Torsdag 15. November 2018 - 20:00  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Skjøte

Dokument som overfører eigedomsretten til ein ny eigar.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Skeie >> 6_1 Gårdsdrift >> Hjulhuset på Skeie
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Hjulhuset på Skeie

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 83_6_103
Skrevet av Elias Vaage - 19.08.2008

Det er han Sigvart Skeie (f. 09.01.1894) som har skrive ned nokre minner om jordbruket på Skeie frå han var barn og oppover i ungdomsåra. 

 

 

 

”Julhuset”

 

Far hans Sigvart, han Kolbein Skeie, var litt av ein føregangsmann og oppfinnar i så måte. Han kunne meir enn å fiska med garn og not etter sild og laks. Han bygde eit lite hus nede ved bekken. Huset vart kalla ”julhuset”.

 

  I si tid var det nok mange hjul i det huset. Kolbein Skeie jr (f. 1935) har teke vare på huset, som står på same staden den dag i dag. Hjuler og innretningar er for lengst dessverre borte og vekke av tidens tann og elde.

 

  Men noko står enno att og viser at her har det gått føre seg noko. Der laga han Kolbein (bestefar) ei lita kornmylla. Kvernsteinen vart driven av eit heimelaga vasshjul. Han laga også ei korntørka med eldstad og vassdriven kornrørar.

 

  Han Sigvart minnest at far hans laga ei treskemaskina (slagvoll) som og vart driven av vasskraft frå hjulhuset. Krafta vart overført med snorer og trisser til løa og inn på eit hjul på treskemaskina.  

 

 

 

 

Naboar

 

Denne vasskrafta vart og nytta av naboar. Han Ådne Jonasen, næraste naboen, fekk nytta vasshjulkrafta, overført med snorer og trisser til løa og treskemaskina deira.

 

  Likeeins han Ivar Nilsen oppe i Skeie-garden, 300-400 m. vekke, fekk og nyta godt av vasskrafta frå hjulhuset.

 

  Ja, like sør til han Klaus Vaage, 400-500 m. avstand. Også han fekk gjera bruk av vasskrafta. Han Klaus Vaage flytte til Hauge i Torvastad i året 1896. Han tok etternamnet Hauge.

 

  Etter det eg veit må dette med vasskraft og tresking truleg ha blitt tatt i bruk i 1890-åra ein gong, for han Klaus brukte vasskrafta før han flytta til Torvastad i 1896. Og mor vår vart fødd oppe i Skeie-garden i 1886, der besteforeldra våre då budde, før dei flytte og bygde hus og løa nede på Skeie. 

 

 

 

 

Løebygging

 

Det er fortalt at det var han Ola Kvalavåg som murte løemuren for han bestefar. Det var også han, som om lag 40 år seinare, murte opp løemuren til onkel Olav, då han bygde løa. Det må ha vore om lag 1925. Då var eg ca. 12 år gamal.

 

  Eg hugsa at eg var handtlangar og fann småsteinar til han Ola, som han skulle bruka til å ”pinna” med, som han kalla det. Han Ola var då blitt ein gamal mann, kanskje 70 år og meir. Han skolv mykje med armane og nevane, hugsar eg. Ja, til og med stemmen hans var skjelven. Snikkarane som bygde løa var Karl Kristoffersen Kvalavåg og sonen Knut. 

 

 

 

 

Vasskrafta

 

Frå den tida som smågut på Skeie var eg mykje i lag med bestefar. Og då han mol korn, fekk eg smaka på mjølet som kom ut frå kvernsteinane. Det kan ha vore i alderen 3-4 år, kanskje, omkring 1916 eller 1917.

 

  Vatnet som dreiv vasshjulet vart tatt frå bekken som rann like forbi hjulhuset. Men for å få god vassføring, fortel han Kolbein jr. etter far sin, måtte dei demma opp ei myr lenger oppe der bekkavatnet kom frå. Bestefar hadde laga til ei jordrenna som førde fram til eit slags skorsteinsliknande vassmagasin. Den står der den dag i dag på nordsida av hjulhuset.

 

  Me ungane måtte halda oss godt klar stryta, så me ikkje datt uti og for ned i stryta. Ut frå dette magasinet tok han så vatnet som dreiv vasshjulet. I ettertid kan me nok seia at utnytting av krafta kunne blitt betre med større fallhøgd enn som var tilfelle. Men likevel, dei vart godt hjelpte. I hjulhuset vart det og tillaga ein dreiebenk. Det var onkel Olav som var dreiemeister og dreidde treskåler.

 

  Ein dag fann eg på å gå på sjølvstyr. Eg ville ned til hjulhuset og snikkera. Men endelykta vart eit hoggejern inn i venstre litlefingeren. Aret etter sjulpen (eit spesielt hoggejern) kan sjåast den dag i dag. 

 

 

 

 

Hestavandring

 

Han onkel Sigvart fortel vidare om hestahjulet, som vart teke i bruk før hestavandringa kom. Det var eit snorhjul dei rigga opp utanfor løa. Derifrå gjekk det tausnorer inn på eit lite snorhjul på treskemaskina som stod inne på låven. Dei bruka to hestar, og ein gutapøyk til å køyra kvar sin hest. Snorhjulet var så høgt plassert at hestane kunne gå under det.

 

  Eit stort framsteg var det då hestavandringa kom og løyste av hestahjulet, skriv han Sigvart. Mange av dei eldre som no lever, kan hugsa det store malmhjulet med tannutveksling på. Det store malmhjulet dreiv eit lite hjul som var festa til ei stålstang med kneledd (universalledd), der det var ujamt terreng. Denne innretninga dreiv så treskemaskina ved hjelp av hesten, som gjekk rundt og rundt der utanfor løa, og dreiv det store tannhjulet. Ein liten vigetaum i betlet på hesten gjorde at han skulle gå i ring.

 

  Eg minnest som smågut at eg fekk sitja oppå hesteryggen eit par vendingar. Det var han onkel Hans Jakob som støtta meg, slik at eg ikkje skulle detta av.  

 

 

 

 

Så overtok motoren

 

Etter hestevandringa kom 4-takts parafin/diselmotoren som drivkraft for eit meir moderne treskeverk. Til slutt kom elektromotoren som avløyste diselmotoren.