Torsdag 15. November 2018 - 22:53  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Opplata

Gi frå seg bruksretten til ein gard.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Austevik >> 5_2 Personer >> Haugianaren Per Austevik
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Haugianaren Per Austevik

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 98_5_201
Skrevet av Aadne Utvik - 12.08.2008

Eit av dei tidlegaste og mest livskraftige haugianarmiljøa i Avaldsnes ser ut til å ha vore det kring familiane Austevik og Fiskå, der Per Austevik var ein mann med stor påverknadskraft. 

 

Ein tradisjon etter Johanne Ferkingstad fortel at då presten Johan Lyder Brun kom til Avaldsnes var det alt ein større flokk haugiananar på Karmøy. Også i Avaldsnes var det mange haugiananar, blant dei Per Austevik og kona Inger.

 

  Per Fredriksen Austevik (1814-1860) var gift med Inger Malene Jakobsdotter Fiskå (1815-1896). Dei budde på br.nr. 5 i Austevik. Inger var søster til husmannen Tore Jakobsen Fiskå (1796-1855), som var til stades på skipingsmøtet til Det norske misjonsselskapet i 1842.

 

  Per og Inger var begge ivrige i lekmannsarbeidet og samla ofte folk til møte. Men Brun likte korkje Hauge eller lekmannsrørsla. Han kalla Per til seg og ba han slutta med møta – det var berre presten som skulle halda på med slikt. Per meinte på si side at ein skulle lyda Gud meir enn noko menneske. Per og presten blei såleis verande usamde.

 

I 1838 omtala Brun haugianismen som den ”udbredte Vildfarelse”. I 1842 var han framleis skeptisk til haugianarane. Seinare ser me lite til Brun sin uvilje.

 

  Våren 1845 blei Brun sjuk i nervefeber. Der blei fortalt at då han blei svært dårleg, hende det utrulege at han sende bod etter Per Austevik. Per kom, og den ulærde bonden kunne rettleia den lærde presten i levande gudstru. Etter dette fekk Brun eit heilt anna syn på lekmannsrørsla enn han før hadde hatt. 

 

Kjelde:

Svein Ivar Langhelle: Nytt syn på synd, skikk og uskikk.

 

I Langhelle og Lindanger (red.): Kongskyrkje ved Nordvegen. (Lokalhistorisk Stiftelse 1999).