Torsdag 15. November 2018 - 19:41  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Helmingsmann

Ektemann som har sameige med kona.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Dei fyrste på Klafthus

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 95_3_201
Skrevet av Rasmus Skeie - 21.05.2008

Utskillingen av garden frå Meland hende for berre eit par hundre år sidan. Grunnen til at så vart gjort har ein nokså spesiell bakgrunn  - kalla ”Faderlig kjærlighed”. 


På kart vil ein sjå at Meland er frådelt det grunnarealet som ligg til sjøen. Dette er truleg noko sermerkt. Sjøen var både sambandsveg og viktig for matforsyninga i eldre tid.

Utskiljinga skjedde i 1755. Då overdrog Rasmus Halvorsen garden sin strandsone med flygjande grunngjeving til si dotter Borghild (Borgille): ”… som av Gud er hjemsøkt med en skade udi det ene ben, så hun dessformedelst ei kan påregne at blive forseet”.

Degnen Widding oppdaga både Borghild og eigedomen. Det vart giftarmål og to born kom til verda. Bruket, som frå fyrst av vart kalla Klafthus, seinare Draland, vart kort tid etter utvida med tilliggjande strandsone av Håvik. Etter muntleg tradisjon vart denne gitt som dåpsgave.

Det må då kunna tilføyast at Borghild må ha hatt meir enn berre ”Faderlig kjærlighed” slik det stod i skøytet frå Meland.

Sjøhusgrunn og ei bryggje vart halde av til Meland.