Søndag 18. November 2018 - 01:33  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Gardsnummer

Nummer på ein matrikkelgard i ei bygd.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Skeie >> 6_1 Gårdsdrift >> Korndrift på Skeie
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Korndrift på Skeie

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 83_6_101
Skrevet av Elias Vaage - 19.08.2008

Eg har skrive ned minner som han Sigvart Skeie, f. 9.1.1894 har notert om jordbruket på Skeie frå han var barn og oppover i ungdomsåra. Han overtok og dreiv om lag halve farsgarden på Skeie. Han døde 3.2.1973, 79 år gamal. Frå noteringane til Sigvart Skeie les me dette. 

 

Det har hendt mykje meir no på 100 år enn på 1000 år tidlegare. Som bonde er eg mest kjend med utviklinga innan landbruket. 

 

 

Såinga

Når ein t.d. tenkjer på kornavl, var det i min barndom vanleg å så kornet ut med hand. Dei hadde ei vid korg som dei bar framføre seg med kornet oppi. Det var helst kvinner som gjorde det arbeidet. Kunsten å så korn var det slett ikkje alle som meistra skikkeleg. Kornet måtte såast jamt ut over, ikkje for tjukt, men heller ikkje for tynt.

 

  Ein uskriven regel som måtte oppfyllast, når det gjaldt tettheten på såkorna (såkodnene) som fall ned på moldåkeren, den lydde slik: ”Det skal vera 7 kodner i faret etter ein hestehov.”

 

Etter at kornet var sådd, kom mannen med horva og molda kornet ned.

 

  Men horva i dei dagane var ikkje rare greiene. Ei enkel trerama med nokre runde eller firkanta jernboltar i, utgjorde horva. I dildene hadde dei ein horvekrok. Når ein så kom til endes og skulle snu, flytte dei horvekroken i andre hjørna på horva. 

 

 

 

Ugrasplaga

I den tida hadde dei ikkje ”Triørrensar” til å rensa såkornet med. Og ugrasplaga var stor. Eit middel far hans Sigvart (Kolbein, bestefar vår) bruka, var å ”symja” såkornet. Det gjekk føre seg på denne måten: Han hadde ei tønna med blanding av kuland og vatn, og hadde såkornet (byggen) opp i det. Det gode såkornet søkk då til botnar. Ugraset og lettakornet flaut opp så ein kunne fløyta det av. Dette vatna dei så ut og bruka det til kretturfór.

 

  Ugrashorv eller ugrassprøyta til å fjerna ugras med, fanst ikkje i den tida. Det var og berre på einskilde åkrar ein kunne hausta matkorn av bygg. Desse stadene vart kalla byggåkeren i lange tider etterpå.  

 

 

 

Kornskurd

Når det gjeld korn-skurden i min barndom var ikkje utviklinga komen lenger enn til sigden. Seinare brukte me longorven med eit slags seil på, som la kornet i skorar. Så kom kvinnfolka eller mannfolka etter og laga bendlar. Så samla dei saman passande mengde kornaks og la det på bendlane. Så var det berre å binda det saman til eit kornband. Deretter var det å setja kornbanda i rukar i rette rader, som soldatar i geledd.

 

  Seinare vart slåmaskina tatt i bruk i kornåkrane. Fyrst utan meieapparat, deretter med meieapparat. Ei tid etter slåmaskina kom sjølvbindaren, dregne av hestar. Så kom den traktordrivne sjølvbindaren. Og så til slutt den sjølvgåande (maskindrivne) skurtreskaren.

 

  Så kom kvinner eller menn som skar kornåkrane med sigd. Ein god skjerar med sigd greidde som regel eit lass til dagen, d.v.s. i 10 timar. Då måtte ein god skjerar greia skjera 120 band for å få eit lass: I ein ruk (kornstabel) var det 6 band. Det var 5 ruker i eit skru (lik 30 band), og 4 skru i eit lass (120 band). 

 

 

 

Tresking

Før treskemaskinane vart oppfunnen (truleg ein gong på 1800-talet), gjekk treskinga føre seg med tust. Den siste som bruka tust-metoden var Ole Beite oppe i Skeie-garden. Han bygsla ein del av Risdal-bruket.

 

  Etter treskinga med tust kom treskemaskina eller piggmaskina, som dei kalla henne. Det var ei handdriven maskin med to sveivar på. Og det trongs to mann på kvar sveiv. Det var ein hard jobb å stå på sveiven, serleg dersom halmen var lang.

 

  Etter som åra gjekk, fann dei opp ymse ting og innretningar som avløyste sveivane og handamakta.