Tirsdag 20. November 2018 - 13:15  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Stevnefall

Leta vera å møta i retten. Det var det bot for.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Med ku til slakt

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 81_6_501
Skrevet av Peder Jakob Kalstø - 16.12.2008

Dette er et minne for 61 år sidan. Den 23. oktober 1947 skulle me levera ei ku til slakt i Haugesund. Det blei ein tur som gav sterke minner til ein gutunge.

 


 

Ut på morgenen begynte turen. Eg var 10 år denne dagen, og det var eg som leide kua. Mor gjekk bak med ei piska til å jaga med. Turen frå Lande til Dalen gjekk fint. Det var verre då kua skulle om bord i DS Torvastad, som då låg ved Øygardskaien (også kalt Sivertskaien #85_6_501).

 

På båten

Mannskapet på båten fekk kua om bord og bandt henne til rekka. Det var skipper Mikal Risvik, som var min mors onkel, motormann Alme, maskinist Time og dekksgut Lars Storesund.

Omtrent siste året gamle 'Torvestad' fra 1911 gikk i rute fra Dalen i sør til Haugesund i nord, hadde den en dag med seg ei ku fra Lande. (Arne Steinstø sitt bilde i Torvastad, gamle glimt, bd.1)

Mamma og eg kunne gå inn i salongen. Her var det godt og varmt og masse folk som skulle til byen. Maskinrommet var bygd over med glas slik at me kunne sjå ned på den store dampmaskinen. Det var interessant for ein tiåring. Det var mange bevegelige deler som ikkje var innkapsla og eg såg stempelstag og svinghjul i bevegelse. Styrekjettingen gjekk i et u-jern bak til roret. Der nede såg eg òg fyrbøtaren som skuffa kol inn i fyren under den store dampkjelen.

Rutebåten Torvastad gjekk innom kaien i Salhus. Neste stopp var kaien til Lorents Storesund.

 

I byen

Vel framme i Haugesund gjekk turen opp til Slaktehuset etter same arbeidsfordeling som før. Då kua var levert, gjekk me opp i byen og inn på forskjellige forretningar i håp om å få kjøpa eitkvart som me trong. Det var jo ennå rasjonering på dei fleste varer, så eg trur ikkje mamma fekk kjøpt noko særleg. Det var helst "Nei, dessverre" å høyra.

Dagens høydepunkt var kaker og kaffi eller brus på Mållaget si kaffistova. Så gjekk me ned til kaien igjen og om bord i Torvastad som etter ein times tid la til kai på Dalen. Turen til Lande gjekk fort og lett utan å ha ei ku å leia på.

 

les også #145_6_501

 

U-jern = jernrenne med U-profil.

U-stål = stålbjelke med tverrsnitt som U (fra ordboka.)