Tirsdag 20. November 2018 - 12:21  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Folgebrev

Skriftleg avtale om kva sonen t.d. skal gi foreldra når han tek over garden.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Utvik >> 5_3 Hus og båter >> Bedehuset «Karmel»
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Bedehuset «Karmel»

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 85_5_306
Skrevet av Nild Dybdal-Holthe - 18.08.2008

Det gamle bedehuset Karmel låg ved hovudvegen ved sida av huset og forretningen til møbelhandler Ole Brandal, rett rett sør for rundkøyringa på Avaldsnes nå. Det stod der i 100 år og var til tider mykje brukt frå byrjinga i 1878.



 

Avaldsnes var ein sentral stad i Noreg si soge for over tusen år sidan, med kongar og slott og kyrkjer.

 

Sogesus- - !

Det er sogesus over Karmøy, og særleg over Avaldsnes. Her er minne frå utgammal tid med gravhaugar frå heidningtida til segner om tida då læra om ”Kvite-Krist” nådde kysten. Segner fortel om korleis kong Augvald frå Telemark slo seg ned på neset og dyrka ei ku som gud og gav bygda namn (Augvaldsnes som ho heitte før). Her er far etter risane som bygde og budde i haugane på ”Blodheiå”, Rehaugane og kong Augvald sitt vidkjende slag mot kong Fartegn (Ferking) lenger sør på øya.

    I ”historisk tid” møter me dei norske kongane som siglde gjennom sundet og reid gjennom bygda. På kongsgarden finn me kong Harald Hårfagre og Olav Tryggvason så vel som Heilag-Olav. Snorre fortel t.d. om Olav Haraldson som nett her laut gje Asbjørn Selsbane grid etter krav frå Erling Skjalgson frå Sola og biskop Sigurd.

    Men i 100 år har dei reisande ikkje kunna unngå å sjå det låge og kanskje lite staselege bedehuset ved vegkanten.

 

Karmel!

Eit bilete er dette: Karmel tyder hage, eller Guds vinhage. Namnet er henta frå Israel, eit 350 m. høgt fjelldrag som strekkjer seg ikring 20 km frå byen Haifa og søraustover i landet med rik vegetasjon. Det er nemnt fleire stader i Bibelen. Her er m.a. staden der Elias utfordra Baalsprestane, då Israels Gud vann siger.

 

Nyvakning

Landet vårt har vore rikt velsigna. Tidleg kom ljoset frå Gud til fjella her nord.

    Så fekk bedehusa si tid. I Skudeneshavn vart det bygt bedehus alt i 1861. Men her nord på øya var ingen.

    Fyrst skulle bygda oppleva si nyvakning. Det vart ei eineståande tid under leiing av vekkingspresten:

 

Lars Oftedal

Soga om Lars Oftedal (#86_3_305 + #79_5_210) er så nøye knytt til dette arbeidet at nokre hovuddrag om han bør vera med her. Han var fødd i Stavanger i 1838 og høyrde til ei gammal, kjend slekt som kom frå Høgsfjord. Faren var ein driftig og arbeidsam mann – han var lærar, bankkasserar og bonde. Noko av dette smitta over på guten, også Lars hadde mange jarn i elden.

    I 1864 tok han presteeksamen etter fem år som student. På same tid hadde han vore huslærar og lekpreikar på Austlandet. Etter ei tid som predikant for Bergen Indremisjon kom han til Cardiff i England som sjømannsprest. Der vart han to år. I ein tale hadde han gått til åtak på presteskapet i Noreg, noko som kom kyrkjedepartementet i Oslo for øyra. Og med det var prestetenesta slutt der.

 

Karmel vert reist

”Ved denne anledning blev disse menn så grepet av tanken om å ta arbeidet op om dette. Venneflokken blev sammenkalt og gav sitt samtykke til dette.”

