Mandag 8. August 2022 - 06:43 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet. ![]() |
Klafthus (Draland)Klafthus er ein liten gard som har si spesielle historie. Grunnen til at det offisielle namnet Klafthus, til dagleg berre er kjend som Draland, er særlig spesiell.![]() Klikk og se STØRRE KART På kartskissen over matrikkelgarder i tidligere Avaldsnes kommune (fra 1965 Karmøy) er 95 Klafthus markert med gul farge.
Om landskapetKlafthus eller Draland er ein liten bit av garden Meland som vart fråskild i 1769 og matrikulert hausten 1795. Det er det vesle neset som skyt ut rett aust frå heimemarka på Meland. Det ligg langs stranda eit lite stykke inn i Håvik sin eigedom. Kva namnet tyderDet opphavelege namnet er Klafthus. Endinga kan tyde på at her har vore hus og busetnad også i mellomalderen. Men kva ”klaft” skal stå for, er ei gåte. Namnet Draland tok ein av dei mennene med seg, som gifta seg hit. Det er ei oppkalling etter garden Draland i Sokndal, der ein av desse mennene kom frå. Om næringsgrunnlagetDet viktigaste for dei som budde på Klafthus, var nærleiken til sjøen. Det var frakteskipparar og sjøfolk. Dei betalte strandsitjarskatt og la seg opp mykje pengar ved fraktefart langs kysten. Brukaren i 1865 hadde 1 hest, 3 kyr, 9 sauer og ein gris, og sådde ¼ tønne bygg, 3 tønner havre og 1 ½ tønne poteter. Om eigedomsforholdEngel Ellefsen, den første som gifta seg hit, gifta seg med enka etter kaksen Ola Engebretsen på Søre Våge (Øygarden). Ho var eldste dotter til Rasmus og Ingeborg på Meland. Engel let etter seg mykje jordegods med partar i fleire gardar i Nord-Rogaland. Denne slekta sat på Klafthus like til 1881, og det særmerkte er at slekta i kvart ledd vart ført vidare gjennom ei kvinne. Kjelde:Arnvid Lillehammer: Bygdebok for Karmøy. Avaldsnes I. Dreyer Bok/ Bygdebokutvalget for Karmøy. (Stavanger 1991).Lokalisering - Klafthus (Draland). Forstørre bilde øverst! På kartskissa over matrikkelgardar i tidlegare Avaldsnes kommune (frå 1965 Karmøy) er Klafthus markert med gul farge. |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||