Fredag 16. April 2021 - 00:40 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.
Tilfeldig ord/uttrykk: Matrikkel liste, offentleg register over grunneigedomar Se hele oversikten her.![]() |
Stev og voggingDen gamle og populære vogga frå Skeie må minst vera 125 år gamal. Tydeleg slitasje viser godt igjen etter mange års bruk. Dei song medan dei vogga.
På Skeie var dei 10 born pluss oss tri syskina. Alle har me lege i vogga. Eg var den siste i den generasjonen som låg i Skeie-vogga. Men no (2004) er den så populær for barnebarn og oldebarn, at den er komen på reisefot landet rundt. Etter å ha vore i Skjeberg (ved Sarpsborg) er den no komen til Askøy ved Bergen.
Eit stev I gamle dagar song dei stev medan dei vogga. Det var eit godt sovemiddel.
Ro, ro, til Siraland, femten kaker og fira mann. Men då dei kom til Siraland åtte dei ikkje matagrand. Så reiste dei til ein bakar og kjøpte stomp og kaker.
Han morbror Olav Skeie fortalde, at han ofte fekk voggejobb. ”Ein gong”, sa han, ”fekk eg jobben til å vogga han litle Elias i svevn. Han skreik og ville ikkje sova.” (Vondt i magen?) ”Så vogga eg det beste eg kunne”, fortalde han morbror. ”Til slutt vogga eg så kraftig at vesleguten trilla bortover golvet!”
Ei regla Og så var det regla om sonekona, som var komen til gards. Mor til guten gav henne ikkje dei beste lovorda:
Ikkje kan hu kara, og ikkje kan hu spinna, ikkje kan hu spøta på ein badnasokk. Men ka gjere vel de’, når hu er så god te’ å bøta. Hu begjynte om måråen før folk kunne sjå, Og seint om kvelden kom botå på. Men ennå så var de’ eit hål på kne, men det var botå som ikkje rakk te’. |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||