lagt vekt på det munnlege, evna til å finna ord for tankar i eige talemål.

 

Avaldsnesbuen ville ha Oftedal

”Han oppsøkte folk der dei var, ferdast mellom dei – og vart lika. Ungdomsflokkar fylgde han heimover etter bibellesing eller konfirmanttime, Dei kom gjerne syngjande.” Furres ord fortel om ein folkeleg og populær prest.

Lars Oftedal var vikar – stiftskapellan - ved presteskifte. Kyrkjelyden ville ikkje gje slepp på nypresten og det blei samla underskrifter på eit brev om å få han som sogneprest. Meir enn 500 ”Husfædre” frå hovedsoknet skreiv under, om lag 250 frå Kopervik (som hadde vel tusen innbyggjarar.)

Om lag halvparten av underskriftene på petisjonane var førde ”med paaholden Pen” av folk som ikkje kunne skriva namnet sitt. Frå formannskap og representantmøte i begge kommunane kom det samrøystes vedtak der dei naudbad Kongen om å nemna ut Oftedal til sokneprest: ”Paa Grund af nævnte Omstændigheder fyldes vi med Bedrøvelse, naar vi tænke paa at han skal tages fra os...”

Men Kongen ville ikkje nemna ut ein så fersk prest til eit såpass ”feitt kall” som Avaldsnes. Slike petisjonar til styresmaktene var nok ikkje uvanlege, men det var sjeldan dei fekk så breid støtte. Eit synleg resultat av den religiøse inspirasjon Oftedal gav til bygda var reising av bedehuset Karmel omkring 1878. #85_5_306.

 

Avskjed med Avaldsnes

25. februar 1871 forlet Lars Oftedal med familie prestegarden på Avaldsnes. Berge Furre skriv at ”det vart ein høgtidsdag med tårer og song.”

Åtte båtar med ungdom fylgde med over Karmsundet nord til Haugesund. Mange gjekk i land i byen og fylgde presteskyssen vidare austover til prestegarden i Skjold. Der vart vikarpresten verande i 7 månader.

”Det var solskin over Oftedals tid i Avaldsnes. Fulle kyrkjer, ei sterk religiøs folkerørsle kring den unge, energiske prest, samhald og harmoni om forkynninga hans, og sorg i avskilsstunda. Det var så ulikt det vi har lese om før frå Bergen, Cardiff og Arendal, der konfliktane bygde seg opp til han måtte reisa”, skriv Berge Furre i sin store biografi Soga om Lars Oftedal. Band 1. (Det Norske Samlaget. 1990).

Historikaren Berge Furre spør: ”Kvifor gjekk det annleis i Avaldsnes?” Vi får ei grundig drøfting av det interessante spørsmålet. Men det er ei anna historie, som ein finn svar på i boka.