Torsdag 15. November 2018 - 20:40  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
fisker

nåtid av å fiske

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Kvalavåg >> 7_3 Sanger og stev >> Kvalavågsongen
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Kvalavågsongen

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 75_7_301
Skrevet av Aadne Utvik - Oddrun Kalstø - 19.08.2008

Peder Skeie #94_5_201 skreiv denne songen til jonsokstevne i Vikene 1953. 

Tonen er ”I fjor gjætt eg gjeitinn…” 

 

Frå Kalstø som ligg nord i havet ved Føynå

langs strender og dalar til Kvalavågsøynå

ligg Kvalavågsbygdå frå sjøen til Varen,

og enda i sør langs med Ytralands-garen. 

 

Det er ”furet og værbitt” i reinaste ore

og åker og bøar er anna enn store.

Men nøgdå her er utav fjell og av nutar,

der nora- og vestavind yler og tutar. 

 

Tenk berre på Rambaskår, Klområ og Bekkjen,

på Pikhaug og Skarvaberg, Stromp-Ola-flekkjen.

Det namn er som sannar – du treng ikkje tvila,

at folket må anna enn sova og kvila. 

 

Med vegar det var ikkje rart før i tiå,

så vidt du kom fram ifrå Kalstø til Liå.

Til by og til kyrkja du myrar laut vassa,

du elles på sjøen til alt måtte svassa. 

 

Ut-føre ligg havet med holmar og brasar,

og stormar og bylgjer mot fjellet seg krasar.

Det hender at mannen med kona – og druset –

må ryma til tryggare stad ifrå huset. 

 

Men, summarver også seg viser omsider,

sjå berre ein kveld – no ved jonsoke-tider.

Då gløymer du stormen og brotsjøars-vrimlen,

eit Alveland ser du der nord-vest på himlen. 

 

Ja, då er det fagert ved vikar og strender,

i havblikk du spegla kor du deg vender.

Med dalane grøne og lauvkledde lider.

Ja, her er vel fagert ved midtsommar-tider. 

 

Her levde då folket i ”framfarne tider”,

dei ”ætter som eldest og gløymdes omsider”.

I tru på sin Gud dei har kava og streva

med tanke på tid og med tanke på eva. 

 

Med teiner og liner og nøter og båtar

dei klara seg har på dei enklaste måtar.

Men, fiskar som friar – dei får ikkje gløyma –

dei må ikkje furta om lukka seg gøyma. 

 

Men, når det seg hende at sildå seg sansa

og gjorde si plikt og ved Kvalavåg stansa –

ja, då sko du sjå det var kasting og baling

av strilar og søring med gauling og haling. 

 

Det hende så-menn i den og gamle tia,

frå Stakk og til Sævik stod sillå og ia.

På Grotvikjå lås og ved Lammholmen kasting.

Og etterpå gjekk det med opptak og lasting. 

 

Så mangt har seg endra og tingå seg vende,

den avstengde tiå for bygdå tok ende.

Til Våjen og Vedle no vegar seg strekkjer,

med bussar og bilar i rader og rekkjer. 

 

Når året er fare ein også får sanna

at vegen til Kalstø er ferdig – med anna.

Og telefon kimar og ”lyset” det blinka,

og vakre små-gjenter ved vegen dei vinka. 

 

Igjen står no berre det einaste kravet:

I sundet ein molo som stengjer for havet,

så kjerring og ungar – om stormen han sprengjer

kan leggja seg trygt i dei heimlege sengjer. 

 

Så veit me at mellom dei berg og dei nutar,

der finns nokon karar og modige gutar,

som nytta seg kan av dei tids-nye måtar

så hamnen blir full utav farty og båtar. 

 

Så ynskjer me lukka og signing for bygda –

at framtiå alltid vil hugnaden tryggja,

at viljen til framsteg dei ikkje vil byta

men livet i samhald og trivnad dei nyta. 

 

 

 

 

Kommentarar:

”Vegar …før i tiå”: Det var Peder Skeie som i 1920-åra tok initiativ til at Kvalavågsvegen blei bygd. Han var då landets yngste ordførar.

”Vegen til Kalstø”: Den blei ferdig i 1957.

”Einaste kravet  … ein molo”: Moloen blei ferdig 2-3 år seinare.

Ja, då er det fagert ved vikar og strender,