Torsdag 15. November 2018 - 20:05  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Arilds tid

Eldgamal tid.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Visnes >> 7_1 Fortellinger og sagn >> Historier frå vekkingstider
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Historier frå vekkingstider

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 79_7_151
Skrevet av Elias Vaage - 20.05.2008

Dei gamle fortalde om Oftedalsvekkinga. Vekkinga låg ”liksom i lufta”. Denne vekkingsbylgja nådde også Visnes. Der hadde dei kristne samlingar rundt om i heimane og i skulehuset. Men flokken av kristne auka, og dei måtte ha større lokale å samlast i. Då fekk dei låna danselokalet. Men etter eit visst klokkeslett måtte dei vera ute av huset sundagskveldane, då dansen tok til. Det var då tanken om eit bedehus kom opp. Og i 1879 stod eit stort flott bedehus ferdig.


Så kom den store vekkinga i Visnes. Dei gamle snakka mykje om
Rettedals-vekkinga, som gjekk over Karmøy. Biskop Heuch kalla Karmøy ”De helliges ø”.

     Det var bondeguten Thormod Rettedal frå Høgsfjord i Ryfylke, som i 1885 kom til Visnes og det vart stor vekking. Den tok til i dansesalen under dansen. Under tvil om dei kjem levende ut att går Rettedal og venen hans, Andreas Nielsen, inn i dansesalen. Nielsen tok til å syngja. ”Å at jeg kunne min Jesus prise”. Rettedal blir med han og dei syng alle versa.

     Hendinga vidare utover kvelden kan ein lesa om i Vårløysing av Oscar Handeland og delvis gjengitt i Visnes bedehus 1879-1979 av Einar Kjetland.

     I 1918 vart det også vekking på Visnes bedehus. Eg som liten visnesbu på 5-6 år hugsar litt av den. Det var emisær A. Norheim frå Haugesund som var der i lengre tid. Det var mange i ettertid, som snakka om han eller ho som vart med i den vekkinga.

     Han Kornelius Hauge fortalde frå eit bønemøte dei hadde: ”Då var Den Hellige Ånd så sterk, at bedehuset skolv” (slik det står i Apg.).

     I 1937-38 var det og vekking på bedehuset. Det var pastor Aanestad frå NMS, som skulle ha nokre møter. Og det enda med stor vekking. Huset var til tider stappe fullt. Talaren var der i vekevis og månader. Og mange kom med, både unge og gamle. Ole Schrøder var ofte med og sang og spela.

     Ein gamal gruvearbeidar hadde tidlegare vore stuert til sjøs. Han sa det slik: ”Eg har vore ute i hardt ver til sjøs, men så hardt ver som det har vore her i vekkinga på bedehuset, har eg aldri vore med på - serleg den kvelden gav eg meg over til Gud.” Men for at han skulle bli heilt løyst i kristentrua, måtte han slutta å drikka vin og bli berusa. Dette kunne ikkje gjerast på nokon anna måte enn å ta vinankeret og tøma vinen ut. Og det vart gjort.