Søndag 18. November 2018 - 00:25  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
- Nynorsksøk:

www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Prestehistorier

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 86_7_102
Skrevet av Elias Vaage - 21.06.2008

Minner om kva prestar har sagt og gjort vert gjerne gjenfortalt i generasjonar. Her skal me møta sokneprestane Skadberg, Hougsnæs, Hove, Rasmussen og Oftedal – og i tillegg klokkar Lindeland.

 

Lars Skadberg (1933-56)

var ein mykje klok og lærd prest. Når han var kledd i den svarte prestekjolen (samarien) kunne han virka gravalvorleg, som det sømde seg. Men elles kunne han virka humørfull, lettliva og kjapp i replikken.

 

  I den tida var det ei dame i byen som dreiv broderiforretning i Haraldsgata. Ho hadde namnet sitt på utstillingsglaset: Signe Larsen. Nabopresten i Torvastad hadde etternamnet Larsen. Då Skadberg kom heim etter ein tur tok han telefon til presten Larsen i Torvastad og sa: ”Du Larsen må vera ein mykje avhalden og god prest. For då eg kjøyrde gjennom Haraldsgata stod det med store bokstavar på eit utstillingsglas: Signe Larsen”.

 

  Ein gong var det bispevisitas på gamle Karmel bedehus. Og Skadberg måtte fram på golvet og vart ”eksamenisert” av biskop Marthiniussen om korleis tilhøvet var mellom dei ymse organisasjonane og presten, dvs kyrkja.. Jau, Skadberg let berre vel om kvar gruppe som vart nemnd. I den samanheng vart han og spurt om tilhøvet til husmorlaget i bygda. Jau, Skadberg let berre vel: ”Og forresten, så er kona mi formann i husmorlaget, og eg har ikkje hatt noko kluss med henne!”  

 

Sverre Hougsnæs (1919-33)

var ein prest som hadde ord og tale i si makt. Men bedehusfolket (dei leidande) visste godt korleis ei preik skulle vera.

 

  Gamle Kristian Lindtner var ein trufast bedehus- og kyrkjemann. Då gudstenesta var slutt, kom Hougsnes ein gong ned og helsa på Lindtner: ”Nå, hva synes du om prekenen i dag, Lindtner?” ”Ja, hu måtte mest vara såpass”, svara Lindtner.

 

Endre Hove (1907-18)

var truleg den som fekk starta den kristlege ungdomsforeninga i bygda. Det er fortalt at nokre ungdomar kom saman for å danna eit frilynt ungdomslag. Men då presten kom under ver med det, kom han desse ungdomane i forkjøpet. Han sette straks i gong med å få til eit kristeleg ungdomslag.

 

  Foreninga vart så tilslutta Norges kristelige ungdomsforbund og fekk namnet Avaldsnes kristelige ungdomsforening. Det vart ein samlande stad for unge og litt eldre på gamle Karmel bedehus. Dei skipa til m.a. konfirmantfestar, juletrefestar, 17. mai-festar og friluftsfestar om sommaren.

 

Rasmus Rasmussen (1891-1907)

var på ein menighetsfest på gamle Karmel bedehus (ca. 1937). Han fortalde litt frå den tida han var prest i Avaldsnes.

 

  Ein gong besøkte han ei eldre kona som låg til sengs. Etter å ha samtalt med henne om åndelege ting, spurde han henne om ho ynskte å motta nattverden. Men då snudde kona seg til veggen. Presten spurde henne ein gong til. Då svara kona: ”Kor mykje kosta det?”

 

Lars Oftedal (1870-71)

var stiftskapellan berre 1. år, men med han fylgde det vekkingar. Det var mange unge og eldre som vart med. Og vekkingssongar kunne høyrast overalt, seint og tidleg. Dei gamle fortalde om ”Oftedalsvekkinga”. Vekkinga låg ”liksom i lufta”. #85_5_306

 

Lindeland – klokkar og prest

Det var 5 sirdalsbønder som ville tena seg nokre ekstra kroner på sildefiske ved Karmøy. Derfor drog dei lite båtvante bøndene nordover og kom opp gjennom Karmsundet. Men dei traff på uver, ein forrykande nordvestvind. Dei forliste utfor Bukkøy. Berre ein av dei fem kom seg i land. Han slepte seg oppover mot næraste huset, som var prestegarden. Det var ein tettbygd, velvaksen kar med tunge, slepande steg, gjennomvåt og berrhovda. Ein tresko og ein lersko hadde han på føtene. Og med våte kler klint inntil kroppen.

 

  Presten Johan Lyder Brun (1832-48) gjekk mannen i møte, fekk han inn i huset, og fann turre kler og mat til mannen. Mannen fortalde så om hendinga. Namnet hans var Torkel Bjørnsen Lindeland frå Sirdal..(Meir om denne hendinga kan ein lesa i boka Sirdalspresten av S. Anker-Goli.)

 

  Torkel vart verande i prestegarden som huslærar i 2 år. Han tok lærareksamen og vart lærar og kyrkjesongar i bygda, og vart den fyrste seminarist i Avaldsnes.

 

  No vart det bygd skulehus (seinare det gamle kommunehuset). Og Torkel Lindeland flytte inn i huset med si unge kone Gjertrud Oline Nyborg (20) frå Kopervik. Han var 13 år eldre enn henne. Dei fekk 9 barn.

 

  Bernt Andreas var nr. 4. Det var han som blei den kjende ”Sirdalspresten”. Han vart gift med den unge Karoline Bryne (19) frå Visnes, dotter til verksmester Bryne på Vigsnes Kobberverk.

 

  Bernt Andreas Lindeland studerte i fleire år. Det var prest han ville bli. I studieåra opplevde han både vekking og omvending. Han var i den tida med på både stormøter og småmøter rundt omkring. Han var som oftast saman med kjende menn og stortalarar som td. Bernt Støylen og Andreas Lavik.

 

  I påskehelga 1877 kom Støylen og Lindeland til Avaldsnes for å ha møter. Ein heilag eld brandt i hjarto til båe to.  Det var i skulestova i kyrkjebygda dei hadde dei fyrste møtene. På det fyrste møte, som hadde samla fullt hus, låg det spenning og forventning i lufta. Det møte må ha vore vellukka, for Lindeland blei verande i bygdene rundt omkring ei stund framover.

 

  Men studiene ville han fortsetja med. Det var prest han ville bli. Og så – endeleg ein dag hadde han fullført presteutdanninga. Og etter ei tid stod han der i den vakre Sirdalsbygda som prest.