Torsdag 15. November 2018 - 20:44  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Arilds tid

Eldgamal tid.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Skrobbahålå

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 140_7_101
Skrevet av Per Kåre Lande - 03.11.2008

På Karmøy har det sikkert vore ulv, eller skrubb, tidlegare. Korleis kan ein vita det? Jau, me har «Skrobbahålå» i ytste nordenden på Karmøy i Osnesgavlen. Der er ei nokså stor hola i fjellet, kloss ved sjøen, og sagnet går ut på at siste skrubben på Karmøy vart fanga der.

 

Teikning: Ulven luskar ikring på heimlege trakter.

 

Men er det rimeleg å tru dette sagnet? Ja, det er det. Høyr berre her korleis dei gjorde med skrubben på innsida av Karmsundet for omlag 100 år sidan. (red.: # lenke til Bygdelagshistorien kommer, les i «Jul på Karmøy», 1951, to avskrifter fra Avaldsnes heradstyre si møtebok 23. april 1853 og 11. mai 1855. «Det fyrste ein finn om slik jakt er i 1847 ... »)

– – – –

Det er all grunn til å tru at det tidlegare hadde vore same slags jakt på Karmøya og at dei der har klara å få ende på «styggen», og det er etter mi meining svært rimeleg å tru at «Hans Majestet» er jaga nordover til «Skrobbahålå» i Gavlen.

– – – –

Ja, kjære lesar. Har du ikkje sett «Skrobbahålå» før, så berre sjå etter når du reiser framom der. Ho er lett å sjå. Men, ver varsam dersom det er fyrste gongen. #82_7_102 For det er noko ekstra å passera «Skrobbahålå» fyrste gongen. Det er vanleg at dei eldre som er med i båten seier til dei yngre – fyrstereisgutar – «Ka e det du har fått på huå di?» Du tek utan å tenkja huva – eller sydvesten – av deg og skal sjå. Då ler dei eldre fult og seier: «Så du helse på Skrobbahålå du.» Det er skam det, må vita.

No har eg fortalt deg om dette i førevegen. Skulde du så like vel verta «lurt», så får du ta skulda på deg sjølv.

PEDER SKEIE #94_5_201

 

ps!

  1. Peder Skeie sitt stykke i nevnte julehefte heter «Ulvejakt. Den siste skrubben på Karmøy vart fanga i 'Skrobbahålå', fortel sagnet.  Berre hundre år sidan Avaldsnes organiserte jakt på skrubben.» I Osnes er skrivemåten: Skrubbahålo
  2. ulv er nevnt i #87_5_101 (red.anm.)
  3. Ny bok (2005) Drept av bjørn og ulv : en historisk oversikt over mennesker drept og skadet av rovdyr i Norge de siste 400 år. Vårt distrikt er med.