    Slik heiter det i eit anonymt 50-års skrift til Karmel indremisjon i 1928. ”Denne anledning” er innviinga av Lars Oftedal sitt nye bedehus i Stavanger, ”Betania”. Fem utsendingar kom då frå Avaldsnes for å vera med om høgtida i 1875. Dei som reiste var sokneprest Th. Fr. W. Barth, Kristian Utvik, M. Madsen, Sven Skeie og Endre Hinderaker.

    Innviingsfesten i Betania var slik den direkte årsak til at Karmel vart reist. Dei fire frå Avaldsnes tenkte på å få eit slikt hus heime hjå seg. Og tanken vart til handling. Huset skulle reisast. #86_7_102

    Drivkrafta i arbeidet var Kristian Utvik, Kristian Neset, #85_5_402, som dei kalla han av di han budde på Prestaneset. ”Men heile prestegjeldet gjekk saman om den oppgåva,” skreiv sokneprest Lars Skadberg.

    I 50 års skriftet er det sagt at ”ei gammal kone på Skeie gav kr. 600,-. Det var ein stor sum, elles var det helst små bidrag som var gitt.” I same skriftet er det og nemnt at det var fru pastor Myhre som tok til med bedehusbasarane.

    Huset vart reist i 1878. Men ein finn ingen stad i korkje styreprotokoll eller kallsbok for Avaldsnes at det vart halde innviingsfest eller opningsmøte. Styre for huset vart heller ikkje vald før to år etter. Då vart og statuttane opplesne og godkjende.

    Men huset var ikkje heilt ferdig i 1878. Det var truleg økonomiske problem som gjorde at det ikkje kunne gjerast straks. Det stod eit par år før det kom bordkledning på. Då måtte huset stivast opp med opplenger, av di veggene hadde store bukter, skriv Skadberg.

 

Leiarar

Den fremste av desse var Kristian Udvig (eller Neset). Nest etter kom skomakar Jan Lindtner, #85_3_301, som også vart formann og leiar for ”Karmel” då Kristian Udvig slutta.

    Andre som var med og styrde i denne fyrste tida var Baard Baardsen Udvik, Aadne Udvig, #127_9_101, brørne Kolbein og Peder Larsen Hinderaker. Joseph Vaage var også mykje verksam på ”Karmel”.

    Endre Knutsen Hinderaker, #76_7_101, som vanleg vart kalla Endre Bakken, var med i bedehus-verksemda frå huset vart sett opp og mest til sin døyande dag i 1950. Han vart formann etter jan Lindtner og styrde lenge og trufast. Endre var ein israelitt utan svik, pla prost Rasmussen seia om han. Mange minnest han frå den tid dei gjekk på sundagsskule for han.

    Etter han har desse vore bedehusformenn etter tur: skomakar Kristian Lindtner, gbr. Bertel Vaage, gbr. Ola Utvik og gbr. Torger Sørbø, Skadberg. I jubileumsåret er Jakob Kalstø formann.

 

Huset bruges…

Statuttane (eller lovene) for huset gir klåre retningsliner for korleis huset bør brukast. Dette syner at dei var framsynte menn som stod i spissen.

    ”Formålet for dets opførelse er at yde et sted, hvor Guds-ordet overensstemmende med vor lutherske lære kan forkyndes til vækkelse og ledelse…”, står det i § 1.

    I mange eldre bedehusstatuttar finn ein paragrafar som lukkar dissentarar og vranglærarar ute frå huset. Også i Karmel sine statuttar er det klårt. Alt i § 1 er det sagt Ordet skal forkynnast i ”overensstemmelse med vor lutherske lære”.

    Eit sers interessant punkt i statuttane er § 9, og det gjeld særleg i eit flytteår. ”Huset tilhører Avaldsnes menighed, og ingen enkelt har noget ejendomskrav på det.” Med dette er vel meint at dei truande i bygda som tilhøyrer statskyrkja, skal stå som eigarar av bedehuset.

    Etter desse retningslinene kunne huset takast i bruk for alvor. Arbeidet ”i” huset kunne ta til.

