Tirsdag 20. November 2018 - 12:54  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
- Nynorsksøk:

www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Meland

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 94_1_101
Skrevet av Aadne Utvik - 30.05.2008

Meland er garden i midten, mellom dei større gardane Kolstø og Håvik. Meland har alltid vore bondegods. Same ætta har site som sjølveigarar der heilt frå 1600-talet.

 

*****


På kartskissen over
matrikkelgarder i tidligere
Avaldsnes kommune
(fra 1965 Karmøy) er
Meland markert
med gul farge

 

1838 - 1851: Matr.nr. 7.

1851 - 1886: Matr.nr. 35.

1886 - 1965: Gnr.35.

1965 -        : Gnr.94.

 


 

Kva namnet tyder

Beliggenheten mellom Kolstø i nord og Håvik i sør, som begge er større gardar, forklarer gardsnamnet – garden i midten.

 

Om landskapet

Meland ligg mellom Kolstø og Håvik og er ein heller liten gard. Han strekker seg frå Karmsundet i aust med eit smalt innmarksbelte inn til Håvagjerd, men vidar seg derifrå sørover inn til Hårbjørg (64 moh). I dag har garden ei svært kort sjølinje, men opphaveleg var Klafthus eller Draland ein del av Meland, slik at sjølinja eigentleg var det mangedobbelte av det ho er i dag.

     Kanskje Meland vart skilt ut som eigen gard alt før folkevandringstid, og at tunet vart lagt ein stad nær der bnr. 1 og 3 har husa sine i dag.

 

Om næringsgrunnlaget

Kjeldene viser at slektene på Meland har hatt god økonomi. Garden har vore sjølveige og ein svært fruktbar gard. Folka som budde der gjennom århundra har vore dyktige. Det ser ut til at fiske og sjøfart har spela ei stor rolle.

     Grunnlaget for god velstand fanst likevel på land. I 1668 er det sagt at Meland var ”hjelpelig til korn, eng og mark” og hadde ”ilding til fornødenhed”. Landskylda var berre 16 spann korn, men i 1775 gav kornavlinga heile 6 foll, så kvaliteten på åkeren var god.

     Ved teljinga i 1865 sådde dei på Meland heile 1 tønne bygg, 20 ½ tønner havre og 10 ½ tønner poteter, og dei hadde 4 hestar, 15 kyr, 82 sauer og 3 griser på garden. Brukarane må ha utnytta utmarka til det ytterste.

 

Om eigedomsforhold

Så langt tilbake som vi veit, var Meland bondegods, faktisk ein av dei få gardane på øysida i Avaldsnes. I 1600-åra åtte Tore Larsen på Fosen 2 vetter korn i Meland. Frå Tore og kona Karen gjekk garden truleg over til dottera Eli og ektemannen Morten Simonsen. Dei flytte seinare til Austrei.

     Ein systerson til Eli, Lars Rasmussen, fekk så bygsle jorda, men også han flytte tilbake til Austrei. Dotter hans Ingeborg og mannen hennar, Rasmus Halvorsen, tok så over på Meland. Etterkomarane deira har seinare site som sjølveigarar på Meland.

     Like til 1840 finn vi berre ein brukar på Meland. Då tok brødrene Endre og Bendik Rasmussøner over kvar sin halvedel. Eit tiår seinare vart jorda delt i tre bruk, og heilt på slutten av 1800-talet vart så bnr. 3 fråskilt bnr. 4 og 5.

     Klafthus vart fråskilt Meland i siste halvpart av 1700-talet og har fått si eiga gardssoge.

 

Kjelde:

Arnvid Lillehammer: Bygdebok for Karmøy. Avaldsnes I. Dreyer Bok/Bygdebokutvalget for Karmøy. (Stavanger 1991).

 

Lokalisering – Meland – Klikk kartet øverst og se FORSTØRRELSE.

På kartskissen over matrikkelgarder i tidligere Avaldsnes kommune (fra 1965 Karmøy) er Meland markert med gul farge