 

Ny vekking

Vekkinga stansa ikkje med Oftedal. I 1885 braut det ut ei ny gjennomgripande vekking over Nord-Karmøy. Reiskap denne gong var ”kinaemissæren” Thormod Rettedal, #79_7_151, frå Høgsfjord. Andr. Nielsen frå Jelsa var og med. Han var på denne tida bakar i Kopervik. I lang tid vart Rettedal på Karmøy og opplevde ei uvanleg rik tid både på Karmel og i Visnes der han stod i ei sterk vekking hausten 1885.

    Ti år etter kom ei ny vekkingsbylgje då emissær Bertinius Røisland frå Indremisjonen var talar. ”Røislandsvekkinga greip sterkt om seg i distriktet og varde i fleire år. I 1918 var det vekking ved Alfred Hagnor og i 1927 ved Alf Olsen. I 1942 stod Hans Gilje i vekking der.

 

Bedehusarbeidet

Les ein gjennom møtebøkene for Karmel finn ein lite spor etter vekkingane. Eit unnatak er den siste vekkinga ved Olsen der det heiter i referatet: ”Vi har dette aar hatt den glæde og set mange mennesker har overgit sig til Gud. ” Vekkinga i 1942 er og nemnd der.

    I 1889/90 kom den fyrste reparasjonen. Grunnmuren måtte vølast, ein skulle mala huset og setja hengsler i eit par vindaugo ”paa beste og billigste maade”. Nå vart det sett opp kors i kvart møne, og Karmel vart innmeld i Avaldsnes Brandkasse.

    I desember 1892 fekk styret ei stor sak. Skulestyre i bygda hadde bedt om å få leige Karmel til skulerom for småklassen. ”Det besluttedes mod en stemme ikke at indvilge Samme.” Saka kjem opp att i 1894 med same resultat, men det vart omgjort seinare.

    I 1920 kom ein større reparasjon av huset ved at loftsgolvet vart teke bort. Slik vart det høgare under taket i salen. Loftet, som hadde vore nytta til bank (Lindø-banken) og snekkerverkstad, vart nå borte. I staden vart det vedteke galleri i eine enden. I tillegg kjøpte ein 4 alen jord i nordre enden av huset til eit tilbygg. Torger Sørbø gav 1 alen ekstra.

    Som ein veit vart kyrkja i Avaldsnes kamuflert under krigen. Også då vart Karmel nytta som kyrkje, mot kr. 80,- samt vask.

 

Eit nytt Karmel

Det har lenge vore klårt at det gamle Karmel ikkje kunne verta ståande der det hadde stått.

    Styret fekk tilbod om tomt som vart motteken i 1971. Ein kom fram til eit makeskifte og Karmel fekk disponera ikring 5 dekar til nybygg, ikkje langt frå barneskule og aldersheim.

    Det nye Karmel er reist ved hjelp av innsamlingar og mykje gratis dugnadarbeid for ikring 150.000 kr. Kalkylen for heile bygget ligg på over 800.000 kr.

    Her er møter og offerveker for fleire misjonsorganisasjonar. Sume av dei har årlege basarar. Juletrefestar vert halde her som andre stader, både ved sundagsskulen, ungdomsforening og ”Kirkevennene”.

    Sundagsskule, #85_7_602, har det vore her så langt tilbake som dei eldste nålevande kan minnast. Det var Endre Hinderaker og Josef Vaage som stod for den frå fyrst av. Her er fleire som har gode og kjære minne om dei. Endre Hinderaker kan eg og hugse frå mi tid på sundagsskulen, seier Thora Kolnes.

*

Avslutningsvis lenker vi denne artikkelen til forfatteren Nils Dybdal-Holthe sitt jubileumshefte http://historie-kultur.blogspot.com/2008/09/gamle-karmel_18.html

på hans blogg  (URLen/lenken legges inn i ordet jub... , og åpnes i nytt vindu. Avsnittet ordnes)